Nyheter

Visepresident sløser bort enorme oljeinntekter. No får utplyndra folk koronahjelp

FAMILIEDIKTATUR: Presidentens son elskar alt som er dyrt. Han veltar seg i luksus medan heimlandet lever under sveltegrensa. No blir konfiskert strandpalass til koronavaksine.

Avgjerda var tindrande klar: Dei inndregne midla skal komme folket til gode, folket i eit av Afrikas rikaste land, men med svært mishandla borgarar.

Pengane går til koronavaksine. I Ekvatorial-Guinea.

Difor sender USA i haust 19,25 millionar dollar, via FN, til det internasjonale vaksinesamarbeidet Covax, som så sprøytar vaksinar inn i Ekvatorial-Guinea. Midla skal dekkje fullvaksinering av minst 600.000.

Åtvarar kleptokratar

I landet med vel 1,3 millionar innbyggjarar er 249.215 vaksinerte med første dose, viser oversikta frå styresmaktene. 203.357 har fått to. FN stadfestar stoda.

– Der det er mogleg, vil ikkje kleptokratar få behalde utbyttet av korrupsjon, seier USAs visejustisminister Kenneth A. Polite jr. i ei kunngjering.

Slik kom det noko godt ut av diktatorens strandpalass i Malibu i California.

– Det er vanskeleg å få returnert midlar, men det er svært positivt når ein lukkast, seier Tina Søreide til Vårt Land og rosar grepet med vaksinar til Ekvatorial-Guinea via FN.

Ho er professor på Handelshøyskolen og ekspert på korrupsjon. Difor har Søreide også arbeidd i internasjonale fora med det globale problemet.

Søreide fortel at særleg Verdsbanken og FN pressar på for å finne ordningar for tilbakeføring av pengar som hindrar at ein sender dei rett i hendene på dei som stal dei i første runde.

– Multilaterale organisasjonar ønskjer løysingar som skal sikre handheving lokalt, og ofte er det strukturar i landa som kan handtere returnerte midlar, til det beste for folket. Men i nokre land er dette vanskeleg.

tjuv

«Lukkeleg slutt»

Prosessen mot Teodoro Nguema Obiang Mangue, eller berre Teodorin Obiang, starta i 2011. USAs justisdepartement tok beslag i verdiar for 70,8 millionar dollar; eigedom, fly, bilar — og eignelutar brukt av megastjerna Michael Jackson. Obiang blei skulda for korrupsjon og pengevasking; ulovleg innføring av enorme summar frå Ekvatorial-Guinea.

Etter tre år gjekk Obiang jr. med på at 30 millionar dollar skulle justisdepartementet få behalde og returnere til det lutfattige afrikanske landet.

No er 19 millionar sendt heim etter at eigedommen i Malibu er selt.

– Ein tiår lang skandale som involverer Teodorin Nguema Obiang Mangue, den eldste sonen til Ekvatorial-Guineas president, kan faktisk ha fått ein lukkeleg slutt for folket i det utplyndra landet, samanfattar seniorutgreiar Sarah Saadoun, i Human Rights Watch.

Blir i familien

Teodorin Obiang vaks opp med ei sølvskei i munnen. Av det verkeleg store slaget. Han blei fødd inn i diktatorfamilien som styrer Ekvatorial-Guinea som eit familiekonsern.

Opphavleg var landområdet som utgjer Ekvatorial-Guinea, fastland og to større øyar i Guineabukta, portugisiske. Men i 1778 bytta Portugal dei bort i ein handel med spanske område i Brasil. Dermed fekk Spania fotfeste sør for Sahara og tilgang på slavar til spansk Amerika.

I 1968 reiv Ekvatorial-Guinea seg laus frå Spania. Francisco Macias Nguema blei landets første president, og gjorde seg sjølv til statssjef på livstid fire år seinare. Men livstida blei kort.

I eit tiår dreiv Nguema klappjakt på alt som kunne minne om opposisjon. Politiske motstandarar blei offer for forfølging, drap og masseavrettingar. Presidenten var særleg glad i å samle arresterte på eit idrettsstadion i hovudstaden, for så å massakrere dei.

Terrorregimet varte til 1979. Då tok Nguemas nevø makta i eit kupp. Offiseren Teodoro Obiang Nguema Mbasogo avretta onkelen og innførte presidentstyre.

sjef

Fann olje, badar i rikdom

President Teodoro Obiang Nguema Mbasogo er i dag Afrikas lengststyrande diktator – og verdas lengstsitjande president.

Han har kontroll over det politiske systemet, og opposisjonen er fengsla eller i eksil. Human Rights Watch og andre menneskerettsorganisasjonar har over år dokumentert korleis Teodoro Obiang senior styrer landet med familiemedlemmer og lojale støttespelarar. Menneskerettsbrota er ein assortert katalog.

Han mjuka litt opp i 2011, etablerte eit visepresidentembete for å dele litt makt.

Det vervet blei i familien. Sonen Teodoro Nguema Obiang Mangue, eller berre Teodorin Obiang, fekk jobben etter å ha vore landbruksminister.

Dermed fekk junior eit endå større sugerøyr rett i statskassa, som i åra etter 1996 har svulma opp. For Ekvatorial-Guinea er blitt Afrikas tredje største produsent av olje og gass etter enorme funn på eigen kontinentalsokkel

Men rikdommen er for dei få: Presidentfamilien.

bil

---

  • Republikk i Sentral-Afrika, grensar mot Kamerun og Gabon, eit fastlandsområde og fem øyar, to større.
  • Vel 1,3 millionar innbyggjarar.
  • Var spansk koloni til 1968.
  • Ein familie har styrt landet i snart 54 år.
  • Er Afrikas tredje største produsent av olje og gass, 90 prosent av statens inntekter er fossile.
  • Når halvparten av befolkninga lever under fattigdomsgrensa.
  • Ligg på 145.-plass på levekårsindeksen til FNs utviklingsfond.

---

Veltar seg i luksus

Obiang junior slusa hundretals millionar av dollar til særleg USA og Europa. Han er glad i alt som er dyrt: klokker, klede, reiser, bilar, båtar, fly, husvære.

Særleg bilar. Han kjøper dei dyraste av dei dyre. Han likar å leike seg på fire hjul. I hovudstaden Malabo, eller i Miami, eller i Paris.

Men så byrja oppryddinga. Påtalemakter byrja å bruke lovverket mot Obiang jr. Kleptokratar skulle stoppast.

I 2017 blei han tiltalt og dømt i Frankrike for underslag, utpressing og kvitvasking av pengar stole frå statskassa i heimlandet. Frankrike var ikkje lenger ein boltreplass for diktatorsøner.

Obiang mista paleet i Paris, verdt over ein milliard kroner, og ei mengde luksusvarer – totalt 177 millionar dollar.

Frankrikes høgsterett stadfesta dommen i sommar.

land

Lever i fattigdom

I 2016 tok påtalemakta i Sveits beslag i ein yacht til 100 millionar dollar og 25 luksusbilar frå Obiang jr. Rettsavgjerda seier at han kvitvaska pengane til kjøpa via ein sveitsisk bank. Bilane blei selt på ein auksjon.

USA, Sveits og Frankrike har samla konfiskert verdiar verdt 237 millionar dollar frå Obiang jr. Eller kring 2,3 milliardar kroner.

Pengane skal returnerast til Ekvatorial-Guinea. Til det beste for folket.


Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter