Nyheter

Nordmenn som vervar seg til Ukraina mistar tryggingsnettet

KRIG I UKRAINA: Å verve seg til krigen i Ukraina kan få alvorlege konsekvensar. Nav gjev ikkje støtte til båretransport og gravferd for dei som døyr. Verva kan miste medlemskapet i folketrygda.

Dei som allereie er i Ukraina eller som vurderer å reise austover for å kjempe, bør verkeleg tenkje seg grundig om, meiner Øystein K. Wemberg, generalsekretær i Veteranforbundet SIOPS – Skadde i internasjonale operasjoner.

– Det finst mange måtar å støtte Ukrainas kamp på, seier han til Vårt Land.

Norge har to veteranforeiningar. Veteranforbundet SIOPS – Skadde i internasjonale operasjoner og Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO).

Både Siops og NVIO er blitt kontakta av veteranar som vurderer å reise til Ukraina for å engasjere seg i humanitært arbeid eller direkte i krigen. Difor kontakta dei Forsvarsdepartementet, Statens pensjonskasse og Nav for å klargjere konsekvensane.

Er ikkje yrkesskadedekka

Svara Siops og NVIO særleg har fått frå Nav, fortel at opphaldet som soldat i Ukrainas framandlegion kan få alvorlege økonomiske konsekvensar for veteranar:

  • Død: Ved dødsfall i Norge kan pårørande få støtte til båretransport og gravferd. Nav opplyser at «dette vil ikke dekkes dersom personen dør i Ukraina».
  • Yrkesskade: Nav seier at «personer som reiser for å delta eller hjelpe til i forbindelse med krigen i Ukraina er ikke yrkesskadedekket».
  • Folketrygda: Nav fortel at dersom nordmenn «tar arbeid i utlandet, opphører medlemskapet som hovedregel straks man kommer i arbeid. Dette kan muligens være aktuelt dersom man for eksempel blir ansatt i det ukrainske forsvaret. I så fall vil man miste medlemskapet i folketrygden frå det tidspunktet man begynner å arbeide».
  • Alle som oppheld seg i utlandet i meir enn 12 månader, mistar medlemskapet i folketrygda.
  • Sjukepengar: Nav understrekar at «Ukraina er ikke er et EØS-land, og Norge har heller ikke noen trygdeavtale med Ukraina. Personer som oppholder seg i Ukraina kan derfor som hovedregel ikke få utbetalt sykepenger under oppholdet».
  • Dei som fekk sjukepengar før utreise frå Norge, kan miste denne retten når dei vender heim til Norge.

Forsikringar ugylde i krig

I ei melding til medlemmene i Siops skriv foreininga på eiga heimeside: «Konsekvensene kan bli store ved skader, og tenk igjennom det på forhånd.»

Siops minner også om at private ulukkes- og reiseforsikringar ikkje gjeld for verva som deltek i krig.

Danmarks Veteraner åtvarar også mot vervinga: «Er du dansk veteran? Og evt. skadet veteran, der har fået udbetalt en erstatning eller er på offentlige ydelser, risikerer du at miste alle ydelser og herunder få frakendt din erstatning og skal betale dette tilbage», melder organisasjonen.

Statens pensjonskasse opplyser at slik er det ikkje i Norge: «Slik regelverket er utformet kan vi ikke se at det er hjemmel for å kreve erstatning tilbake.»

---

Veteranar

  • Sidan 1945 har kring 100.000 nordmenn vore ute i internasjonale operasjonar.
  • Mange har kamprøynsle frå krigen i Afghanistan.
  • Nordmenn kan lovleg kjempe for Ukraina, seier generaladvokaten.

---

HÆR

Bad om frivillige soldatar

Krigen var ikkje mange timar gammal før Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj gjekk ut i sosiale medium og oppmoda frivillige verda rundt til å melde seg som soldatar til ei ny avdeling, ein ukrainske framandlegion.

Vel ei veke ut i krigen opplyste Ukrainas ambassade i Norge, til Vårt Land, at opp mot 100 nordmenn hadde vist interesse for å verve seg som soldat og kjempe mot den russiske invasjonsstyrken.

Få dagar seinare fortalde Ukrainas ambassadør til Norge at mellom 100 og 150 nordmenn var i landet eller var på veg.

Melder om nordmenn

Damien Magrou er talsmann for framandlegionen. Han fortel NRK at i arbeidet med å lose rekruttar inn i legionen, ser han at mange har kamprøynsle frå Afghanistan, Syria, Irak og andre konfliktsoner.

Han er overraska over det høge talet verva frå nordiske land:

– Mange nordmenn, og mange frå Finland.

Men Magrou vil ikkje konkretisere tala.

Hadde eg vore 15 år yngre, så skulle eg meldt meg frivillig til å kjempe på ukrainaranes side inne i Ukraina

—  Robert Mood, pensjonert generalløytnant og Forsvarets første veteraninspektør

Ville reist til Ukraina

Viljen til å stå opp for Ukraina, med våpen, er sterk mellom dei som har vore ute i internasjonale operasjonar.

– Eg sa til ei forsamling for eit par dagar sidan at hadde eg vore 15 år yngre, så skulle eg meldt meg frivillig til å kjempe på ukrainaranes side inne i Ukraina. Definitivt, sa pensjonert generalløytnant Robert Mood til NRK førre veke.

63-åringen med konfliktrøynsle frå Kosovo, Syria og FNs observatørkorps i Midtausten blei i 2011 første sjef og første veteraninspektør for Forsvarets veteranteneste.

– Kva seier du til at Forsvarets første veteraninspektør forsvarar frivillige, norske soldatar til Ukraina, Wemberg?

Generalsekretæren i Veteranforbundet SIOPS er klar:

– Mood skal få svare for seg sjølv. Men som sagt; det finst mange måtar å støtte Ukrainas kamp på.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter