Nyheter

Eks-utanriksminister: Noreg bør vurdera kollektivt vern

KRISE: Knut Vollebæk var utanriksminister då Noreg gav tusenvis av Balkan-flyktningar kollektivt vern. No ber han regjeringa vurdera det same for flyktningar frå Ukraina.

Ukrainarar står i kilometerlange køar for å koma seg ut av landet. FN anslår at sju millionar ukrainarar er drivne frå heimane sine.

No aukar presset på at Noreg skal bruka paragraf 34 i Utlendingslova. Den opnar for å gje kollektivt asyl i periodar med masseflukt.

I helga bad Flyktninghjelpen og Noas regjeringa om å børsta støv av paragrafen. No får dei støtte av tidlegare utanriksminister Knut Vollebæk:

– Ein bør vurdera å bruka paragraf 34 i denne situasjonen. Eg går ut frå at regjeringa vil vurdera det. Det vil letta på trykket for nabolanda.

– Det er viktig at Noreg stiller opp

På 1990-talet tok Noreg i mot 21.000 flyktningar frå Balkan. Dei fekk mellombels kollektivt vern etter paragraf 34 i Utlendingslova.

8000 av desse flyktningane var kosovoalbanarar og kom til Noreg i 1999. Då var Knut Vollebæk utanriksminister for KrF.

Han håpar og trur at regjeringa vil bruka paragrafen som kan gje ukrainarar kollektivt vern. Han seier han har inntrykk av at regjeringa er klare for å stilla opp for ukrainske flyktningar.

r

– Det er viktig at Noreg stiller opp slik at me får ei byrdefordeling i Europa. Det kan bli tøft for Polen og Romania som no er første stoppestad for flyktningane, seier Knut Vollebæk.

Treng ikkje luftbru

I 1999 sende Noreg Hercules-fly for å hjelpa å henta ut kosovoalbanske flyktningar. Til saman 6000 kosovoalbanarar vart frakta i luftbru frå Makedonia til Noreg.

Denne type masse-evakuering trur ikkje Vollebæk trengst denne gongen.

– Makedonia ville ikkje ta i mot flyktningar i 1999. Derfor måtte Noreg senda ned fly for å visa at me ville ta flyktningane i mot. Den utfordringa har me heldigvis ikkje i dag. Nabolanda til Ukraina stiller opp.

Ikkje tilstrøyming til Noreg

I helga kom KrF-leiar Olaug Bollestad med eit krav om at Noreg må tilby å ta imot minst 20.000 flyktningar frå Ukraina.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) sa i helga at flyktningsituasjonen er uoversiktleg:

– For Noregs del er det per no ikkje nokon tilstrøyming av flyktningar, men me ser at det er mange som er internt fordrevne, eller som har komme til nabolanda, sa ho til NTB søndag kveld.

---

Paragraf 34 i utlendingslova

  • I situasjonar med masseflukt, kan regjeringa opna for å gje flyktningar kollektiv beskyttelse.
  • Utlendingar kan då få mellombels opphald på grunnlag av ei gruppevurdering.
  • Tillatinga gjeld for eitt år om gongen og kan fornyast eller forlengast i inntil tre år.

Kjelde: Utlendingsloven

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter