Nyheter

KrF-politikar meiner Ukraina skapar blodbad for å skaffa sympati

UKRAINA: Daniel Myhren Hovind sit i leiartrioen til Trøndelag KrF. På Facebook omtalar han Ukraina som «et vestlig marionetteregime» og kritiserer at Noreg sender våpen til landet.

«Jeg kjenner jeg er irritert over det som skjer i Ukraina nå.»

Daniel Myhren Hovind

Slik startar KrF-politikar Daniel Myhren Hovind eit innlegg på si eiga Facebook-side 8. mars. Her kjem Hovind, som er andre nestleiar i Trøndelag KrF, med sin analyse av krigen i Ukraina.

I innlegget skriv han at «Russland er presset i et hjørne» og at «Vesten har fortjent Russland sin mistillit». Ukraina omtalar han som «et vestlig marionetteregime». Han er kritisk til at landet deler ut våpen til folket som han omtalar slik:

«Ukraina sin utdeling av våpen har lite militær nytteverdi og er nok en strategi for å skape et blodbad for å skaffe sympati.»

Han avsluttar med: «Jeg er trist over at vi i Norge skal prøve å hjelpe til med blodbadet med å sende våpen.»

Får støtte frå Olufsen-Mehus

Daniel Myhren Hovind vart nyleg gjenvald som andre nestleiar i Trøndelag KrF og er første vara til KrFs kommunestyregruppe i Melhus.

Innlegget har skapa debatt, og vart først omtala av Adresseavisen.

Fylkesleiar i Trøndelag KrF, Geirmund Lykke, kommenterer på Facebook-innlegget med at han synest det er «påfallende og urovekkende» at Hovind vurderer krigen ut frå Putins narrativ. Han har ein klar beskjed til KrF-kollega Daniel Myhren Hovind:

«Du må avklare ditt syn på Ukrainas rett til å gjøre sine egne valg.»

Samstundes haustar Hovind støtte frå mange på innlegget. Éin av dei som er positive, er den kontroversielle fylkesleiaren i Troms og Finnmark, Truls Olufsen-Mehus.

Olufsen-Mehus lovprisar Hovind for å ha gjort ein «grundig analyse» og sett seg godt inn i «denne sakens sider og historikk»

Trekker parallellar til Nazi-Tyskland

Også på Twitter har Daniel Myhren Hovind kommentert krigen, mellom anna ved å trekka parallellar mellom Ukraina og Nazi-Tyskland.

5. mars delte han ein avisartikkel på Twitter om at Ukraina rekrutterer utanlandske frivillige til hæren. I ein kommentar skriv han at «Ukraina ser ut til å kopiere Rhodesia sin løsning med utenlandske soldater og tyskere med sin volkssturm.»

Rhodesia er det tidlegare namnet på Zimbabwe, frå tida då landet var styrt av eit kvitt mindretal.

Volkssturm var ein tysk milits som vart oppretta mot slutten av andre verdskrig. Styrken stod utanfor den regulære forsvarsmakta og var underlagt SS-sjefen Heinrich Himmler.

Trur Ukraina plasserer militære styrkar nær sårbare mål

Til Adresseavisen seier Hovind at han «prøver å forstå hvorfor krig virket mest fornuftig for Russland, slik at vi kan unngå lignende situasjoner i framtida.»

Han seier han trur at krigen kunne vore unngått, om Ukraina ikkje hadde vore så ivrig på å søka vestleg samarbeid, som med Nato og EU. Når Adresseavisen spør om han meiner Ukraina må skulde seg sjølve for invasjonen, svarer han:

– Eg kan ikkje gjere anna enn å oppfatte at dei vala som er tatt har leia fram til situasjonen vi har i dag.

På spørsmål om kva han meiner med at Ukraina prøver å «skape et blodbad for å skaffe sympati», svarer han: «Den beste muligheten for Ukraina nå, er å få støtte fra Vesten.»

Hovind seier at han trur Ukraina har teke militære grep for å få Russland til å gjere ting som skaper sympati for Ukraina. KrF-politikaren viser mellom anna til at styrkar kan vere plassert ut nær sårbare mål, for å deretter bruke dette for å skape sympati når sårbare mål blir trefte.

Hovud får òg spørsmål om kva side han står på i krigen, men vel å ikkje svare Adresseavisen.

– Det viktigaste for meg er at vi endar opp med ei god løysing for alle partar, svarer Hovind etter eit nytt spørsmål om kva side han står på.

Vårt Land har prøvd å få kommentarar frå Hovind, men han seier at han ikkje ønskjer å seie noko meir i denne saka.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter