Direkterapport frå korona-intensiven: – Dette går jo ikkje over tid

KORONA: På koronakohorten på Ullevål sjukehus handlar det om halde liv i koronapasientar. Samstundes skal også andre akutte helsekriser takast hand om. No er sjukepleiarane som står i førstelinje for våre liv, veldig, veldig slitne.

På coronakohorten på OUS Ullevål sykehus ligger smittebærende pasienter på respirator. Intensivsykepleiere på intensivavdelingen på Ullevål sykehus.Daniel Østrem BartzKaroline Rugset Solberg
INTENSIVT: I snart to år har intensivsjukepleiarane jobba lange vakter under krevjande arbeidsforhold for å redde dei over 7.000 personane som har vore lagt inn på sjukehus med livstrugande koronasjukdom.
Publisert Sist oppdatert

– Ein lærer seg å vurdere om ein skal ta ein eller to koppar kaffi til frukost, seier ein sjukepleiar og ler.

Vi står rett utanfor intensivstua i tredje etasje i sentralblokka på Ullevål sjukehus i Oslo. Det er overraskande trongt i lokala som sidan pandemien trefte for snart to år sidan har vore heim for koronakohorten på sjukehuset.

I løpet av ei vakt har sjukepleiarane på koronakohorten berre éin pause. Så lenge ein er inne på avdelinga kan ein ikkje ta av seg maska eller smittevernfrakken, og derfor heller ikkje drikke eller gå på do.

Som alt anna blir det ein vane, seier sjukepleiaren.

På coronakohorten på OUS Ullevål sykehus ligger smittebærende pasienter på respirator. Corona, korona, intensiv, sykehus. Intensivsykepleiere på intensivavdelingen på Ullevål sykehus.Daniel Østrem BartzKaroline Rugset Solberg
LANG PROSESS: Det er ein lang prosess å komme seg ut og inn av ei koronaavdeling. Når du først er inne, så er det ikkje berre berre å stikke ut igjen, dersom blæra seier ifrå om at det blei litt mykje kaffi til frukost den dagen.

To års unntakstilstand

I snart to år har den vart no – denne unntakstilstanden på norske sjukehus der både personal og romkapasitet er blitt pressa til sine yttergrenser. På koronakohorten handlar det om halde liv i koronapasientar som svevar mellom liv og død. Men samstundes skal også andre akutte helsekriser takast hand om.

Om du ramlar på isen i romjula og får ein alvorleg hovudskade, eller om kombinasjonen av ribbe, akevitt og førjulsstress skulle utløyse eit brått infarkt, så er det dei same intensivsjukepleiarane som skal redde livet ditt, som også har stått i aller fremste linje i kampen mot koronapandemien.

Det finst nemleg ikkje eigne avdelingar som står tomme rundt om på norske sjukehus og ventar i tilfelle det skulle dukke opp ein livstrugande pandemi.

Når det skjer, må ein improvisere.

På coronakohorten på OUS Ullevål sykehus ligger smittebærende pasienter på respirator. Corona, korona, intensiv, sykehus. Intensivsykepleiere på intensivavdelingen på Ullevål sykehus.Daniel Østrem BartzKaroline Rugset Solberg
JULESTEMNING: Helgedagar og kvardagar blir ganske like på ei intensivavdeling. Då gjeld det å gjere det beste ut av det, og lage så mykje julestemning som ein kan få til.

Nomadeliv

På Ullevål sjukehus i Oslo er det nevrointensivavdelinga som er omgjort til koronaavdeling. Vanlegvis er det hit ein kjem om ein har fått ein alvorleg hovudskade. Men nevrointensiven er den eine av berre to avdelingar på Ullevål som har eit slusesystem som gjer det mogleg å sette undertrykk på heile avdelinga.

Dette er avgjerande når ein skal behandle ein sjukdom som spreier seg med luftsmitte, fordi undertrykket gjer at luft frå omgjevnadane utanfor avdelinga då blir dregne inn i avdelinga, i staden for at potensielt smitteberande luft kan sige ut gjennom dører og sluser.

Derfor er nevrointensivavdelinga no flytta til andre lokale, lenger nede i blokka. Dette er lokale som ikkje eigentleg er laga for intensivdrift, men då må ein berre tilpasse seg. Slik er livet er livet for intensivsjukepleiarane no.

På coronakohorten på OUS Ullevål sykehus ligger smittebærende pasienter på respirator. Corona, korona, intensiv, sykehus. Intensivsykepleiere på intensivavdelingen på Ullevål sykehus.Daniel Østrem BartzKaroline Rugset Solberg
TRANGT: Det er trangare enn ein skulle tru inne på ei intensivavdeling. Ein skal vere godt samkøyrte for at det ikkje skal bli mykje armar og bein.

Skulle innleggingstala stige vidare no, er det hjarteavdelinga som blir koronakohort 2. Då må sjukepleiarane der vere budd på å flytte alle pasientane der til andre lokale, på 24 timars varsel.

– Det har vore krevjande å bli flytta mykje på frå våre vande omgjevnadar. Det har slite mykje på personale, seier intensivsjukepleiar Daniel Østrem Bartz.

Han er ein av dei som før pandemien jobba på nevrointensiven. No vekslar han mellom den gamle avdelinga si og på å vere del av koronakohorten. Han skildrar det som eit nomadeliv. Det å bli flytta frå lokale til lokale, og ut frå ei avdeling som er bygd for intensivdrift, og inn på andre lokale som ikkje er tilpassa, har kosta mykje. Mykje overtid og lange vakter kjem på toppen av dette igjen.

Koronapandemien

  • I løpet av det første halvåret av pandemien var det 7.000 koronadødsfall blant helsepersonell rapporterte Amnesty International. Tala er truleg eit underestimat, seier rapporten.
  • Så langt har pandemien ført til 7.104 sjukehusinnleggingar i Noreg. 1.424 har vore på intensivavdeling (pr. 28/12/2021), ifølgje FHI.
  • Dei siste fire vekene har 2 av 3 innlagt på intensivavdeling vore uvaksinerte (FHI)

Armar og bein

Dei første månadane av pandemien var dei mest krevjande. Daniel skildrar ein periode med mykje frustrasjon og uvisse, både rundt arbeidssituasjonen, og om kor farleg pandemien ville bli.

På TV-skjermane såg sjukepleiarane dei same bilda frå Italia som alle vi andre – av eit helsevesen på kanten av total kollaps, og av helsepersonell som var smitta på jobben og døydde i hundretal.

Under dei første smittebølgjene jobba dei stadig med nye folk, henta frå ulike avdelingar og med ulike erfaringar og kompetanse. Innpakka i smittevernutstyr er det heller ikkje alltid like enkelt å kommunisere. I ein kritisk situasjon er det avgjerande at dei som jobbar saman er trygge på kvarandre sine kunnskapar og erfaringar.

På coronakohorten på OUS Ullevål sykehus ligger smittebærende pasienter på respirator. Corona, korona, intensiv, sykehus. Intensivsykepleiere på intensivavdelingen på Ullevål sykehus.Daniel Østrem BartzKaroline Rugset Solberg
KOMA: Dei sjukaste pasientane ligg i kunstig koma under behandlinga. For å unngå liggesår, må dei snuast med jamne mellomrom. Det er ein prosess som krev seks personar.

– Eg har inntrykk av at det var meir armar og bein i førre smittebølgje, seier Daniel.

– I byrjinga av pandemien opplevde vi at folk bad om å få sleppe å vere på kohort. No er det tvert imot slik at mange ønskjer å komme opp hit.

Det er framleis mange nye fjes på jobb i koronakohorten, men i løpet av dei siste smittebølgjene kom avdelinga meir på plass og arbeidsmiljøet blei mykje betre, fortel Daniel.

Opplever arbeidspress i jula

Bemanningssituasjonen på norske sjukehus skapte avisoverskrifter på veg inn i julehøgtida. På Universitetssykehuset Nord-Norge har enkelte tilsette fått inndregne delar av juleferien for å få bemanningskabalen til å gå opp. Ingen har mista ferie på Ullevål, men arbeidsdagane for dei som ikkje har hatt fri, har vore til dels svært lange.

– Eg trur mange føler ei press for å jobbe ekstra, seier Karoline Rugset Solberg. Ho er leiande spesialsjukepleiar drift.

Kjensla av press kjem frå det å vite at om ein ikkje sjølv gjer ein ekstra innsats, så vil det gå ut over gode kollegaer som kan miste sine velfortente fridagar.

– Dei som til dømes har hatt fri i julehelga og som no jobbar romjula og nyttårshelga, føler at dei må stille opp og ta doble vakter når det er behov, slik at dei som allereie har stått på gjennom jula slepp å miste fridagar for å komme inn og ta vakter.

På coronakohorten på OUS Ullevål sykehus ligger smittebærende pasienter på respirator. Corona, korona, intensiv, sykehus. Intensivsykepleiere på intensivavdelingen på Ullevål sykehus.Daniel Østrem BartzKaroline Rugset Solberg
SMITTEVERN: Innanfor slusa kan aldri smittevernutstyret komme av, uansett kva arbeidsoppgåve som skal løysast.

Krevjande å halde folk i yrket

For å få kabalen til å gå opp, jobbar mange doble vakter. Då er ein til dømes på jobb frå 7 om morgonen til 10 om kvelden, eller frå 16 på ettermiddagen til 8 neste morgon. Slike vakter er eigentleg ikkje lov, men fordi bemanningssituasjonen er så vanskeleg, har ein komme fram til ein unntaksregel der personalet får ekstra kompensasjon for dei lange vaktene.

– Men det går jo ikkje over tid, seier Daniel.

Den psykiske belastninga med å jobbe så mykje er stor. Særleg når vaktene er stressande og vanskelege.

På coronakohorten på OUS Ullevål sykehus ligger smittebærende pasienter på respirator. Corona, korona, intensiv, sykehus. Intensivsykepleiere på intensivavdelingen på Ullevål sykehus.Daniel Østrem BartzKaroline Rugset Solberg
SLITEN: Ein blir ganske sliten etter ein arbeidsdag med verneutstyr. Inne maskene er det ei lita vifte som tilfører frisk luft, som durar og går kontinuerleg gjennom arbeidsdagen.

– Den store jobben no er å halde på dei flinke intensivsjukepleiarane vi har. At dei ikkje brenn seg heilt ut på pandemien. Eg er redd mange vil slutte, seier Daniel.

Daniel fortel at mange unge byrjar på intensiven og tenkjer det er gøy, men så skal dei ha familie. Det å klare å halde på dei når dei skal ha eit familieliv ved sidan av jobben, er vanskeleg.

– Det er ikkje lett å få til meir fleksibilitet i ein slik jobb. Lønn er ein del av det, og eg meiner det er rimeleg at vi kjem opp på same nivå som ein industriarbeidar, i høve til arbeidstid. Men det er ikkje det eg er mest oppteken av, seier Daniel.

Intensivsjukepleiarane har ei av dei tyngste turnusordningane i bruk i Noreg. Fordi talet på folk må vere likt på jobb gjennom heile døgnet på intensivavdelingane, blir det ekstra mykje nattarbeid, utan at den totale arbeidsveka er korta ned for å kompensere for dette.

Det at anerkjenninga for yrket hans har auka gjennom pandemien, trur han kan ta slå positivt ut for rekrutteringa.

– Det positive i dette er at vi blir meir sett, seier han.

– Og eg er veldig nøgd med arbeidsmiljøet. Vi har det veldig gøy med kvarandre. Og det bidreg også til at vi blir i jobben. Og til at vi tek dei ekstra vaktene når det trengst.

På coronakohorten på OUS Ullevål sykehus ligger smittebærende pasienter på respirator. Corona, korona, intensiv, sykehus. Intensivsykepleiere på intensivavdelingen på Ullevål sykehus.Daniel Østrem BartzKaroline Rugset Solberg
ENDELEG UTE: Det er ei deileg kjensle å endeleg kunne ta av alt utstyret etter endt vakt. Men sjølv det å komme seg ut av utstyret er ein lang og tidkrevjande prosess.

Er som ein ny familie

– På ein måte er vi blant dei heldige under pandemien som ikkje har måtte sitte aleine på heimekontor, men som har kunne komme på jobb og sosialisere med kvarandre, seier Karoline.

– Vi har på ein måte fått ein ny familie. Vi har jo alltid feira jul saman på avdelingane og feira 17. mai saman – og dei andre høgtidene. Så vi har kanskje ein annan type forhold. Og når vi står saman i veldig tøffe situasjonar der det står om liv og død, så kjem ein inn på kvarandre på ein annan måte enn andre yrkesgruppe kanskje gjer.

Det sosiale stoppar heller ikkje på jobb. Ein får gode vener som ein også er saman med utanom arbeid. Møteplassane utanfor jobbtid blir eit høve til også å snakke om det som kan vere vanskeleg på jobben. Slik kollegastøtte kan vere meir verdifull enn å snakke med ein psykolog.

– Det er godt å snakke med nokon som skjønner kva du snakkar om. Det er jo litt spesielt det vi driv med. Det er ikkje like lett å forklare til nokon som ikkje har vore med på det.