Nyheter

Frivillige melder seg til Ukraina - lovleg for nordmenn å krige i ukrainsk uniform

KRIG I UKRAINA: Ukrainarar reiser heim for å delta i forsvarskrigen. Ukraina ber om frivillige soldatar. Lovleg for nordmenn å delta, seier generaladvokat.

Taras Pokotilo reiser no heim til Ukraina for å trekkje i uniform og få utlevert våpen:

– Eg reiser tilbake til Ukraina fordi det er krig mot Russland. Familien min og venere mine er framleis i landet, og tilhøva er farlege, fortel 28-åringen til Danmarks Radio.

Pokotilo, som arbeider på ein gard på Jylland i Danmark, ser det som ei plikt å forsvare heimlandet. Difor pakkar han og andre ukrainarar i Danmark ein bil og kjører austover.

Vårt Land har vore i kontakt med PST som ikkje kan melde om frivillige nordmenn i Ukraina eller som er på tur til landet.

Ber om frivillige

Ukraina går breitt ut for å verve soldatar frå utlandet. Laurdag la Ukrainas ambassade i Israel ut ei melding på eiga Facebook-side der dei bad om frivillige soldatar til krigen mot «den russiske aggressoren», skriv Haaretz. Seinare på dagen blei meldinga fjerna.

Regjeringa i Ukraina vil opprette ein eigen militæravdeling for utanlandske frivillige, opplyser president Volodymyr Zelenskyj, ifølgje Reuters.

tale

Ikkje forbode

Generaladvokat Sigrid Redse Johansen fortel at det ikkje vil vere ulovleg for nordmenn å reise til Ukraina og kjempe i ukrainsk uniform, mot Russland.

Det er ikkje kriminalisert å slutte seg til hæren til ein framand stat, seier ho til Forsvarets forum:

– Det som er kriminalisert er verksemd som kan svekkje forsvarsevna til Norge eller allierte.

Generaladvokaten er ein del av den militære påtalemakta og er administrativt underlagt Justisdepartementet. Generaladvokaten er også forsvarssjefen fremste juridiske rådgjevar.

I desember fortalde Aftenposten at nordmenn har vore i Ukraina ved fleire høve og kjempa i den lågintense krigen som raste frå 2014 til landet blei invadert av Russland torsdag.

Eg reiser tilbake til Ukraina fordi det er krig mot Russland

—  Taras Pokotilo, ukrainar i Danmark, reiser heim for bli soldat

Deltok i krigar

Nordmenn har verva seg til krigar i Europa tidlegare. Fleire reiste til borgarkrigen i Spania i 1936-1939 og til Finlands vinterkrig mot Sovjetunionen i 1939-1940.

I Norge vekte vinterkrigen ein sterk sympati for finnane. 895 nordmenn deltok i den Svenska Frivilligkåren på finsk side. Mellom desse var to som blei sentrale i Norges motstandsrørsle under andre verdskrig, Max Manus og og Leif «Shetland» Larsen.

I seinare krigar og konfliktar har personar frå Norge reist ut for å kjempe i UCK-geriljaen i Kosovo på 1990-talet – og i kurdiske styrkar i Kurdistan i kampen mot IS.

Sivile er tildelt våpen i Ukrainas hovedstad Kyiv for å kjempe mot den russiske invasjonen. Nå skal Tyskland for første gang ha gitt grønt lys til våpenforsyninger via dem til landet. Foto: Mikhail Palintsjak / AP / NTB

---

Ukraina-krigen

  • Russiske styresmakter hevdar å ha treft nær 1.000 mål i Ukraina og at 471 ukrainske soldatar er krigsfangar.
  • Ukraina hevdar at kring 4.300 russiske soldatar er drepne eller såra sidan invasjonen starta torsdag i sist veke, og at «hundretal» russiske soldatar er krigsfangar i Ukraina.

---

Støre: Tenk dykk om

I Storbritannia oppmodar utanriksminister Liz Truss britar som vil reise til Ukraina og kjempe, melder BBC.

I Danmark seier statsminister Mette Frederiksen (S) at danskar lovleg kan stille opp for Ukraina:

– Det er eit val den einskilde må treffe, sa ho på eit pressemøte sundag.

Statsminister Jonas Gahr Støre ber nordmenn tenkje seg nøye om før dei reiser.

– Eg skjønar at dei diskusjonane oppstår, men krig er dramatisk, seier Støre til TV 2.

Generaladvokat Redse Johansen trekkjer fram farane:

– Du tek altså alle dei risikoane det inneber, og du er under deira rettssystem.

Organiserer heimreiser

I Danmark melder DR Nyheder at det er lukka grupper på Facebook som organiserer heimreiser til Ukraina. Unge menn som har reist ut for å få jobb, returnerer for å kjempe mot Russland.

I ei melding står følgjande: «Bevidste (gode) patrioter af vort land og folk! Hvis der er nogen, der gerne vil til Ukraine her og nu, så er der tre pladser tilbage i vores minibus. Skriv en (personlig) besked for det praktiske.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter