Nyheter

Marte Goksøyr blir skremd av høge aborttal: – Eg føler at eg kjempar for livet mitt

DOWNS: Ho er forfattar, skodespelar og politisk aktivist. Likevel føler ho at samfunnet fortel ho at ho ikkje er ønska, fordi ho har eitt kromosom for mykje.

– Veit du om det er noko aldersgrense for å få Kongens fortenestemedalje i gull? spør Marte Wexelsen Goksøyr.

Vi står heime på kjøkenet hennar og leitar fram kaffikoppar.

Vi blir svar skuldige. Det er ein hårete ambisjon for ein 39-åring å tenkje på ei slik utmerking. Men så er ikkje Marte nokon kven som helst når det kjem til utmerkingar og prestasjonar.

Merittert

Ho er forfattar av to bøker, bok nummer tre er på veg. Ho er ein merittert skodespelar, med scenedebut heilt tilbake i 2004. Sidan det har ho både stått på hovudscena i Nationaltheatret, og ho har vore Amanda-nominert for sin uforgløymelege prestasjon i den kritikarroste kinosuksessen Gritt.

Verkeleg kjend blei ho først som politisk aktivist. Ho er van med å vinne avisoverskrifter, heilt sidan ho i 2011 konfronterte statsminister Jens Stoltenberg i Stortingets vandrehall fordi Arbeidarpartiet i sitt program hadde opna for gratis tidleg ultralyd. Marte frykta at dette ville føre til at fleire foreldre aborterer bort foster med Downs syndrom. Så mykje merksemd fekk ho for dette at saka i etterkant vart omtala som «Marte-saka».

– Vi lever i eit samfunn kor vi skal vere så perfekte, kva no det er, seier Marte.

Fryktar utvida fosterdiagnostikk

Om ein ser på talgrunnlaget, så ser det ut til at Marte Wexelsen Goksøyr hadde rett i det ho frykta den gongen. Talet på seinabortar som er grunngjevne med at fosteret har Downs syndrom, er firedobla i løpet av dei siste to tiåra.

– Eg skjønar ikkje kva foreldra tenkjer på, seier Marte.

– Vanlegvis er foreldra glade i borna sine frå første stund. Så at utsjånaden skal ha noko å seie, det skjønar eg ingenting av.

Eg er ikkje sjuk. Eg har eit ekstra kromosom, og eg vil leve!

—  Marte Wexelsen Goksøyr

Debatten som ho løfta med sin konfrontasjon av Stoltenberg for ti år sidan, er blitt aktualisert etter at Stortinget i fjor vedtok å tillate såkalla NIPT-testing for alle gravide som ønskjer det. Dette er ei enkel blodprøve som kan avdekkje blant anna Downs syndrom allereie i veke 10. I august i år fekk dei første private klinikkane løyve til å tilby denne typen testar.

– Eg har ein draum om å få eit land som er inkluderande for alle. Men no flyt det litt, seier Marte.

– Blant politikarane har det vore veldig mykje tull. Dei er tette i pappen, alle saman.

---

Fosterdiagnostikk

  • I 2020 vedtok Stortinget ei ny lov om bioteknologi, som førte til ei rekke endringar i reglane for fosterdiagnostikk
  • Aldersgrensa for å få dekka fosterdiagnostikk av det offentlege helsevesenet vart senka frå 38 til 35 år
  • Alle gravide får tilbod om tidleg ultralyd i veke 11 til 14
  • Alle over 35 år får tilbod om NIPT (non invasiv prenatal test) som er ei blodprøve som kan avdekke auka moglegheit for såkalla kromosomavvik. Dette omfattar blant anna Downs syndrom
  • Også kvinner under 35 år har no lov å få utført NIPT hos private helsetilbydarar, men må betale for det sjølve

---

Marte Wexelsen Goksøyr møter Stoltenberg i vandrehallen

Talsperson

Då Marte først nådde offentlegheita som talsperson for si sak, vart ho møtt med mistru av mange.

– Det er hårreisande at KrF brukar henne i eit politisk spel. Det er uverdig av KrF å invitere ei ung kvinne uførebudd inn i dette sirkuset med 30–40 mediefolk for å få merksemd om sine eigne saker, sa Marianne Aasen (Ap) til VG etter konfrontasjonen med Stoltenberg i 2011.

Men Marte Wexelsen Goksøyr står på ingen måte fram som nokon som let seg bruke som brikke for andre sine saker. Tvert imot er ho medviten si rolle som talsperson.

– Er det å vere ein talsperson noko du ønskjer å vere, eller noko du føler du må?

– Eg trur eg vil seie begge deler. For å redde mitt eige liv. Og så er det litt kult å vere kjend, då.

– Tenkjer du ofte på at du har Downs syndrom?

– Av og til tenkjer eg på det, ja. Eg kan føle meg stygg. Ifølgje Noreg er vi skitne. Vi skal reindyrke landet vårt. Det er ikkje slik eg meiner det bør vere.

Marte Wexelsen Goksøyr

Eksistensielt spørsmål

Under 200-årsfeiringa av Noregs grunnlov i 2014 var Marte ei av dei som vart invitert til å halde ein appell under opninga, direkteoverført på NRK og med kongeparet i publikum. Avslutninga utløyste rungande applaus:

«Eg har sjølv Downs syndrom. Eg er ikkje sjuk. Eg har eit ekstra kromosom, og eg vil leve!»

For Marte er dette eit eksistensielt spørsmål. Ho opplever seg sjølv som uønskt av samfunnet.

I eitt av foredraga sine seier ho at vi lever i eit A4-samfunn, kor alle skal vere vellukka og utan problem.

Marte Wexelsen Goksøyr

Ho stiller spørsmålet om ein i eit slikt samfunn risikerer at det å føde fram eit barn som blir oppfatta som mindre perfekt, kan bli sett på som noko som står i vegen for at foreldra blir vellukka og lykkelege.

– Kan det å få eit slikt barn då bli ei skam, spør ho.

– Misforstår folk kva Downs syndrom er for noko?

– Kanskje. Eg er jo ikkje inne i hovudet deira. Men det kan virke som om fordommane har handikappa dei, liksom. Dei tenkjer at alle med Downs syndrom er barnehagebarn, uansett alder.

Fordommar

Ho har møtt motstand og fordommar heile sitt liv. Då ho tidleg i 20-åra arbeidde nokre timar kvar dag som del av arbeidsmarknadsopplæring, fekk ho ikkje lov til å tilpasse arbeidstida slik at ho samstundes kunne gå på teaterskule. Ho ville bli for sliten om ho skulle kombinere skule med jobb, meinte arbeidsmarknadsetaten.

– Dei har ikkje late meg fått sjansen til å vise at eg klarar det. Dei behandlar meg som om eg ikkje kan, fortalde Marte i ein NRK-dokumentar den gongen.

– Opplever du mobbing og fordommar i dag?

– Det er ein del usikkerheit og fordommar. Folk trur dei skal hjelpe meg over gata, til dømes. Eller dei gjev meg ei leike ombord på eit fly. I ein alder av 39 år!

– Kva seier du då?

– Kva skal eg seie, eg får jo lyst til å slå dei ned. Men det kan eg jo ikkje. Eg skjønar jo at flyvertinnene vil vere hyggelege, men det er der fordommane kjem inn.

Marte Wexelsen Goksøyr

Vurderer partibyte

Marte legg ikkje skjul på at ho set Knut Arild Hareide høgt som politikar. Når han no er ute av partiet føler ho seg ikkje lenger like sikker på om KrF framleis vil vere partiet for henne, sjølv om ho stemte på dei i haustens val.

– Dei har eit nytt parti som heiter Sentrum, og eg vurderer å flytte over dit. Det har vore så mykje tull i KrF. Eg veit ikkje om eg har hjarte til å slutte i KrF, men så har det skjedd så mykje.

Det har vore så mykje tull i KrF. Eg veit ikkje om eg har hjarte til å slutte i KrF, men så har det skjedd så mykje.

—  Marte Wexelsen Goksøyr

Det er partileiar Geir Lippestad som dreg henne mot Sentrum. Ho har møtt mange politikarar i si tid som aktivist, men ikkje alle har imponert henne like mykje.

– Erna Solberg møtte eg då eg var gjest på Senkveld med Thomas og Harald. Då var ho veldig hyggeleg, men eg ser jo at ho berre vil ha makt, meiner ho.

– Når eg snakkar mykje om Hareide og Lippestad, så er det fordi vi jobbar for same sak.

Marte Wexelsen Goksøyr

Hopp i havet

På veggen i stua til Marte heng det mange bilde frå hennar store scenedebut som Askepott i 2004. Då spelte ho mot Kyrre Haugen Sydness, som hadde rolla som prinsen. No har han fått ei ny, stor rolle i Dyreparken i Kristiansand, og han inngår i ein liten plan som Goksøyr har:

– For eg treng å komme meg i form, og då er det lurt å gjere noko som er gøy Så eg har vurdert å lære meg å fekte. Og eg har lyst til å byrje hjå songpedagog, for eg elskar å synge, seier ho, før ho smiler lurt og legg til:

– Men eg har også ein annan plan. For Kyrre Sydness har teke over rolla som Kaptein Sabeltann, og han veit jo kva eg kan, sidan eg har spelt Askepott. Som Sabeltann har han har fått ganske mange til å hoppe i havet. Og viss eg blir god nok til å fekte, så skal eg ned til Kristiansand. Så er det hans tur, seier Marte Wexelsen Goksøyr og ler høgt.

---

Marte Wexelsen Goksøyr

  • Fødd i 1982, opphavleg frå Nittedal
  • Skodespelar, forfattar, foredragshaldar og politisk aktivist
  • Har blant anna motteke NFUs Ærespris, Livsvernprisen, SOR-prisen, Bjørnson-prisen, Jonas-prisen og Årets ålreite dame frå Harry Hole-stiftinga
  • Har gjeve ut bøkene Jeg vil leve (2012) og Samme hvem vi er (2016). Ei tredje bok er på veg.
  • Har spelt på ei rekke scener, blant anna Torshovteatret og på hovudscena på Nationaltheatret. I 2017 skreiv og spelte ho hovudrolla i tomanns-førestillinga Hva faen er problemet. Motspelar var Sven Nordin.
  • Nominert til Amanda for beste kvinnelege birolle for filmen Gritt (2020)

---


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter