Nyheter

Muftien som ble frontkjempar i Ukraina: – Eg fylgjer profetens eksempel

BØNN: Moskeen i Aust-Ukraina var ein gong møteplass for lokale ukrainske muslimar. No blir bønna leia av ein fersk soldat.

– Eg bestemte meg for at eg ikkje vil rømma. Eg ville kjempa.

Det fortel Said Ismahilov til nyheitsbyrået AP, som intervjua han i juli. Han er ein muslimsk spirituell leiar i Ukraina og har tittelen mufti, ein type islamsk jurist.

43-åringen er fødd og oppvaksen i Donetsk i austlege Ukraina, men flykta derfrå under den russiske offensiven i 2014. Han slo seg ned i Butsja, forstaden til Kyiv hvor overgrepa som rysta verda i mars fann stad.

g

Men då Russland invaderte Ukraina i februar, var han klar for å kjempa for landet sitt.

Alt mot slutten av fjoråret starta Ismahilov å trena med lokale forsvarsgrupper. Då hadde det komme mange åtvaringar mot at Russland kom til å slå til mot nabolandet.

Han starta jobben med å frakta såra frå frontlinjene, ein jobb han skildrar som ei «fortsetting av mi spirituelle plikt ovanfor Gud».

– Profeten var sjølv ein krigar, så eg fylgjer hans eksempel og vil heller ikkje flykta eller gjemma meg. Eg vil ikkje snu ryggen til.

Tatarar og konvertittar

Ein prosent av befolkninga i Ukraina er muslimar, men på Krym er talet heile 12 prosent. Denne halvøya vart ulovleg annektert av Russland i 2014.

Også i austlege Ukraina er det ein stor muslimsk befolkning. AP skriv at det er resultatet etter fleire migrantbølger der folk søkte mot området for å jobba i gruver og på fabrikkar.

r

Konflikten i Aust-Ukraina pressa mange muslimar frå Donbas og Krym til å flytta til andre deler av landet.

Moskear på russiske hender

AP møter Said Ismahilov i moskeen Kostjantynivka under markeringa Eid al-Adha — ei viktig høgtid i islam. Dette er den siste gjenverande moskeen på ukrainsk territorie i regionen Donbas. Ismahilov seier til AP at det er rundt 30 moskear i regionen, men at dei fleste no er kontrollert av russarane.

Moskeen pleidde å vera samlingsstad for den lokale muslimske befolkninga på fleire hundre menneske. No har mange av dei flykta.

Under markeringa Eid al-Adha var fleirtalet soldatar. Gruppa var samansett, både tatarar frå Krym og ukrainske konvertittar frå Kharkiv, Kyiv og Vest-Ukraina var til stades.

«Allah gav dei ikkje rett til dette»

I preika bad Ismahilov dei frammøtte om å hugsa på muslimar som bur i russisk-okkuperte territorie.

– Det er mykje frykt. Krigen held fram og me har ikkje aning om kva som skjer i dei okkuperte områda eller kva som er situasjonen for muslimane der, sa han.

MOSKÉ: Raketter flyr gjennom lufta over Medina-moskeen i Konstantinovka.

I intervju med AP kalla Ismahilov dei russiske muslimane som er med på invasjonen, for «kriminelle». Det inkluderer den berykta bataljonen til tsjetsjenske Ramzan Kadyrov.

– Dei syndar. Dei kjem som mordarar og okkupantar av eit territorie som er heimen for ukrainarar og ukrainske muslimar. Det kan ikkje rettferdiggjerast. Allah gav dei ikkje rett til dette. Dei må svara for alt dette framfor Gud.

Frå advokat til ambulansearbeidar i frontlinja

45 år gamle Olha Bashei var ein gong advokat i hovudstaden Kyiv. No er ho ambulansearbeidar ved frontlinja i Donbas.

Ho konverterte til islam i 2015, og fortel AP at ho ser på den nye jobben som hennar heilage kamp – jihad.

– Denne krigen er min krig. Eg forsvarer min jihad fordi eg har nevøar, eg har ei mor og eg forsvarar landet mitt. Eg vil ikkje at nevøane mine nokon gong skal sjå det eg har sett i denne krigen, seier ho.

KONSTANTINOVKA: Said Ismahilov (i midten) sammen med Olga Bashei (t.h.) og imam Haji Murad (t.v.).



Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter