Nyheter

Marie Lovise Widnes er død

GÅTT BORT: Songar, diktar, stortingspolitikar og kvinnesaksforkjempar Marie Lovise Widnes er død. Ho blei 91 år gammal.

Marie Lovise Widnes har vore husmor. Det er hennar lengste karriere. Ho er likevel kjend som songar, diktar, og ein periode har ho vore stortingsrepresentant for SV.

Ifølgje familien sovna Widnes inn i morgontimane fredag, etter ei tid med sjukdom.

Gjennom livet har Marie Lovise Widnes vore kjend som diktar, som plateartist, som stortingspolitikar for Sosialistisk Venstreparti (SV) frå 1989 til 1993, som aktiv kvinnesaksforkjempar, som mållagskvinne og som éi som har stått på barrikadane for dei svakaste i samfunnet.

Som aktiv politikar var ho òg kjend som ein tydeleg kristen sosialist, og var mellom anna eit aktivt medlem i Forum for kristne sosialistar på 70-talet. Widnes var med på skipinga av SV i 1975, før ho melde seg ut av partiet i protest i 2010, mot krigføringa i Afghanistan.

Drøymde om song, dikt og prestetilvere

Widnes blei fødd 1. november 1930 i Syltedalen i Vanylven kommune i Møre og Romsdal.

– Eg var van med at det ikkje alltid var lett å skaffe mat på bordet, at stoff til klede var mangelvare og varmt vatn noko dyrebart, fortalde Widnes i eit intervju i Vårt Land i 2016.

Som ung jente drøymde ho om å syngje, om å dikte og om å bli prest. Ofte stilte ho seg på hoggestabben i vedskjulet og preika for vedkubbane.

– Å gå i kyrkja den gongen, det var gilde greier, for det gjorde vi berre på høgtidsdagar. Det var langt, først måtte vi gå eit stykke, så ro over fjorden og så gå eit stykke til. Det var ikkje tid til det på vanlege søndagar. Men vi gjekk på møte, sa Widnes.

Imponerte Einar Gerhardsen i valkamp

Allereie i tenåra blei Widnes kjend for eit større publikum, då ho som 12-åring fekk diktet «Strid for det du trur er rett» på trykk i Allers.

Widnes var òg aktiv som musikar og ungdomspolitikar i AUF lokalt, då ho i 1951 fanga merksemda til statsminister Einar Gerhardsen (Ap) på valkampturné. Under eit arrangement i heimbygda blei ho beden om å framføre ein valkampsong, før ho følgde opp med den eigenlaga songen «Gangdøra».

Møtet med Gerhardsen gjorde at Widnes fekk tilbod om gratis plass folkehøgskulen til arbeidarrørsla på Sørmarka i 1952. Det var også her ho møtte Ole Johansen, som ho seinare gifta seg og fekk fire søner saman med. Det blei inga vidare utdanning, og draumen om å bli prest blei det ikkje noko av.

– Det var kanskje like greitt at eg ikkje vart prest, for eg trur no det hadde vore litt for avgrensande for meg. Eg synest framleis kyrkja ofte har for stramme rammer, sa Widnes til Vårt Land.

Blei fast innslag i Ønskekonserten

For gjennom livet gjorde Widnes seg kjend som ein tydeleg visediktar og songar. I 1955 deltok ho i ein nasjonal konkurranse i radioprogrammet til Rolf Kirkvaag «Med lys og lykte», der den kjende radiomannen «oppdaga» den unge sunnmørskvinna.

Livet på Sunnmøre, med éin ung son og ein nyfødd gut nummer to, gjorde derimot at ho aldri fekk delteke vidare på den nasjonale scena – trass i at ho vann den lokale finalen.

To år seinare, i 1957, fekk ho derimot prøvd seg i studio, etter å ha blitt jakta ned av ein talentjeger i Philips. Gjennom to dagar spelte ho inn 12 viser som blei gitt ut på vinyl året etter. Særleg visa «Gangdøra» – som ho framførte for Gerhardsen i 1951 – blei ein stor suksess. I nesten kvar einaste Ønskekonserten-sending på NRK, som samla Noreg i fleire tiår, var det nokon som ønskte å høyre «Gangdøra».

«Ei kvinneleg Alf Prøysen», blei ho omtalt som av journalistar, og Widnes blei spådd ei lysande karriere. Men med sjuke foreldre og små born, blei det ikkje tid til å dyrke stjerneliv i hovudstaden.

I den siste boka si har Marie Lovise Widnes vald ut 251 av alle dikta ho har skrive.

Radikal politikk og kristen tru

Trass i at ho aldri fekk tid til å dyrke musikken på fulltid, mangla det ikkje på tilbod. Ho skreiv kåseri, songar og sketsjar, og på 1960-talet laga ho barnetimar i NRK om «Borna på Solstad». Ho gav òg ut ei visebok, illustrert av Kjell Aukrust.

I tillegg til song og dikt, var Widnes aktiv politikar. Ho var aktiv i Arbeidarpartiet i unge år, og var vararepresentant på Stortinget i perioden 1954 til 1957. I Ap var ho kjend som ein lite byråkratisk og uortodoks politikar, som mellom anna framførte innlegg på rim. I Ap gjorde EU-saka at ho braut med partiet.

I 1975 var Widnes med på skipinga av SV. Ho hadde ei rekkje verv i partiet og sat på fylkestinget i Møre og Romsdal frå 1975 til 1987, før ho i 1989 blei vald inn på Stortinget for SV.

Ho kjempa for kvinnesaka, for rettane til homofile og mot bruk av vald mot barn. Samstundes blei ho kjend som ein politikar som kombinerte eit radikalt politisk syn med ei kristen tru, og Widnes heldt andakter i NRK radio medan ho sat på Stortinget.

Postkassa full av sinne om Gud

I lokalsamfunnet på Sunnmøre har kombinasjonen radikal politikk og kristendom, ikkje alltid blitt godt motteke. Til Vårt Land fortalde Widnes at postkassa ofte var full av brev frå folk, som ville fortelje at ho ikkje hadde forstått Guds ord på rett måte.

– Eg har aldri skjøna kvifor mange kristne alltid skal bruke trua si til å ekskludere og stenge folk ute. Kristendomen handlar for meg om at vi må hjelpe kvarandre, ikkje snakke fine ord og stemple folk som syndige. Mange kristne vert så opphengde i å dømme enkelte grupper, som dei homofile til dømes. Eg får vondt i magen når eg tenkjer på kor mykje vondt det har ført til for mange menneske. Eg har alltid kjempa for at dei skal ha like rettar og verte behandla like bra som alle andre av kyrkja. Det har eg fått mange spottord for gjennom tida, men no er den kampen heldigvis nesten over. Eg trur mykje av dei gamle fordommane døyr ut med oss gamle, sa Widnes i 2016.

Gjennom åra i både kultur og politikk har Marie Lovise Widnes motteke ei rekkje utmerkingar. I 2006 fekk ho Kongens fortenestemedalje i gull.

Ho engasjerte seg òg politisk i eldre år, men i 2010 melde Widnes seg ut av SV på grunn av deltakinga i krigen i Afghanistan. Som pensjonist var ho ein svært aktiv diktar, der ei rekkje av dikta hennar fekk stor merksemd i sosiale medium.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter