Ny partimåling: Nedgangen held fram for regjeringspartia
Arbeidarpartiet og Senterpartiet held fram nedgangen på ei ny partimåling. Samtidig går Høgre mest fram.

Ap krympar med 1,7 prosentpoeng til 20,9 prosent, ifølgje målinga som er gjennomført av Norstat på vegner av NRK og Aftenposten.
Sp går på si side ned med 0,6 prosentpoeng til 8,5 prosent.
– Eg trur at når du har regjeringsansvar i ei tid der folk opplever at det blir dyrare straum, det kan bli dyrare mat, og prisen på pumpa går opp og ned, så er det ikkje uvanleg at dei som sit med ansvaret, får eit trykk av det, seier statsminister Jonas Gahr Støre til NRK.
Dersom dette hadde vore eit valresultat, ville regjeringa ha mista 20 mandat på Stortinget, og dei raudgrøne ville berre hatt fleirtal med støtte frå MDG. Samtidig rykkjer Høgre solid fram med heile 2,4 prosentpoeng til 27,3 prosent. Erna Solbergs parti er på denne målinga heile 6,4 prosentpoeng framfor Ap.
For resten av partia er oppslutninga slik: Frp 12,5 (+1,6), SV 7,8 (-0,1), Raudt 6,9 (-2), KrF 4,6 (+0,4), MDG 4,2 (+0,8), Venstre 4,1 (-0,2), Andre 3,2 (-0,8).