Kinesisk by innstiller hundrevis av fly etter eitt mistenkt koronatilfelle

Den kinesiske byen Guangzhou har innstilt hundrevis av flyreiser og lanserer massetesting av 5,6 millionar menneske etter berre eitt mistenkt koronatilfelle.

Publisert Sist oppdatert

Kina står ovanfor det verste koronautbrotet i landet sidan toppen av den første smittebølgja i 2020. Byar blir nedstengde og flygingar kansellerte som følgje av dette.

Under landets «null-covid»-strategi har Kina brukt nedstengingar, massetesting og reiseavgrensingar hyppig for å stanse vidare smitte. Strategien ser ikkje ut til å fungere like effektivt no sidan det er den svært smittsame Omikron-varianten som herjar.

I Shanghai har innbyggjarane måtta halde seg inne i vekevis for å slå ned eit større smitteutbrot. Det austlege Shanghai har registrert dusinvis av daglege koronarelaterte dødsfall, og hovudstaden Beijing har stengt av heile nabolag der det er påvist smittetilfelle dei siste dagane.

Torsdag vart det registrert 11.367 nye smitta i landet, over 10.000 av desse vart registrerte i Shanghai. Det er eit lågt tal samanlikna med andre store land, men likevel nok til at styresmaktene i landet har slått full alarm.