Nyheter

Annie valde Magdalena - Centern tapte stort

VAL I SVERIGE: Borgarlege Centerpartiet og Annie Lööf peika på Socialdemokraterne og Magdalena Andersson før valet, og blei valets store tapar. No vil Lööf ha open dør til både høgre og venstre.

Ei veke før valet viste Centerpartiets leiar Annie Löof styrkje:

I Expressens tillitsmåling fekk Löof tillit hjå 30 prosent av veljarane – eit tal som låg svært mykje høgare enn partiet ho leiar, som på målingane blei notert til å få mellom seks og åtte prosent av røystene.

Men vel framme i vallokala, valde mange veljarar andre parti enn Lööfs.

Med nokre få valdistrikt igjen å telje, ser Centerpartiet ut til å ende på 6,7 prosent – noko som er ned heile 1,9 prosentpoeng samanlikna med valet i 2018, som var partiets beste på 34 år.

Socialdemokraterna er Sveriges største parti, og går fram 2,2 prosentpoeng til ei oppslutning på 30,5 prosent.

Tok veljarar frå Lööf

Mange sentrumsveljarar valde heller å røyste på Socialdemokraterna, er Lööf eigen analyse dagen etter valet.

For: Som Sveriges første kvinnelege statsminister hadde Magdalena Andersson sterk tiltrekkingskraft, seier Lööf.

Tala bak tala viser at 20 prosent av dei som røysta på Centern i 2018, røysta i år på Socialdemokraterna.

Centerpartiet hadde altså ikkje så mange lojale veljarar. Berre 40 prosent av dei som røysta på partiet i år røysta på Centern i 2018.

STOCKHOLM, SVERIGE 20180912.
Centerns partiledare Annie Lööf (C), Moderaternas partiledare Ulf Kristersson (M), Kristdemokraterna Ebba Busch Thor (KD) och Liberalernas partiledare Jan Björklund (L) under en pressträff med Alliansen i riksdagens presscenter i Stockhol. 
Foto: Henrik Montgomery/TT / NTB scanpix

Centern skifta side

Under leiing av Annie Löof har Centerpartiet prøvd dei fleste posisjonar i svensk politikk.

Etter valet i 2006 var dei med i den borgarlege koalisjonsregjeringa, leia av Fredrik Reinfeldt frå Moderaterna, som styrte fram, til 2014. Lööf sjølv var næringsminister.

For fire år sidan stod borgarlege og liberale Centerpartiet saman med dei tre andre borgarlege partia og søkte regjeringsmakt gjennom Alliansen – utan å vinne fram.

Etter valnederlaget skifta Lööf side, frå opposisjon til nesten posisjon. Centern blei eit støtteparti for den sosialdemokratiske statsministeren Stefan Löfven.

Har vidopne dører

I haust gjorde Lööf Centern til eit posisjonsparti på raudgrøn side. Ho peika på sitjande statsminister, Magdalena Andersson, som den beste statsministeren. Og ho tok eit stort steg til, bort frå den borgarlege leiren, bort frå dei gamle politiske venene i Alliansen:

Centerpartiet er også klare til å sitje i regjering med sosialdemokratane. Avgjerda skapte store overskrifter i svenske medium – og høyrbar murring i eigne rekkjer.

Dagen derpå vedgår Lööf at vel mange centernveljarar heller røysta på sosserna.

Men partileiaren angrar ikkje. Til Expressen seier ho at Centerpartiet skal vere eit «midtenparti», som kan samarbeide både til høgre og venstre, for hennar dør er open i begge retningar.

Det overordna målet er framleis glasklart: Halde Sverigedemokraterna unna makta.

Me treng eit breiare samarbeid der både moderatar og socialdemokratar faktisk utnyttar den store majoriteten, 70 prosent oppheld seg i den breie midten i svensk politikk

—  Annie Lööf, leiar Centerpartiet, dagen etter valet

Inviterer til sentrumsforlik

Som leiar av eit sentrumsparti vil Lööf vere brubyggjar, for partia må samarbeide på tvers av blokkene om ein skal klare å handtere energikrisa, ta Sverige inn i Nato og møte lågkonjunkturen som nå rammar Sverige.

Men til Dagens Industri avviser Lööf å snakke om alternative regjeringskonstellasjonar. Ho nøyer seg med:

– Me treng eit breiare samarbeid der både moteratar og sosialdemokratar faktisk utnyttar den store majoriteten, 70 prosent oppheld seg i den breie midten i svensk politikk.

---

Centerpartiet

  • Skipa i 1921 under namnet Bondeförbundet,
  • Har sidan 2011 vore leia av Annie Lööf (39).
  • Har tradisjonelt tilhøyrt den borgarlege sida av politikken, men har i seinare år svinga over på raudgrøn side.
  • Blir på fleire område sett på som Senterpartiets søsterparti, men har også mykje felles med Venstre. Partiet er for svensk EU-medlemskap.
  • Gjekk til val på klimapolitikk, som kutt i utslepp og auka satsing på nye, grøne jobbar, distriktspolitikk med mellom anna satsing på samferdsel og breiband i tillegg til likestilling.
  • Slagord: För Sveriges bästa.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter