Åttande jul i kyrkjeasyl - amnestiet kom ikkje
ASYLPOLITIKK: Mor, far og dotter feira jul i kyrkjeasyl for åttande gong. Biskop etterlyser handling frå politikarane som vitja familien i kyrkja under valkampen. Ei av dei var KrFs Olaug Bollestad.
VALKAMP: Olaug Bollestad var KrF-nestleiar og regjeringsmedlem, landbruksminister, då ho i juni i fjor vitja familien Collin som har sete i kyrkjeasyl i Finnsnes kyrkje sidan 2014. Før det budde dei fem år på asylmottak. Her er Bollestad i samtale med Dilani Johnson Collin.Dilani Collin Johnson
Erlend Berge
«Vi tar det for gitt at norske politikere ikke stiller opp i kirka som en ren valgkampaffære, og deretter lar saken ligge», skreiv Olav Øygard, biskop i Nord-Hålogaland, og Stein-Gunnar Bondevik, medlem av støttegruppa for familien Collin, i nordnorskdebatt.no to dagar før julaftan - og la til:
«Så da spør vi, når Collin-familien står overfor sin åttende julefeiring i Finnsnes kirke: Hva skjer i denne saken, politikere?
I juni i fjor kom Olaug Bollestad på vitjing til familien Collin. Seinare kom politikarar frå KrF, SV, Høgre og Ap. Statsråd og KrF-nestleiar Bollestad gav familien von om amnesti; at dei skulle få sleppe ut frå kyrkja og få opphald i Norge:
Bestill abonnement her
KJØP