Nyheita om helsa til dronninga prega møte i Parlamentet
Statsminister Liz Truss og Labour-leiar Keir Starmer var midt oppi ein debatt om energikrisa då dei fekk meldinga om dronning Elizabeths helsetilstand.

Truss la fram ein kostbar plan for å hjelpe innbyggjarane med straum- og gassrekningane då nyheita spreidde seg blant representantane. Regjeringsmedlem Nadhim Zahawi gav statsminister Truss ei kort oppdatering, medan Starmer fekk overlevert ein lapp. Deretter forlét Starmer salen og kom tilbake med eit svart slips.
Like etter kom speaker i Underhuset, Lindsay Hoyle, med ei fråsegn der han gav uttrykk for dei beste ønskjer for dronninga på vegner av representantane.
Annonse
– Ho og kongefamilien er i våre tankar og bøner no, sa han.