Moderaterna: Russiske diplomatar må utvisast omgåande
Moderaterna krev at Sverige utviser russiske diplomatar omgåande, medan utanriksminister Ann Linde seier at regjeringa enno ikkje har bestemt seg.
Det er hendingane i den ukrainske byen Butsja som ligg bak kravet, der sivile er funne drepne i bygatene, og døde menneske er funne i massegraver etter at russiske styrkar forlét byen.
Tyskland og Frankrike har meldt at dei kjem til å utvise diplomatar som svar på det som har skjedd. Linde seier at Sverige vurderer å gjere det same.
– Men vi treng òg å bli verande på ambassaden vår i Moskva. Det er òg viktig. Vi prøver å støtte frivillige organisasjonar som framleis kan jobbe i landet, og som har kontakt med opposisjonen, sa Linde til SVTs Aktuellt måndag kveld.
Leiaren for det borgarlege opposisjonspartiet Moderaterna er ikkje samd og peikar på at ti russiske diplomatar allereie er utpeika som spionar av svensk tryggingspoliti, Säpo.
– Det er ein reell trussel, og det er openbert at ei avgjerd må takast omgåande, seier Kristersson til Svenska Dagbladet.