Nyheter

Éin av ti elevar i grunnskulen har nynorsk som hovudmål

Av 635.000 elevar i grunnskulen har 73.000 nynorsk som hovudmål, vel 11,6 prosent. I 2001 hadde 14,8 prosent av elevane nynorsk som hovudmål

Det er ei oversikt frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som viser nedgangen i talet på elevar med nynorsk som hovudmål.

Oversikta, som er gjeldande frå oktober i fjor, viser at 554.000 elevar har bokmål som hovudmål, noko som utgjer 87,3 av elevmassen i barne- og ungdomsskulen. I alt 878 elevar hadde samisk som hovudmål, medan 6.293 elevar hadde eit anna språk enn desse tre som hovudmål i skulen.

Ingen fylke

Ingen fylke har lenger eit fleirtal av elevar som har nynorsk som hovudmål. Møre og Romsdal og Vestland er fylka med størst andel, med høvesvis 49 og 48 prosent. I fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag og Oslo er det éin eller ingen elevar med nynorsk som hovudmål.

På barneskulen må elevane bruke det hovudmålet som kommunen har bestemt. På ungdomsskulen har eleven sjølv rett til å velje hovudmål, men svært få vel overgang til nytt hovudmål.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter