Nyheter

UDI: Flyktningar som klagar er unntaket

FLYKTINGAR: Mottaksapparatet har travle dagar. På ei veke kjem det no like mange flyktningar som det vanlegvis kom på eit år. – Det har ikkje vore problemfritt, vedgår UDI.

– Men vi prøver så godt vi kan, seier direktør for mottak og retur i Utlendingsdirektoratet (UDI), Borghild Fløtre.

Borghild Fløtre er direktør for Mottak og retur i UDI.

I vekene som har gått sidan Russland sette i gong ein fullskala invasjon av Ukraina, har 13.000 flyktningar komme til Noreg. Meldingane om eit overbelasta system og eit uførebudd mottaksapparat har vore mange:

Køane har vore lange og registreringa tek for lang tid, mottaka held for låg standard, informasjonen er for dårleg. I periodar har det vore kaotiske tilstandar på det nasjonale mottakssenteret for flyktningar i Råde.

– Det er vår hovudoppgåve å sørgje for at flyktningane blir godt varetekne når dei kjem til oss, seier Fløtre.

Ho vedkjenner at dei første vekene med flyktningstraum frå Ukraina ikkje har vore problemfrie.

Lyser ut nye stillingar

Samstundes seier UDI-direktøren at dei byrja å ta tak i utfordringane med ein gong. Det har ikkje berre handla om å skaffe husrom. Vel så mykje handlar det om å byggje opp ein organisasjon som dei siste åra har handsama eit par tusen asylsøknadar i året, til å ta imot om lag like mange i veka. Då treng ein meir folk.

UDI byrja med ein gong med å omdisponere tilsette frå eigen etat, og å låne inn frå andre etatar. No tilset dei også fleire.

– Stillingane som no er utlyst er på eitt år. Forventar de at trykket i denne flyktningbølgja skal vare så lenge?

– Vi veit like lite som alle andre om korleis denne krigen vi utvikle seg. Men erfaringa frå bølgja vi opplevde i 2015 er at det også er mykje arbeid etter at folk har slutta å komme.

– Burde ein ha halde på meir av det mottaksapparatet ein bygde opp i 2015, slik at ein hadde hatt betre beredskap for nye kriser, slik som den vi er i no?

– Alle som har jobba i UDI ei stund veit at dette går i bølgjer. Derfor har vi beredskapsperspektivet med oss, og derfor har vi halde på regionsstrukturen i mottaksapparatet etter den førre krisa, for å vere klare til å trå til. Men folk kan ikkje gå rundt utan arbeidsoppgåver i fleire år medan ein ventar på nye bølgjer, understrekar Fløtre.

Flyktninger må blant annet registrere seg med fingeravtrykk. Prosessen kan ta lang tid. Foto: Javad Parsa / NTB

Delar ikkje kritikk mot politiet

Ein del av kritikken som har komme dei siste vekene har vore retta mot Politiets utlendingseining (PU). Dei har ansvaret for å registrere asylsøknadane frå dei ukrainske flyktningane. Før flyktningane er registrert, har dei ingen rettar i Noreg.

Trass i at det er blitt gjeve kollektivt vern til alle ukrainske statsborgarar – noko som sterkt forenklar sakshandsaminga samanlikna med vanlege asylsøknadar – så registrerte ikkje PU meir enn 390 personar om dagen i gjennomsnitt den siste veka.

Vi veit like lite som alle andre om korleis denne krigen vi utvikle seg

—  Borghild Fløtre, direktør for mottak og retur i Utlendingsdirektoratet (UDI).

Likevel meiner ikkje Fløtre at PU er nokon flaskehals i mottakssystemet:

– PU har gjort ein god jobb med å omorganisere seg, og vi har eit godt operativt samarbeid.

Ho seier at situasjonen som var i byrjinga, med lange køar for å komme inn på mottakssenteret i Råde, og enkelte som vart verande på senteret i dagevis utan å bli registrert, no er langt meir under kontroll.

Når køsituasjonar framleis kan oppstå, er det fordi mange bussar med flyktningar kjem til mottakssenteret på same tid. Fløtre kjem med ei sterk oppmoding til dei som hentar flyktningar i Polen og Romania om å varsle PU når dei er på veg, for å unngå slike situasjonar.

Klager er unntaket

Vårt Land har tidlegare skrive om flyktningar på mottaket i Råde som opplever at informasjonen dei får er for dårleg. Fløtre seier ho er klar over problemet, og at dei prøvar å gjere meir.

– Vi har laga det vi meiner er gode informasjonspakkar til dei som kjem, og vi set fleire av våre folk på bakken i mottaka for å informere. Men behovet for informasjon er umetteleg, seier ho.

– Er dei vi og andre medium skriv om som klagar på korleis dei blir mottekne unntaket eller regelen, meiner du?

– Det er ikkje tvil om at asylmottaka held det som vi kallar ein «nøktern, ansvarleg standard». Men slik vi opplever det, er stemninga roleg og god på mottaka. Frå vårt perspektiv er dei som er misnøgde unntaket, seier Fløtre.

Meiner etterslepet minkar

Dei siste vekene har det komme om lag like mange flyktningar per dag, som PU har klart å registrere. Likevel er det eit langt etterslep etter dei første vekene, då tilkomsten var langt høgare enn kapasiteten til å registrere dei som kom. Det er no om lag 13.000 ukrainske flyktningar i Noreg, men berre om lag 9.000 av desse er registrert.

På spørsmålet om etterslepet er aukande eller minkande no, svarar PU i ein e-post at dei den siste veka har registrert fleire søknader enn talet på nye personar som har meldt seg for å søkje om kollektivt vern. Talet på dei som ventar registrering er altså fallande.

Eit nytt registreringssenter på Gardermoen kjem i drift i mai, og totalt har eininga fått 450 nye stillingar sidan flyktningstraumen starta. Rekrutteringa til desse stillingane skal allereie vere godt i gang.

Ved full kapasitet skal senteret kunne registrere opptil 200 asylsøkjarar om dagen. Planen er å ta imot ukrainske asylsøkjarar som blir omfatta av den mellombelse ordninga om kollektivt vern.

Frå før blir ukrainske asylsøkjarar registrert ved det nasjonale mottakssenteret i Råde i Viken og i dei åtte politidistrikta Agder, Sørvest, Vest, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark. Samtidig skal Innlandet og Søraust politidistrikt kunne registrere flyktningar lokalt.






Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter