Nyheter

Tidlegare Dagbladet-redaktør bistod med PR-oppdrag for Kasakhstan

KASAKHSTAN: Tidlegare sjefredaktør i Dagbladet John Arne Markussen stadfester at han var del av Geelmuyden Kiese sitt PR-oppdrag for Kasakhstan.

– Eg er ikkje tilsett i Geelmuyden Kiese, men dei leiger meg inn på prosjekt. Det stemmer at dei har brukt meg på Kasakhstan.

Det seier tidlegare sjefredaktør i Dagbladet John Arne Markussen til Vårt Land. På spørsmål om han har hatt kontakt med Bondevik i samband med dette, svarar han at han kjenner den tidlegare statsministeren personleg, men at han ikkje vil gå meir inn i detaljane rundt kva oppdraget for Geelmuyden Kiese (GK) gjekk ut på.

– Eg var leigd inn som ressurs. Eg vil ikkje gå inn på meir detaljar i det.

I ei tekstmelding til Vårt Land skriv Kjell Magne Bondevik at det var Markussen han hadde kontakt med i samband med Kasakhstan-oppdraget. «Jeg har ikke hatt kontakt med andre i denne forbindelse», skriv han.

Som del av oppdraget GK gjorde for den kasakhstanske ambassaden, blei det produsert eit 24-siders PR-magasin, som vart distribuert som innstikk i Dagbladet i november i fjor.

Markussen avviser han var involvert i nokon kontakt med avisa han tidlegare jobba for i samband med dette.

– Har du nokon form for binding til Dagbladet eller til eigarkonsernet Aller Media i dag?

– Nei, absolutt ikkje.

Fredag ettermiddag ynskjer Markussen å korrigere dette svaret.

– Eg oppfatta det slik som at eg vart spurd om eg jobba i Dagbladet i dag. Det gjer eg ikkje. Men som konsulent har eg hatt og har framleis oppdrag for avisa.

Leiar i Dagbladets stiftelse

Nettsidene til Dagbladets stiftelse viser også at Markussen har vervet som styreleiar i stiftinga. Dagbladet stiftelse er ikkje ein del av eigarstrukturen til Dagbladet, men er tett knytt til avisa.

Stiftinga har som formål å «sikre og fremme dagsavisen Dagbladet som et uavhengig venstreorgan for frisinnet og fremskrittsvennlig politikk i nasjonal, sosial og økonomisk henseende, og gjennom dette å verne om uavhengighet og frihet for avisen.»

I tillegg skal stiftinga godkjenne tilsetting av ansvarleg redaktør i avisa.

I eigenskap av å vere styreleiar i Dagbladets stiftelse, er Markussen også styremedlem i Norsk PENs fondsstyre. Det er presseorganisasjonane som peiker ut stiftingsstyret.

– Vi er kritiske til regimet

Vårt Land har kontakta noverande sjefredaktør i Dagbladet Alexandra Beverfjord for kommentar. På ei tekstmelding svarar ho at kva tidlegare medarbeidarar eller leiarar i Dagbladet gjer, får dei svare for sjølve.

«Men Dagbladets holdning til Kasakhstan og andre tilsvarende regimer er klokkeklar. Vi har gjentatte ganger på kommentarplass vært ekstremt kritiske til dette regimet, seneste i denne måneden», skriv ho.

På spørsmål om det er problematisk at Markussen i rolla som styreleiar for Dagbladets stiftelse også gjer PR-oppdrag av typen som Vårt Land skriv om, svarar ho:

«Jeg forutsetter at han skiller mellom sitt verv i Dagbladets stiftelse og hva han måtte ha av andre gjøremål»

– Kan ikkje ha yrkesforbod

Sjølv meiner Markussen at det er mogeleg både å ha rollen som styreleiar i stiftinga og PEN-fondet, samstundes som han arbeider som konsulent for GK på eit oppdrag for kasakhstanske styresmakter.

– Det ville vore underleg om det var yrkesforbod for meg som konsulent med ulike oppdrag, svarer han til Vårt Land fredag ettermiddag.

– Men eg er open for at det er andre som vil ha eit anna syn på dette. Det som gjer denne situasjonen aktuell no, er hendingane dei siste vekene. Men eg trur på dialog også med aktørar som vi misliker og er sterkt uenige med.

«Norsk PENs fond for ytringsfrihet vurderer avkastningen av fondet og deler derpå ut støtte til arbeid for ytringsfrihet etter søknader fra Norsk PEN,» skriv Kjersti Løken Stavrum, styreleiar i Norsk PEN i ein e-post til Vårt Land. Ho skriv vidare at det er Dagbladets stiftelse som sjølv oppnevner medlem til styret i Norsk PEN fond og at det difor ikkje er naturleg for henne å kommentere denne saka ytterlegare.

Viktig å skilje rollene

– I utgangspunktet må det Markussen gjer i den rolla han no har, stå for hans eiga rekning, seier klubbleiar i Dagbladet Anders Holth Johansen til Vårt Land.

– Kva tenkjer du om at ein redaktør går over til å gjere oppdrag for PR-bransjen?

– Generelt vil eg seie at det fort kan slå tilbake på den det gjeld. Men dette må sjåast på som to fråskilde yrkeskarrierar. Det er viktig at det må vere eit klart skilje mellom desse rollene.

Holth Johansen seier at etter det han er kjend med, hadde Markussen ingenting å gjere med at Dagbladet tok inn PR-innstikket frå GK. Han meiner heller ikkje det er problematisk at ei liberal avis distribuerer reklamemateriell for eit regime som Kasakhstan.

– Vi har ein lang praksis på at vi trykkjer reklame frå kundar som er fullstendig ueinige med vår redaksjonelle linje. Og slik må det vere, seier han.

Dilemma for folk som går frå media til PR

Ketil Raknes, høyskolelektor ved Høyskolen Kristiania.

– Det er mykje fokus på overgangen frå politikk til PR-bransjen, men mykje mindre på kor mange journalistar som går same vegen, seier medieforskar Ketil Raknes.

Han er høgskulelektor ved Høyskolen Kristiania, og har lobbyisme og PR som nokre av sine ekspertområde. Han understrekar at folk som kjem til PR-bransjen frå media, vil stå i mykje dei same dilemma som folk som kjem frå politikken.

– Ein god journalist har eit stort nettverk. Det gjev tilgang til informasjon, seier han.

I tillegg understrekar han at det å kjenne folk med makt og sentrale stillingar, gjev tilgang til å ha samtaler med tillit på ein måte som ikkje er mogleg for kven som helst.

– Vi er meir villig til å gjere noko for folk vi kjenner. Det er ikkje meir komplisert enn det.

Raknes synest det er interessant at ein person som Kjell Magne Bondevik har hamna i ei situasjon der han må forsvare seg mot skuldingar om å ha nære band til autoritære regime i denne og andre saker.

– Det viser at ingen er unnatekne denne effekten i samfunnet, seier Raknes.

Endringslogg:

Saka er oppdatert fredag ettermiddag med ytterlegare kommentar frå John Arne Markussen om rollene som styreleiar i Stiftelsen Dagbladet og PENs fondsstyre. I dette intervjuet kom det også fram at Markussen hadde misforstått spørsmål frå Vårt Lands journalist om bindingar til Dagbladet.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter