Nyheter

Vedum kjem med straumhjelp til internatskular

HØGE REKNINGAR: Regjeringa snur. Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum gjev straumhjelp vidaregåande skular med internat. Dei skal få pengar frå støtteordninga til regjeringa.

– Det er krevjande tider for internatskulane. Med dette grepet blir det litt mindre krevjande, seier Trygve Slagsvold Vedum til Vårt Land.

Sist veke fortalde Vårt Land at mange rektorar på internatskular ikkje veit kvar dei skal finne pengar som kan dekkje galopperande straumrekningar.

– Eg stålset meg for å møte hausten og vinteren, for straumprisen gjer det svært krevjande å drive ein vidaregåande skule med internat, fortalde Morten Thomassen, rektor ved Tomb videregående skole i Østfold, som er eigd av Normisjon.

Får høve til å søkje om refusjon

Leiaren i Senterpartiet og finansministeren har lytta til naudropa frå dei vidaregåande skulane som også driv internat. Difor endrar regjeringa ei statleg støtteordning.

– Internatskulane får høve til å søkje straumstøtte, forklarar Vedum.

Frå Troms til Agder ligg det 18 vidaregåande skular som også har internat for elevar som bur vekke frå heimen. Alle er eigde av frivillige organisasjonar.

På Tomb jublar rektor Thomassen når Vårt Land fortel om straummeldinga frå regjeringa:

– Eg er utruleg takksam. No ser regjeringa den store samfunnsverdien av internatskular, og eg slepp å velte straumutgifter over på elevar og foreldre.

Rektor Morten Thomassen på Tomb videregående skole.

Pengar kjem i haust

– Når trer endringa i kraft?

– No. Lotteri- og stiftelsestilsynet får melding, frå Kulturdepartementet, om at internatskulane skal med i ordninga, og søknadsfristen som gjekk ut 7. september blir utsett, slik at skulane som også driv internat skal få søkje støtte allereie i haust, utdjupar Vedum.

Tilsynet forvaltar ordninga til frivillige lag og organisasjonar som regjeringa oppretta med bakgrunn i dei ekstraordinære straumprisane.

Tidlegare i år søkte nokre friskular og fekk støtte. Men så kom det ei innskjerping frå Lotteri- og stiftelsestilsynet: Sjølv om eigarane av internatskulane er frivillige organisasjonar, kan dei ikkje søkje straumstøtte, for skuleinternat er ikkje ei lovpålagt oppgåve.

No varslar Vedum at dei blir innlemma i ordninga.

Kunnskapsdepartementet sa nei

Privatskulane får statsstøtte til sjølve skuledrifta, 85 prosent, men ikkje ei krone til å drifte internata. Difor må elevar på internatskular betale for kost og losji og skulepengar.

– Høgare straumprisar kan sjølvsagt dekkjast inn med høgare skulepengar, men ingen skuleeigarar ønskjer at berre velståande skal ha råd til å gå på ein internatskule, sa generalsekretær Jorunn Hallaråker Heggelund i Kristne Friskolers Forbund.

Kunnskapsdepartementet opplyste sist veke til Vårt Land at internatskulane må klare seg utan statleg straumhjelp. Ei veke seinare får dei ei handsrekning likevel.

Her møtte eg unge frå heile landet, i eit sterkt fellesskap, på ein skule som hadde ein tydeleg verdiprofil

—  Trygve Slagsvold Vedum, om året på internatskule

Sterkt fellesskap med verdiprofil

Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum har sjølv gått eit år på internatskule, på Tomb i Østfold.

– Kva er dine beste minner frå internatet?

– Her møtte eg unge frå heile landet, i eit sterkt fellesskap, på ein skule som hadde ein tydeleg verdiprofil.

Vedum seier at sjølv om internat ikkje er lovpålagt, er det viktig å halde på skular med internat.

– Mange distriktsungdommar må uansett flytte heimanfrå for å gå på vidaregåande, då er internatskular svært gode alternativ. Mange internatskular tilbyr også linjer som rekrutterer elevar nasjonalt. Difor er det viktig at internatskulane klarar seg no når straumprisane er høge.

---

Internatskular

  • Frå Troms til Agder ligg det 18 vidaregåande skular som også har internat for elevar som bur vekke frå heimen. Alle er eigde av frivillige organisasjonar, flest av Misjonssambandet.
  • Privatskular får statsstøtte til drifta av sjølve skulen, 85 prosent av utgiftene, resten blir dekt av skulepengar frå elevane.
  • Internatdrifta er ikkje lovpålagt, så elevane sjølve må betale for kost og losji.
  • Bortebuarstipendet frå Lånekassen dekkjer det meste av internatskostnadane til elevane.

---

Har søkt om 62 millionar

  • Då søknadsfristen til den statlege støtteordninga for lag og organisasjonar gjekk ut 7. september, hadde 4.549 søkt støtte, opplyser Lotteri- og stiftelsestilsynet.
  • Samla søkjer dei om å få nesten 62 millionar kroner for perioden april til juni. Tilsynet fortel at det truleg kjem fleire søknadar i neste runde, for straumprisane har gått opp i sommar.
  • Straumstøtteordninga til regjeringa gjeld i perioden april 2022 til mars 2023, og det blir ein søknadsrunde kvart kvartal.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter