Nyheter

Stortinget skal diskutera OL-boikott etter OL

IDRETT: Ei drøy veke etter OL er ferdig, skal Stortinget diskutera OL-boikott. – Eg synest det er veldig synd, seier Venstre-leiar Guri Melby, og får støtte frå KrF.

Først 1. mars kjem Stortinget til å diskutera eit Venstre-forslag om boikott av OL i Beijing. Då er OL over, dei olympiske leikane varer frå 4. til 20. februar.

– Eg synest det er veldig synd. Det hadde vore meir relevant å ha ein boikott-debatt under OL enn etter OL, seier Guri Melby.

Ho er kritisk til at presidentskapen set datoen for stortingsdebatt etter at OL er ferdig.

– Dei største partia som dominerer i presidentskapen, er i mot boikott. No sørger dei for å unngå ein ordentleg debatt om OL-boikott. Me kunne i prinsippet hatt denne debatten i Stortinget denne eller neste veka, seier Melby.

Stortingspresident Masud Gharahkhani seier til Vårt Land at han meiner han er feil adressat for kritikken. Han seier at ansvaret for framdriftsplanen ligg i utanrikskomiteen.

USA og Danmark boikottar OL

Venstre sitt såkalla dokument-8-forslag vart diskutert i utanriks- og forsvarskomiteen i går, tysdag.

Forslaget gjeld ein diplomatisk boikott av OL – der regjeringa ikkje sender representantar frå det offentlege Norge.

I tillegg vil Venstre at regjeringa utarbeider ein strategi med føringar for norsk bruk av diplomatisk boikott i framtidige idrettsarrangement.

Venstre-leder Guri Melby ber regjeringen redegjøre for hvordan de skal forholde seg til idrettsarrangementer i land med menneskerettighetsbrudd.
Foto: Terje Pedersen / NTB

USA, Storbritannia, Canada og Danmark er mellom landa som ikkje sender offisielle representantar til Beijing-OL som del av ein diplomatisk boikott.

SV og Raudt fremma alternativt forslag

Forslaget frå Venstre hausta lite støtte under komitémøtet på Stortinget. Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti går mot forslaget.

Raudt og SV la fram eit alternativt forslag om boikott-strategi som liknar det Venstre foreslår.

Dei to partia på venstresida understrekar at boikott både skal gjelda autoritære regime og statar som gjer seg skuldig i alvorlege brot på menneskerettar og folkeretten mot eigen eller andre lands befolkning.

I merknadene kjem det fram at SV og Raudt er redde for at ein idrettsboikott skal «freda NATO-land som beviseleg er skuldige i alvorlege folkerettsbrot».

KrF positive til boikott, stemte imot forslag

Samstundes viser merknadane frå komitemøtet at både Raudt, SV og KrF er positive til OL-boikott.

Astrid Aarhus Byrknes frå KrF sa at ho ser ingen grunn til at den norske regjeringa skal «kasta politisk glans over det stadig meir totalitære kinesiske regimet» og ho oppmodar regjeringa å droppa eventuelle planlagde Kina-reiser under OL.

Noreg sender ambassadør Signe Brudeset som offisiell representant til OL. Ho skal ta over oppgåva frå utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) som sist veke testa positivt for korona.

– Grunnen til at KrF ikkje støtter forslaget frå Venstre, er at me ikkje ønsker å instruera regjeringa i utanrikspolitikken. Men me oppmodar regjeringa om å boikotta OL i Kina, seier Astrid Aarhus Byrknes, KrF-vara for Dag-Inge Ulstein i utanrikskomiteen.

r

Ho seier ho skjønner Guri Melby sin frustrasjon om at stortingsdebatten først skal skje 1. mars.

– Det hadde vore fint å ha ein politisk diskusjon om OL-boikott når det er aktuelt.

Kulturminister reiser til Paralympics i mars

Også medlemmene frå SV og Raudt støttar i komitémerknadane forslaget om at den norske regjeringa ikkje reiser til vinterleikane i Beijing.

– Med tanke på den støtta me får frå andre parti, synest eg det er oppsiktsvekkjande at dei ikkje støtta forslaget vårt, seier Melby.

Venstre-leiaren seier ho håper på støtte frå MDG når saka kjem til Stortinget. MDG er ikkje representert i utanriks- og forsvarskomiteen.

Ein boikott-debatt 1. mars vil uansett kunne problematisere deltakinga til kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap). Ho skal etter planen stille under Paralympics. Paralympics varer frå 4. til 13. mars.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter