Nyheter

Halve landet manglar mat, helsevesenet har kollapsa, økonomien er i ruinar. Og no kjem vinteren

KATASTROFE: – Dei neste seks månadane for Afghanistan blir katastrofale, seier sjefen for Verdas matvareprogram David Beasley. – Det blir helvete på jord.

NOBEL: I 2020 var David Beasley i Noreg for å motta Nobels fredspris på vegner av Verdas matvareprogram (WFP). No ber han verda rette blikket mot den veksande humanitære katastrofa i Afghanistan.

Allereie i oktober i år varsla kjelder i FN om at situasjonen i Afghanistan no er verre enn i Jemen og Syria. Over halvparten av befolkninga vil gjennom vinteren lide under akutt matmangel. Ifølgje UNICEF lid over 3 millionar barn av underernæring, og over 1 million av desse er i akutt fare for å døy.

– Det er så ille som det overhovudet er mogleg å førestille seg, sa sjefen for Verdas matvareprogram David Beasley til BBC i byrjinga av november.

– Det vi ser no er faktisk den verste humanitære krisa i verda.

Dette er krisene i Afghanistan

Krisene har tårna seg opp sidan Taliban tok over makta i Kabul i august i år. Men kollapsen til det skjøre demokratiske styresettet som vestlege krefter hadde stabla på beina i Kabul, er berre eitt av mange problem den afghanske befolkninga møter på veg inn i det som kjem til å bli ein svært brutal vinter.

Lista over kriser er lang:

Matkrise

80 prosent av landet er ramma av tørke. Mange stader vert det meldt om at bøndene har gjeve opp å drive vidare, fordi vasskjelder har tørka ut og buskapen har døydd. Tørkekatastrofen er den verste på mange tiår.

FN-ekspertar sine analysar viser at 23 millionar, 55 prosent av befolkninga, vil oppleve matkrise i løpet av vinteren. Dette er den verste matkrisa som er blitt registrert i landet nokon gong.

Ein afghansk gut ber kanner med vatn i  Balucha

Sjukdom

Mindre enn ein tidel av befolkninga har fått koronavaksine. Men landet står i fleire smittekriser som kan få like alvorlege konsekvensar – epidemiar av polio, malaria, dengue og kolera herjar. Alle tek mange liv.

I november melde Verdas helseorganisasjon at ein meslingepidemi hadde teke livet av nesten hundre barn i landet, og tusenvis er smitta. Det er venta at mange fleire vil døy av den svært smittsame sjukdommen.

Kollaps i helsevesenet

Utan tilgang til medisinar og utstyr, og utan pengar til å betale løna til helsearbeidarar er helsevesenet i Afghanistan i ferd med å kollapse.

Enkelte stadar i landet har ikkje sjukehusa ein gong enkle smertestillande medisinar. Kraftnettet er ustabilt, og mange stadar er det ikkje straum i det heile.

– Med mindre hastetiltak blir sett i verk, står landet overfor ei nært kommande humanitær katastrofe, sa generalsekretær i Verdas helseorganisasjon (WHO) Tedros Adhanom Ghebreyesus til NPR rett før jul.

I store delar av Afghanistan er sjukehusa tomme for medisinar.

Økonomisk kollaps

Opp mot 80 prosent av det afghanske statsbudsjettet kom frå bistand før Taliban tok makta i landet. No er denne pengestraumen stoppa, og nærare 10 milliardar dollar av staten sine midlar er frosne. Utan tilgang til utanlandsk kapital og avskorne frå det internasjonale pengemarknaden, er banksystemet i landet i ferd med å kollapse.

Det er venta at økonomien vil krympe med 20 prosent i løpet av eitt år etter maktovertakinga, som følgje av sanksjonane. Det er ei økonomisk samantrekking vi aldri har sett maken til før, sa Afghanistan-sjef for Utviklingsprogrammet i FN Abdallah Al Dardari til The Telegraph i byrjinga av desember.

Ifølgje FN sin naudhjelpskoordinator Martin Griffiths ligg det an til at den neste «dystre milepælen» for Afghanistan vil bli nådd rundt midten av neste år: nær universell fattigdom, med 97 prosent av 39 millionar innbyggjarar under fattigdomsgrensa.

Verdien af den afghanske valutaen er i fritt fall og bankvesenet er i ferd med å kollapse. I løpet av året som kjem vil så mykje som 97 prosent av befolkninga ende under fattigdomsgrensa.

Menneske på flukt

Vd utgangen av 2020 var det allereie 2,9 millionar internt fordrive flyktningar, på flukt frå eigen heim innanfor landets grenser. I løpet av året som er gått er det blitt 700.000 fleire. 2,2 millionar er på flukt i nabolanda Iran og Pakistan, melder FNs høgkommissær for flyktningar.

Vald og terror

Både Amnesty International og Human Rights Watch melder at det i tida etter maktovertaking gjekk føre seg omfattande vald mot sivile som hadde jobba for den avgåtte regjeringa, eller som var politisk aktive. Uavhengig presse er hardt ramma, og 75 prosent av mediehusa i landet er heilt eller delvis stengde, skriv Norsk Journalistlag.

Samstundes utfører den afghanske delen av IS (IS-K) vald og terror mot sivile i fleire provinsar. Særleg minoritetsgruppa hazarane har vore utsett for angrep, og hundrevis er drepne.

I oktober sprengde afghansk IS ei bomb i ein moske brukt av hazarar i Kunduz-provinsen i nordlege Afghanistan.

Undertrykking

Allereie før maktovertakinga i august var Afghanistan eit av dei verste landa i verda å vere kvinne, og eit av dei verste å vere barn. Det sa FN sin spesialutsending for Afghanistan, Deborah Lyons, i september 2020.

Etter at Taliban tok over makta har det skjedd stadig nye tilstrammingar. Regimet er ikkje like strengt som det som vart kasta ut i 2001, men det er store skilnader frå provins til provins.

LHBTI-personar fryktar for livet. Før 2001 vart det praktisert dødsstraff ved steining for homofile under Taliban-styret. Sidan den vestlege invasjonen har ikkje dette blitt praktisert. No er det frykt for at undertrykkinga igjen vil auke.

Nesten 3 millionar afghanarar er intern fordrivne

Vinteren

Det som gjer at alt er venta å gå frå vondt til verre i månadane som kjem, er vinteren. Trass i varme og tørre somrar, kan Afghanistan oppleve iskalde vintrar. I delar av landet er temperaturar ned mot minus 20 ikkje uvanleg. Mange kan komme til å fryse i hel.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter