Nyheter

Robert Mood: – Oslo-besøket er ei tydeleg anerkjenning av Taliban

ISLAMIST-BESØK: Taliban vil bruka Oslo-besøket som ein siger og ei anerkjenning, meiner Robert Mood. Av omsyn til norske krigsveteranar meiner han samtalane heller burde blitt haldne i Doha.

I helga kom ein delegasjon frå Taliban til Oslo for å forhandla med aktivistar og diplomatar.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) meiner besøket ikkje legitimerer eller anerkjenner Taliban sitt styre, men møter motbør frå tidlegare generalinspektør for hæren, Robert Mood.

– Dette er ei heilt tydeleg anerkjenning av Taliban. Dei blir henta til eit Nato-land der dei får møta utsendingar frå USA og EU. Slik viser Vesten at ein forheld seg til Taliban og anerkjenner at det er dei som kontrollerer Afghanistan.

Det er mange Afghanistan-veteranar som synest det er vanskeleg at Taliban er i Oslo

—  Robert Mood

Robert Mood er pensjonert generalløytnant og tidlegare FN-observatør i Syria. Han trur islamistane i Taliban vil bruka Oslo-besøket for å befesta posisjonen i Afghanistan.

– Taliban vil openbert bruka dette som ein siger. Etter dette besøket kan dei reisa tilbake og fortelja folket i Afghanistan at dei er lova meir humanitær hjelp, og seia at det internasjonale samfunnet no anerkjenner at Taliban har kontroll.

Møta i Oslo er alt blitt omtala som «ein prestasjon» av Talibans utanriksminister Amir Khan Muttaqi, under ein pressekonferanse i Oslo på måndag.

r

Fryktar for veteranar

Mood har militær erfaring frå mellom anna Syria, Libanon og Kosovo, og har jobba tett på norske veteranar. Han har vore veteraninspektør i Forsvaret, og leia i 2017 eit utval som såg på oppfølginga av nye generasjonar med veteranar.

No fryktar han kva Taliban-besøket kan gjera med den mentale helsa til norske krigsveteranar.

– Det er mange Afghanistan-veteranar som synest det er vanskeleg at Taliban er i Oslo. Om ein er traumatisert og har begynt å tenka mørke tankar om eigen innsats i Afghanistan, kan dette besøket gjera at alt kjennest meir meiningslaust, seier Mood og understrekar:

– Norske soldatar har gjort ein strålande innsats i Afghanistan, det må dei halda fast ved. Når det politiske prosjektet Afghanistan er mislukka, må ikkje soldatane ta det ansvaret på sine skuldrer. Det er politikarane og generalane sitt ansvar.

Meiner Doha ville vore betre enn Oslo

Tysdag møter Taliban mellom anna statssekretær Henrik Thune (Ap) og spesialutsending Thomas West frå USA.

Med tanke på den humanitære situasjonen i landet, støtter Mood heilhjarta opp om at ein samtaler med Taliban.

– Dess verre ei konflikt er, dess viktigare er det å ha ein dialog. Når ein skal avslutta krigar, skjer det ved eit forhandlingsbord.

Samstundes er han kritisk til valet av Oslo som stad for Taliban-samtalar.

– Det kan diskuterast er om det er klokt å gje Taliban anerkjenninga av å koma til Oslo. Både Oslo-avtalen og utdelinga av Nobels fredspris gjer at Oslo har ei spesiell merkevare.

r

Han meiner Doha ville vore ein betre plass for forhandlingar. Hovudstaden i Qatar har vore åstad for samtalar mellom Vesten og Taliban i fleire rundar i haust.

– Doha er meir nøytral grunn, og ville ikkje gjeve Taliban den same type anerkjenning som ved å ha samtalane i Oslo. Det hadde vore klokare å hatt samtalane i Doha for i hindra den type anerkjenning, og ut av omsyn til norske krigsveteranar.

Krise for sivilbefolkninga

Robert Mood lurer også på korleis sivilbefolkninga i Afghanistan ser på Oslo-samtalane.

– Eg vil tru dei ser samtalane som eit svik frå Vesten. Me svikta Afghanistan då me forlét landet hals over hovud i august. No ser sivilbefolkninga oss setja oss ned for å snakka med Taliban.

Samstundes har mange nok med å overleva i det krigsherja landet. Mood peikar på rapportar om afghanarar som må selja nokre av barna sine for å få pengar til mat til resten av familien.

– Eg trur den afghanske befolkninga gjer alt dei kan for at barna skal overleva og få gå på skule. Det er det viktigaste. Men det er ein heilt forferdeleg situasjon der eit storpolitisk spel skjer over hovuda på ei befolkning som held på å svelta i hel.

Utenriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) mener det er viktig å ha dialog med Taliban for å kunne hjelpe den afghanske befolkningen. Arkivfoto: Heiko Junge / NTB

Huitfeldt: Gjennom dialog ansvarleggjer me Taliban

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) er førelagt kritikken frå Robert Mood. Ho avviser at Oslo-besøket er ei anerkjenning av Taliban, og svarer slik i ein e-post til Vårt Land:

«At vi er vertskap for disse samtalene innebærer ikke at vi anerkjenner Taliban. Vi har vurdert dette nøye og falt ned på at det var riktig å legge til rette for ulike typer samtaler med dem som sitter med makten i Afghanistan i dag, representanter for ulike afghanske frivillige organisasjoner og assosiasjoner, inkludert menneskerettighetsforsvarere og spesialrepresentanter fra flere land.»

Utanriksministeren uttrykker forståing for at folk reagerer på Oslo-besøket:

«Vi har stor forståelse for at mange synes det er vanskelig og er kritiske til at vi arrangerer disse møtene i Norge. Dette gjelder særlig for de som har mistet sine kjære i Afghanistan.»

Ho viser til at forsvarssjef Eirik Kristoffersen har vore positiv til Oslo-samtalane. Ho skriv:

«Våre soldater deltok i kampen mot terror i Afghanistan. Det er vi takknemlige for. For å hindre at Afghanistan igjen blir et oppmarsjområde for internasjonal terror trenger vi dialog. Gjennom dialog ansvarliggjører vi Taliban, som nå har makta i landet.»


Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter