Russiske fly har krenkt svensk luftrom
Russiske jagarfly krenkte svensk luftrom onsdag, opplyser det svenske forsvaret.
I alt fire fly kom inn i svensk luftrom, opplyser det svenske forsvaret på nettsidene sine.
Det svenske flyvåpenet sende ut jagarfly for å avskjere dei russiske jagarflya, som skal ha vore av typen SU 27 og SU 24.
Annonse
– Dette viser at beredskapen vår er god. Vi var på plass for å sikre den territorielle integriteten og Sveriges grenser. Vi har full kontroll over situasjonen, seier sjef for flyvåpenet, Carl-Johan Edström, i ei pressemelding.
Krenkinga av luftrommet var kortvarig og skjedde over havområda aust for Gotland.
– Med tanke på den noverande situasjonen ser vi svært alvorleg på hendinga. Det er ein uprofesjonell og uansvarleg handlemåte frå russisk side, seier Edström.