Nyheter

Høybråten: – Om Taliban-samtaler lukkast, er det ei humanitær bragd for Noreg

TALIBAN: Skal vi komme vidare mot å løyse krisa i Afghanistan, er det ingen veg utanom å snakke med Taliban, meiner ekspert. Modig av Noreg å ta initiativ, seier Dagfinn Høybråten.

– At Noreg har teke initiativ for å bryte ut av den diplomatiske stillstanden er både prisverdig, og høgst nødvendig for det afghanske folket, seier generalsekretær Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp (KN) til Vårt Land.

– Om samtalene med Taliban her i Noreg lukkast med å komme fram til ei løysing for å få hjelp inn til Afghanistan, så er det ei viktig, humanitær bragd.

KN er ein av fleire norske bistandsorganisasjonar som blei verande i Afghanistan etter Taliban si maktovertaking. Akkurat no er dei til stades i fire provinsar, først og fremst for å tilby akutt nødhjelp til dei mange internt fordrive.

Modig av Noreg

– Eg skjønar at folk reagerer på at Taliban er i Noreg, men eg opplever at når vi snakkar om situasjonen for det afghanske folket akkurat no, så forstår folk kvifor dette er nødvendig, seier han.

Det viktigaste er at nokon løyser opp i den fastlåste diplomatiske situasjonen, seier han.

Vi kan ikkje sitte på kvar vår tue og sjå på at nauda eskalerer.

—  Dagfinn Høybråten

– Vi kan ikkje sitte på kvar vår tue og sjå på at nauda eskalerer. Det er modig gjort av Noreg å ta dette initiativet, seier KN-sjefen:

– Det er ikkje sikkert ein kjem så langt, men kostnadane ved å prøve er så veldig mykje lågare enn kostnadane for det afghanske folket om vi gjer ingenting.

Får støtte frå ekspert

– Eg meiner det er heilt riktig å invitere Taliban til Noreg. Eg forstår veldig godt at norske militære som var i landet og etterlatne etter dei som døydde, ser det som ei belastning at Taliban blir tekne i mot av det offentlege Noreg. Men eg ser ingen veg utanom.

Det seier forskingsleiar Arne Strand ved Chr. Michelsens Institutt (CMI).

Vårt Land snakka med Strand for tre veker sidan var han heilt klar på at den einaste måten å løyse den akutte humanitære katastrofen i Afghanistan går gjennom å snakke med Taliban. Det meiner han framleis.

Ifølgje Verdas matvareprogram vil 23 millionar menneske – meir enn halve befolkninga – oppleve matkrise i løpet av vinteren, og over ein million barn er i akutt fare for å svelte i hel.

Forskingsleiar Arne Strand ved Chr. Michelsen Institutt

Qatar er ikkje nøytral grunn

– Det at Taliban møter representantar for sivilsamfunnet i Afghanistan medan dei er i Noreg og blir gjort ansvarlege overfor dei, meiner eg er eit veldig godt grep. Det kunne berre skjedd i Noreg, og er basert på langvarig kontakt og tillitsbygging, seier Strand.

Han understrekar at også dei store internasjonale donorane som Taliban-representantane møter i Oslo er tydelege og offentlege på kva krav dei stiller til maktapparatet i Kabul. At samtalane skjer i Noreg gjer at krava blir mykje meir synlege for verda, meiner han.

Strand er ueinig med pensjonert generalløytnant Robert Mood som eit intervju med Vårt Land hevdar at Doha i Qatar ville vore meir nøytral grunn for samtaler med Taliban.

– Det er berre tull, seier Strand.

Han viser til at Noreg har ein lang historikk med samtaler med Taliban, og at vi er i god posisjon til å ta rolla som vertsskap for slike samtaler. Qatar har på si side husa delar av Taliban-leiinga heilt sidan 2014, og er i lang større grad heimebane for dei, meiner Strand.

Vesten har eit ansvar

– Representantar for Taliban har allereie vore ute og signalisert at dei ser på dette som eit steg i retning av anerkjenning. Kva tenkjer du om det?

– Kva skulle dei elles sagt? Men samstundes har det også vore stor merksemd om dei krava som er blitt stilt mot dei.

Strand meiner at det for regimet i Kabul er vel så kritisk å få til nasjonal anerkjenning som det er å få det internasjonalt. Nettopp det kan vere ein av nøklane til å gå fortgang i ein prosess som kan leie fram til gjennomslag på spørsmål som har med menneskerettar og kvinner sine rettar til skulegang og arbeid, meiner han.

Samstundes understrekar han at USA og deira NATO-allierte også har eit ansvar for det afghanske folket si framtid.

– Litt av krigshistoria er at det var vi som bestemte oss for å trekkje oss ut. Grunngjevinga til USA var at her finst det ikkje lenger noko militær løysing. Då har vi eit ansvar for å stille ved forhandlingsbordet for å prøve å gje det afghanske folket ei diplomatisk løysing som dei kan leve med, seier Strand.



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter