Religion

Misjonsleiar sluttar – blir prest

MISJON: Etter to år som dagleg leiar i misjonsnettverket Norme melder Hans Aage Gravaas at han sluttar. Frå neste år av blir han sokneprest i Oslo.

– Det har vore eit stort privilegium å samarbeide med norske kyrkjesamfunn og misjonsorganisasjonar om evangelisering og global misjon, seier Gravaas.

Han seier i ei pressemelding at han er glad og takknemleg for tida han har fått i Norsk Råd for Misjon og Evangelisering (Norme).

No går vegen vidare til Voksen kyrkjelyd i Oslo der han byrjar som sokneprest i løpet av våren 2022.

---

NORME

  • NORME (Norsk råd for misjon og evangelisering) er ein paraplyorganisasjon for 42 norske evangeliske misjonsorganisasjonar og kyrkjesamfunn.
  • Stifta i 2001 som ein samanslutning av Norsk Misjonsråd, Lausanne Norge og Den Evangeliske Allianse
  • NORME er den norske delen av European Evangelical Alliance (EEA) og Lausannerørsla.

---

Voksen Kirke

Udramatisk

Gravaas vart tilsett på eit åremål hausten 2019. Men sjølv om han sluttar i jobben før åremålet er utgått, understrekar han at det ikkje er nokon dramatikk i denne avgjersla, og at dette jobbskiftet er noko han sjølv har ønska.

Styreleiar Rolf Gunnar Heitmann seier at han gjerne skulle ønske at Gravass heldt fram i jobben.

– I ei tid med strenge restriksjonar må møte- og reiseverksemd har han makta å leie og utvikle NORME-nettverket på ein god og trygg måte, seier han.

Hans Aage Gravaas er teolog og kom også til jobben i Norme frå ei stilling som prest i Den norske kyrkja. Han har tidlegare også tenestegjort som feltprest, misjonær i Mekane Yesus-kyrkja i Etiopia, prest i Chicago, forkynnar, misjonssekretær og strategikonsulent i Norsk Luthersk Misjonssamband, rektor og lærar ved Mediehøgskolen Gimlekollen og Fjellhaug Internasjonale Høgskole, og generalsekretær i Stefanusalliansen.


Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Mer fra: Religion