Nyheter

Elevar må betale for straumkrisa – blir dyrare å gå på internatskular

HØGE STRAUMREKNINGAR: Skru opp elevbetalinga, stengje ned internat, ta inn færre elevar – internatskulerektorar fortvilar over alternativa. Frå regjeringa kjem det ikkje økonomisk hjelp.

Rektor Morten Thomassen driv økonomisk balansekunst. Kor mykje kan han auke elevbetalinga for å dekkje galopperande straumprisar før elevar sluttar fordi skuleåret blir for dyrt? Frå regjeringa får han ikkje hjelp.

– Eg stålset meg for å møte hausten og vinteren, for straumprisen gjer det svært krevjande å drive ein vidaregåande skule med internat, fortel Morten Thomassen.

– Og når regjeringa ikkje vil gje internatskulane straumstøtte, blir det vanskeleg å finne pengar til rekningane.

Rektoren på Tomb videregående skole i Østfold viser Vårt Land rundt på skuleinternatet som totalt husar 170 elevar. Mange 15-16-åringar må flytte på internat for å få akkurat den landbruksutdanninga Tomb tilbyr.

Elevar lovar å spare straum

Martha Forsetlund er mellom dei. I dag har ho klassevenninna Ingrid Reese på besøk på internatet når rektor bankar på. 120 elevar bur ikkje på skulen.

Jentene byrja på Tomb i august, begge på vg1 i naturbruk. Etter kort tid har dei lært seg å spare straum.

– Eg skrur av lyset når eg går ut av eit rom, fortel Forsetlund.

– Eg skal dusje mindre, eg kan ikkje dusje kvar dag, lovar Reese.

Forsetlund bur seg også på å bruke dei varme kleda i skåpet.

– Allereie no er det så kald om morgonen at eg må ta på ei jakke når eg står opp.

Nesten gratis straum i nord

Frå Troms til Agder ligg det 18 vidaregåande skular som også har internat for elevar som bur vekke frå heimen. Alle er eigde av frivillige organisasjonar, mange av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Medan rektoren i nord knapt ofrar straumrekningane ein tanke, tenkjer skuleleiarane i Sør-Norge på knapt anna.

– Eigaren av Tomb, Normisjon, har ikkje høve til å trø støttande til, og skulen har alltid hatt ein sjølvstendig økonomi, forklarar Thomassen.

Rektor Morten Thomassen på Tomb videregående skole.

Prisane går ein veg, oppover

Kristne Friskolers Forbund (KFF) slo alarm allereie i januar: Sterkt stigande straumpris truga drifta av privatskular med internat.

– Men regjeringa viser ikkje vilje til å hjelpe, seier generalsekretær Jorunn Hallaråker Heggelund i KFF.

I år har straumrekninga berre blitt større månad for månad, og prisen skal ytterlegare opp utover hausten og vinteren, varslar kraftanalytikarane.

– Totalt brukar skulen kring 1,5 millionar KWh årleg, opplyser rektor Thomassen på Tomb.

Eg skrur av lyset når eg går ut av eit rom

—  Martha Forsetlund, elev på Tomb videregående skole

Regjeringa avviser straumhjelp

Støre-regjeringa varsla tidleg i år at privatskular ikkje vil få statleg straumhjelp. Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) opplyste i eit brev til Stortinget at skulane må klare seg sjølve:

«Ettersom private skolar mottar tilskudd direkte fra staten, har ikke den enkelte kommune eller fylkeskommune ansvar for å eventuelt å kompensere for høye strømutgifter.»

Frivillige organisasjonar kan søkje statleg straumstøtte, fristen går ut onsdag. Men sjølv om skuleeigarane er frivillige organisasjonar, kan dei ikkje bruke ordninga, fortel Lotteritilsynet som forvaltar straumstøtta:

«Strømforbruk knyttet til utføring av offentlig lovpålagte oppgaver på oppdrag fra stat, fylkeskommune eller kommune» «blir ikke kompensert».

Kunnskapsdepartementet opplyser til Vårt Land at internatskulane må klare seg utan statleg straumhjelp.

Smertegrense for skulepengar

Privatskulane får statsstøtte til sjølve skuledrifta, men ikkje ei krone til å drifte internata. Difor må elevar på internatskular betale for kost og losji og skulepengar

– Høgare straumprisar kan sjølvsagt dekkjast inn med høgare skulepengar, men ingen skuleeigarar ønskjer at berre velståande skal ha råd til å gå på ein internatskule, seier Heggelund i KFF.

Eit anna alternativ er å ta inn færre elevar, slik at internatkostnadane går ned, men den vegen ønskjer ingen skular å gå.

Rektor Morten Thomassen på Tomb videregående skole.

Stipend dekkjer mykje

Eit skuleår på Tomb videregående skole kan koste 85.000 kroner:

  • Enkeltrom på internatet: 3.900 kroner per månad, i ti månader: 39.000 kroner.
  • Dobbeltrom på internatet: 3.200 kroner per månad, i ti månader: 32.000 kroner.
  • Kost for internatelevar: 3.100 kroner per månad, i ti månader: 31.000 kroner
  • Skulepengar: 1.500 kroner per månad, i ti månader: 15.000 kroner.

Men fordi elevane får bortebuarstipend frå Lånekassen, blir rekninga for skuleåret langt lågare enn 85.000.

No må finansministeren stå ved lovnaden

—  Morten Thomassen, rektor Tomb videregående skole

Varslar endring i elevbetaling

Den kraftige prisveksten på straum har fått rektor Thomassen til å ta fram kalkulatoren. Han må rekne ut kor mykje skulen må krevje inn i auke kost- og losji-pengar.

– Elevane, eller foreldra deira, må bu seg på å betale litt meir. Akkurat kor mykje veit eg ikkje, men summen kan ikkje stige for mykje ut frå kva me sa at skuleåret skulle koste.

Konkret er Thomassen redd for at tilleggsrekninga skal ende med at elevar sluttar fordi året på internatskulen blir for dyrt.

– Og frå Lånekassen er det lite hjelp å hente. Bortebuarstipendet går ikkje opp i same takt som straumprisen.

I Lånekassen får Vårt Land opplyst at alle spørsmål om stipend må rettast til Kunnskapsdepartementet.

tomb

Eks-elev Vedums lovnad

Snart kjem statsbudsjettet for neste år. Tomb-rektoren har ei von om at ein av skulens gamle elevar tek ansvar for kva han sa som opposisjonspolitikar.

– Då Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum var her sist, lova han å sikre skular som Tomb trygge, levelege kår. No må finansministeren stå ved lovnaden.

---

Internatskular

  • Rogaland: Tryggheim vgs., Lundeneset vgs., Skoleskipet Gann.
  • Agder: Drottningborg vgs., Kristen vgs. Vennesla, KVS Bygland, KVS Lyngdal.
  • Vestland: Framnes vgs., Kongshaug musikkgymnas, Sygna vgs.
  • Vestfold og Telemark: Gjennestad vgs., Kvitsund vgs.
  • Viken: Tomb vgs., Tyrifjord vgs.
  • Møre og Romsdal: Vestborg vgs.
  • Trøndelag: Øya vgs., Val vgs.
  • Troms og Finnmark: Nordborg vgs.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter