Nyheter

The Telegraph: Fest i Downing Street kvelden før prins Philips gravferd

Kvelden 16. april 2021 skal rådgjevarar og embetsmenn ha samla seg til to ulike festar i Downing Street, medan Storbritannia var under koronarestriksjonar.

Bildet er av en katt som går utenfor statsministerboligen i Downing Street 10. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB

Festane skal ha funne stad kvelden før dronning Elizabeth måtte sitje åleine i ektemannen prins Philips gravferd. På den tida var det i England berre lov til å møtast i grupper på seks personar eller personar frå to husstandar utandørs.

Ifølgje The Telegraph var festane i Downing Street for å markere at to kollegaer slutta. Ifølgje vitne skal det ha vorte drukke alkohol og gjestene dansa til musikk.

Rundt 30 personar skal ha delteke på dei to festane, som seinare slo seg saman til éin fest.

Statsminister Boris Johnson skal den dagen ikkje ha vore i Downing Street.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter