Nyheter

Steinfeld fekk betalt for Kasakhstan-innlegg – står ved innhaldet

KASAKHSTAN: Tidlegare NRK-journalist Hans Wilhelm Steinfeld forsvarar det rosande, betalte innlegget om Kasakhstan frå 2020.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Steinfeld forstår ikkje kvifor hans habilitet blir trekt i tvil, seier han til VG torsdag.

– Som frittståande journalist og medierådgjevar ser eg ikkje stor forskjell på å drive medietrening med LO-leiinga og leiarskulen i Høgre. Eg har gjort begge deler i kommunikasjonsbransjen, utan at mitt sjølvstende, min integritet eller habilitet blir trekt i tvil eller skadd av slike oppdrag, seier Steinfeld.

Det var onsdag at Vårt Land kunne avsløre at tidlegare NRK-journalisten og -utanrikskorrespondenten hadde fått betalt for å skrive rosande innlegg om Kasakhstan.

Det var tidlegare sjefredaktør i Dagbladet John Arne Markussen som hyra inn Steinfeld gjennom PR-byrået Geelmuyden Kiese (GK), som igjen fekk betalt frå den kasakhstanske ambassaden i Noreg.

Steinfeld har ikkje ønskt å uttale seg om saka til Vårt Land.

– Blei ikkje nokon agent

– Eg blei ikkje nokon agent for ambassaden til Kasakhstan ved å ta betalt for researchtid som var naudsynt, seier Steinfeld til VG.

Den tidlegare Russland-korrespondenten hevdar at avisa opptrer på same måte som Putin gjer mot meiningsmotstandarar. Han viser til avisa Novaja Gazeta som blir stempla som ein utanlandsk agent dersom dei tek imot støtte frå Vesten.

Vidare slår Steinfeld fast at han står for innhaldet i det omtalte innlegget, som blei publisert i Dagbladet i 2020.

Dagblad-redaktør John Arne Markussen på Mediebedriftenes Landsforening som presenterer lesertall, opplagstall, mediehustall og annonsetall for 2015

Samanlikna Kasakhstan med Noreg

Høvet for innlegget var 175-årsmarkeringa for den kasakhstanske nasjonalpoeten Abai Kunanbayev. Tidlegare Dagbladet-redaktør Markussen gav Steinfeld oppdraget med å skrive eit innlegg som kunne seljast inn til norske medium.

I innlegget samanliknar Steinfeld Kasakhstan med naboen Turkmenistan og skriv at det er «fristende å fastslå, at Kasakhstan er den beste blant verstingene i Midt-Asia.»

Han samanliknar også Kasakhstan med Noreg, og peikar mellom anna på at «jødeparagrafen» blei ståande i den norske grunnlova fram til 1851, og at det gjekk 99 år frå 1814 til kvinner fekk røysterett, og avsluttar:

«Med slike minner fra norsk fortid, er det fristende å advare kritikere av strevet for nasjonsbygging i Kasakhstan med Bibelens eget ord om at ‘den kaste den første sten …’»

Markussen har stadfesta til Vårt Land at det var den kasakhstanske ambassaden som betalte for oppdraget.

ÆRE

Fleire tilfelle av kasakhstansk betaling

I fjor blei Steinfeld hyra inn på nytt til eit oppdrag frå den kasakhstanske ambassaden, stadfesta Markussen. Den 24. juni var Steinfeld, saman med tidlegare KrF-leiar og statsminister Kjell Magne Bondevik, del av eit seminar i høve det kasakhstanske 30-årsjubileet som sjølvstendig stat.

Som Vårt Land tidlegare har omtalt, er også Bondevik blitt hyra inn av Markussen for å gjere oppdrag for ambassaden til Kasakhstan i Noreg. Også Bondevik fekk betalt for å skrive innlegg og delta på seminar.

– Kronikken var ein del av eit oppdrag der også eit webinar inngjekk, og dette fekk eg eit ordinært honorar for, sa Bondevik til Vårt Land 11. januar.

Under seminaret i juni i fjor, hylla Steinfeld den nyleg avgåtte presidenten Nursultan Nazarbajev for hans rolle i oppløysinga av Sovjetunionen.

Han omtalte det som eit under at Kasakhstan har blomstra etter oppløysinga, og samanlikna landet med det han kallar eit «uhyggeleg bilde» i nabolanda Turkmenistan og Usbekistan. Han sette menneskerettsbrota i desse landa i kontrast til situasjonen i Kasakhstan, som han kalla eit godt føredøme.

---

Fakta om Kasakhstan

  • Kasakhstan fekk sjølvstende etter fallet til Sovjetunionen i 1991, men har i alle år sidan vore ein viktig alliert for Russland.
  • Nursultan Nazarbajev var den første presidenten i landet. Han sat i nærmare 30 år, før han gjekk av i 2019. Han valde sjølv etterkommaren, Kassym-Jomart Tokajev.
  • Hovudstaden i landet var Astana, men byen skifta namn til Nur-Sultan – etter den første presidenten – i 2019.
  • President Tokajev har vunne alle val etter at han kom til makta i 2019. Vala er blitt kritisert av internasjonale valobservatørar. Dei har peikt på omfattande valfusk og mangel på ytringsfridom.
  • Ytrings- og forsamlingsfridomen er sterkt avgrensa, og fleire medlemmar av opposisjonen er blitt fengsla.
  • Landet har den største økonomien i Sentral-Asia, men blei hardt råka av eit fall i oljeprisen i 2014.
  • Det bur i overkant av 17 millionar innbyggjarar i landet. Kasakhstanarane utgjer nærare 70 prosent av folket i landet (2020). Historisk sett har landet hatt ein stor russisk minoritet.
  • I 2022 har det vore ei rekkje demonstrasjonar i landet. Det byrja 2. januar vest i landet, der prisauke på drivstoff var bakgrunnen. Protestane nådde Almaty, den største byen i landet, der det blei valdelege samanstøytar mellom opprørarar og politiet. Minst 225 personar mista livet og 4.500 blei skadd, ifølge styresmaktene i landet.

Kjelder: AFP/FN/NTB

---


Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Hans-Olav er vaktsjef i Vårt Land, og har i fleire år vore frontsjef med ansvar for digital publisering.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter