Nyheter

Krigsflyktningar nektar å reise til Nord-Norges mest militariserte område

KRIG I UKRAINA: Dei førebudde seg på Bodø, men blei omdirigerte til Bardufoss. – Me har flykta frå krig, me kan ikkje bli sendt til Nord-Norges mest militariserte område.

GARDERMOEN: Elena held sonen Maxim på ti månader trygt inntil seg, rettar på lua – og forklarar at gruppa med 22 flyktningar frå Ukraina slett ikkje er kresne når det kjem til bustad.

– Men å bli sendt til Bardufoss er me ikkje budde på. Me har flykta frå krig, me kan ikkje bli sendt til Nord-Norges mest militariserte område. Det vil stresse oss endå meir, forklarar ho.

Rundt henne står kvinner og barn som skal finne fotfeste i eit nytt land, langt borte frå ektemenn, brør, søner som er igjen i Ukraina og kjempar mot ein russiske invasjonshæren.

Spør etter informasjon

Elena er talskvinna for gruppa med 22 ukrainske flyktningar på hotellet på Gardermoen som er blitt mottak. Ho kom til Norge midt i mars med to søner.

No ventar Elena, sønane, og dei andre 19 på at nokon skal fortelje dei kva som ventar. Kvar skal dei reise? Og når?

– Det at ingen fortel oss kva som skal skje, er slett ikkje bra, seier Elena og legg til:

– Me flykta til Norge fordi landet er kjent for å ha ting på stell, for at det sikrar folk like rettar.

Me flykta til Norge fordi landet er kjent for å ha ting på stell

—  Elena frå Ukraina
Thon Hotell Gardermoen. Ukrainske flyktninger vil ikke bli sendt til Bardufoss.

Bodø blei til Bardufoss

Måndag blei Elena og sønene bussa til Nasjonalt ankomstsenter i Råde i Østfold for registrering. Dei stilte seg i kø klokka ni på morgonen og var ferdige med siste post ved midnatt.

– Me fekk beskjed om at me måtte overnatte i Råde, på senteret, så skulle me reise vidare neste dag.

Den vesle familien fekk neste morgon vite at dei skulle bli frakta til flyplassen på Gardermoen for å reise vidare med fly, til Bodø, til eit nytt mottak.

– Men på flyplassen stod det ikkje Bodø på skjermen på utgangen. Det stod ingenting, og då eg spurde kvar me skulle, var svaret «sjekk ombordstigingskortet», fortel Elena.

– Der stod det Bardufoss, ein stad ingen i Råde hadde nemnt for oss.

No hadde Elena og sønene blitt ein del av gruppe på 22 som heldt saman. Nokre hadde møttest i Råde, andre på bussen til flyplassen eller på flyplassen.

Nord-Norges største militærleir

Informasjonen dei henta fram frå sosiale medium og nettsøk, gjorde dei faste i trua: Me reiser ikkje til Bardufoss. Me kan ikkje bu ein stad der militæret er så synlege i kvardagen.

Bardufoss garnison er den største militærleiren i Nord-Norge. Garnisonen omfattar Bardufoss flystasjon og hærleirane Heggelia og Rusta. Sjølv seier Forsvaret at «saman med Setermoen og Skjold leirar, er Bardufoss eit militært kraftsenter i nord».

– Der og då, på flyplassen, nekta me å reise til Bardufoss. Noko som blei akseptert. No er me på hotellet og lever i uvissa, fortel Elena.

Vårt Land har presentert opplysningane og kritikken frå Elena og gruppa på hotellet på Gardermoen for UDI. Direktoratet opplyser fredag at dei ikkje har kapasitet til svare.

Fredag kveld snakkar Vårt Land med Elena igjen. No har ho og gruppa med flyktningar fått munnleg beskjed om at dei må reise til Bardufoss for der er ikkje alternativ. Men dei har ikkje fått melding om når, berre at billettane nordover kjem snart.

- Meldinga stressar oss verkeleg, det er ikkje bra å bli behandla slik. Me kan ikkje reise dit, seier tobarnsmora

Bur seg på 35.000

Norge bur seg på ta i mot 35.000 flyktningar frå Ukraina, men regjeringa seier dei kan klare opp mot 100.000 om det blir naudsynt.

Utlendingsdirektoratet har registrert vel 11.000 ukrainarar i Norge etter at krigen braut ut for fem veker sidan.

Flyktningane fordeler seg på to grupper: Dei som bur på mottak og hotell, og dei som bur privat. UDI har ikkje fullstendig oversikt over dei som bur privat, så det totale talet er høgare enn 11.000.

---

Ukraina-krigen

  • Ukraina har eit folketal på 43 millionar.
  • Over fire millionar har flykta frå landet, 2,3 millionar til Polen.
  • Over 11.000 har komme til Norge.

---

Gjev flyktningar eID

Regjeringa innfører eID for flyktningar frå Ukraina med kollektivt vern, slik at dei raskt kan få tilgang til digitale tenester levert av til dømes Nav, Lånekassen eller Helse-Norge. Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) får 26 millionar kroner til prosjektet.

For å få ferda ut ein godkjent eID er det strenge krav til identifikasjon, og det vil også gjelde for flyktningar frå Ukraina. Den einskilde må møte opp fysisk på eit statleg ankomstsenter og vise pass.

Direktør Steffen Sutorius i Digdir fortel at eID vil gjere livet i Norge enklare for ukrainarane.

– Det vil vere ein stor fordel både for flyktningane og for forvaltninga, til dømes når det skal sendast ut brev om busetjing i Norge.

Kommunar vil busetje

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) har bede kommunane busetje 35.000 flyktningar i år. 275 kommunar har svart på oppmodinga innan fristen 31. mars.

Dei har vedteke å busetje til saman om lag 23.292 flyktningar i 2022. Fleire kommunar som ikkje har svart, har meldt tilbake at dei er positive til oppmodinga, men at dei ventar på politisk behandling i kommunestyret. 60 kommunar har bede om utsett frist.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter