Nyheter

Tidlegare Russland-ambassadør: – Ein mørk og tragisk dag for Europa

UKRAINA: Russiske styrkar innleda natt til torsdag eit angrep på nabolandet. – Dei går til åtak på eit fredeleg land, seier Øyvind Nordsletten.

– Dette er ein mørk og tragisk dag for Europa, seier Noregs tidlegare ambassadør i Moskva Øyvind Nordsletten, i ei melding til Vårt Land.

Natt til torsdag innleia russiske styrkar angrep på nabolandet Ukraina. Ukrainas utanriksminister skuldar Russland for å ha gått til full krig.

– Dei som kvar dag har sagt at dei ikkje vil gå til invasjon av Ukraina, går no til åtak på eit fredeleg land i hjartet av Europa.

– Samla om folkeretten

Før Nordsletten var ambassadør i Russland, var han den første norske ambassadøren til Ukraina og Kviterussland i perioden 1992 til 1996.

– Vesten og Noreg må no i denne alvorsstunda som aldri før stå samla om forsvaret av freda, menneskeverd og folkeretten, seier Nordsletten.

Kraftige reaksjonar verda over

I løpet av morgonkvisten torsdag har det komme meldingar om at Ukraina hevdar å ha skote ned fleire russiske fly. Russiske styrkar hevdar på si side at dei berre går til angrep på militære mål i Ukraina.

Frå ulike kantar av verda kjem det reaksjonar på Russlands angrep. Den amerikanske presidenten Joe Biden seier USA framleis vil hjelpe og støtte Ukraina.

Statsminister i Noreg, Jonas Gahr Støre, fordømmer det russiske angrepet på det sterkaste:

– Dette angrepet er eit alvorleg brot på folkeretten og set uskuldige menneskes liv i fare. Russiske styresmakter har det fulle og heile ansvaret for å ha kasta Europa inn i denne svært mørke situasjonen. Russland må umiddelbart stanse dei militære handlingane sine og respektere Ukrainas suverenitet og territorielle integritet, sa Støre i ei skriftleg fråsegn til NTB torsdag morgon.

Les mer om mer disse temaene:

Liv Mari Lia

Liv Mari Lia

Liv Mari Lia er tilknyttet Vårt Land som journalist i religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter