Nyheter

Radikalisering: Her er 8 teikn du kan sjå etter

TERROR: Dei siste fem åra er mykje terror utført av einslege aktørar. Om du ser nokon bli radikalisert – sei i frå, seier politiet. Her er teikna du kan sjå etter.

– Vi har gjort undersøkingar som viser at familiane er mykje betre kjend med og klar over radikaliseringsprosessen enn det dei varslar om.

Siv Sørensen

Det seier Siv Sørensen i PST. Ho har femten år bak seg i tenesta, og er ein av dei mest røynde tryggleiksanalytikarane i Noreg. Ho jobbar blant anna med tryggleikstenesta si årlege trugselvurdering for landet, og har dei siste åra jobba særleg mykje med terroraksjonar utført av einslege aktørar – såkalla soloterror.

Sårbare personar

Sørensen peikar på at dei som utfører soloterror gjerne skil seg ein del frå deltakarane i større terrorgrupper. Som Vårt Land har skrive om tidlegare har soloterroristar mykje oftare psykiske lidingar eller personlegdomsforstyrringar enn terroristar som deltek i større grupper. Sørensen peikar også på ei rekke andre sårbarheitsfaktorar:

  • Utanforskap
  • Låg utdanning
  • Mykje rusbruk
  • Dårlege sosiale relasjonar
  • Svak tilknyting til arbeidslivet
  • Erfaring med kriminalitet

Den typiske soloterroristen er ein ung mann. Mange har vore innom arbeidsliv og skulegang, men slit med å halde seg der.

– Dette er menn som startar vaksenlivet som taparar. Dei har aldri rukke å etablere seg i arbeidslivet eller i studielivet, så dei har veldig lite kjensle av meistring i liva sine, seier Sørensen.

Ser du noko, så sei noko

—  Siv Sørensen, PST

Dette er teikna du kan sjå etter


Endra åtferd

  • Personar som er i ein radikaliseringsprosess vil som regel endre åtferda si. Personen vil gjerne endre lynne, og framstå meir frustrert og sint.

Isolasjon

  • I nokre tilfelle vil personen sjølv velje å trekke seg tilbake eller isolere seg. Det kan også vere at personen blir utstøytt av nærmiljøet, fordi den radikaliserte personen og ideane vedkommande uttrykkjer, blir krevjande og ubehageleg å bli utsett for.

Uvanleg nettaktivitet

  • Personar som blir radikalisert brukar gjerne meir tid på internett. Dei oppheld seg mykje i praterom og diskusjonsgrupper, og dei eksponerer seg sjølv for mykje propaganda.
  • Særleg blant unge høgreekstreme skjer radikaliseringa først og fremst på nett, kor ideologisk materiale og likesinna menneske er lett tilgjengelege.

Lekkasjar

  • Dei som er i ein radikaliseringsprosess klarar ofte ikkje å la vere å formidle til verda rundt seg kva dei engasjerer seg i. Det kan komme til uttrykk i samtaler eller diskusjonar. Det kan til dømes vere tema som rasekrig eller sivilisasjonskrig, med sterke uttrykk om at noko må skje, nokon må gjere noko.


Flere har den siste tiden kritisert mediene for å ha gjort debattklimaet vanskelig for de overlevende i kjølvannet av terroren 22. juli. Nå beklager Dagens Næringsliv en nær ti år gammel lederartikkel. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB

Dehumanisering og valdsretorikk

  • I prosessen mot ekstreme handlingar vil den radikaliserte prøve å dehumanisere det dei ser på som sine eksistensielle fiendar. Det kan komme til uttrykk ved at personen uttrykkjer at nokre menneske er mindre verd, og at dei ikkje har rett til å leve.
  • Ein skal også sjå opp for bruk av valdeleg retorikk, der personen argumenterer for å bruke vald for å løyse det vedkommande ser på som problem i samfunnet.

Terroridol

  • Det er vanleg med heltedyrking, der ein framstiller tidlegare terroristar som terroridol. Det kan til dømes vere ein form for idolikon av kjende terroristar som Breivik og Brenton Tarrant. Det kan foreldre merke seg om det er synleg som bilde eller plakatar på rommet til personen. Det er også vanleg å ha slike terrorikon som bakgrunnsbilde på mobilen.

Endra kvinnesyn

  • Mange unge menn som blir radikalisert utviklar samstundes eit meir negativt syn på kvinner. Framstillingar av kvinner generelt som er nedgraderande, som uttrykkjer mistru eller foraktfulle haldningar, kan vere teikn på radikalisering.

Livskriser

  • Forsking viser at 60 prosent av dei som utfører terroraksjonar aleine hadde opplevd ein såkalla trigger i løpet av det siste året før handlinga. Ein trigger er ei livskrise som til dømes samlivsbrot, å miste jobben, eller ei økonomisk krise. Personar som allereie er sårbare har ein auka risiko for å ty til vald etter å ha opplevd ei slik hending.

Radikalisering

Siv Sørensen forklarer at vegen fram til ei terrorhandling er todelt. Første del er ein radikaliseringsperiode. I denne perioden blir ekstreme bodskap, som gjerne er henta frå nettforum, internalisert. Personen som blir radikalisert tileignar seg meir propaganda og utviklar eit indre verdsbilde som gjer det mogleg å legitimere bruk vald. Aksepten av ekstreme verkemiddel aukar gradvis over tid.

Den neste fasen kallar PST-analytikaren for mobiliseringsfasen. Det er her sjølve handlinga skjer. Det er her triggerane gjerne spelar inn. Når det skjer eit brot i livet som gjer at den radikaliserte føler seg avvist eller utanfor, kan vegen gå vidare frå tankespinn til valdshandling.

– Dei aller fleste som opplever radikalisering, blir i radikaliseringsfasen og utfører aldri vald, seier Sørensen.

Ho understrekar at dersom politi, offentlege etatar og helsevesen når fram til radikaliserte før mobiliseringsfasen, så er det mogleg å avverje terror og valdsepisodar. Derfor er det viktig å ikkje brenne inne med ei dårleg magekjensle, men å ta kontakt med politiet når du mistenkjer at nokon er på veg til å skli ut.

– Ser du noko, så sei noko, avsluttar Sørensen.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter