Nyheter

Ekstremismeekspert: – Ekstremistar får mindre makt om vi skil psykisk sjuke frå terroristar

TERROR: Nesten halvparten av dei som har utført terroraksjonar aleine, er psykisk sjuke. Om vi omtalar alvorleg psykisk sjuke som ideologiske terroristar, gjev vi meir makt til ekstremistane, meiner ekspert.

– Det er vesentleg å skilje ut kva som er ekstremisme, og kva som er rein psykiatri. Når nokon gjer valdelege aksjonar, så må vi sjå på kva mekanismar som ligg bak.

Det meiner Atle Mesøy. Han er seniorrådgjevar og analytikar i U-turn, ein organisasjon som jobbar for å forebygge utanforskap, kriminalitet og valdeleg ekstremisme. Han meiner debatten etter drapa på Kongsberg tidlegare i haust burde opne opp ein større debatt om korleis vi snakkar om dette temaet.

Mesøy peikar på at det har vore ein aukande trend mot at valdelege aksjonar blir utført av enkeltindivid utan nokon større gruppe rundt seg – såkalla soloterroristar. Mange av desse er sårbare personar med psykiske lidingar, som lett blir påverka av ektremistisk materiale dei finn på internett.

Atle Mesøy

4 av 10 psykisk sjuke

Ei undersøking av høgreekstreme soloterroristarar viste at 40 prosent av dei hadde ei psykisk liding. For terroristar som opererte som del av ei gruppe, var dette talet berre 7 prosent.

– Det er ikkje så lett å skilje ideologisk motivert terror frå det som er rein psykiatri eller mentale forstyrringar. Det er ofte gråsoner. Sårbare personar som er så sjuke at dei ikkje kan ha intensjon om å utføre terror, kan plukke opp ting frå nettet som gjer at dei kan framstå som politiske ekstremistar, seier Mesøy.

Eit døme på det, meiner han, er hendinga i den tyske byen Hanau i 2020. Den 42 år gamle tyskaren Tobias Rathjen besøkte to kafear i byen og drepte ni, og skada fem personar. Han drog så heim og tok livet først av mor si, og så seg sjølv.

Dei fleste av ofra hadde opphav frå Asia, Midtausten og Afrika, og på nettet fanst det både videoar og eit manifest som uttrykte tydeleg rasistiske idear. Aksjonen vart definert som eit høgreekstremt angrep, og årsdagen for hendinga vart også markert med demonstrasjonar mot rasisme.

Schizofren tankeverd

Men om ein les manifestet til Rathjen, meiner Mesøy også at det er veldig tydeleg at dette er ein mann med alvorlege vrangforestillingar, som tyder på ei svært dårleg mental helse. Det minner om tankeverda til ein schizofren person, meiner Mesøy.

– Korleis høgreekstremistar som Rathjen blir definert, påverkar korleis publikum og myndigheiter ser på trugselen, meiner Mesøy.

Tobias Rathjen, gjerningsmannen i Hanau

Han peikar på at politiske og religiøse ekstremistar brukar ulike plattformar på nettet for å nå ut til sårbare personar. Når ein alvorleg sjuk person plukkar opp slike radikale idear, og desse personane endar opp med å utføre vald, så oppnår ekstremistane det dei ønskjer – å spreie frykt i befolkninga. Om vi derimot er tydelege på å formidle at gjerningspersonane ikkje eigentleg er ideologisk motiverte terroristar, men snarare alvorlege sjuke personar, så tek vi noko av makta bort frå ekstremistane, meiner Mesøy.

– Det kan vere stort press frå pårørande og lokalsamfunn om å definere ein gjerningsmann som terrorist. Men jo meir vi klarar å skilje psykiatri frå terror, jo mindre fotfeste får terrorismen.

Sørgande i bøn utanfor Linwood mosque i Christchurch, New Zealand.

Dårleg PR

Han viser til korleis gjerningsmennene bak større terroraksjonar, som Breivik i Noreg og Brenton Tarrant på New Zealand, blir løfta fram av høgreekstreme krefter som helteskikkelsar og førebilde. Det same er vanskeleg å gjere med ein psykisk sjuk person.

– Du kan ikkje bruke ein person alle veit er psykisk sjuk som PR for saka di, seier Mesøy.

Mesøy meiner vi som samfunn har mykje å tene på å bli flinkare til å forstå kva tilfelle som er genuine utfall av psykisk sjukdom.

– Vi må sette inn dei riktige tiltaka for å hjelpe dei som er sårbare, på grunn av psykisk sjukdom eller andre ting. Ved å gjere eit skilje mellom dei sårbare enkeltindivida og den hjelpa dei treng på den eine sida, og ekstremistane på den andre, så tek vi makta bort frå ekstremistane. Det vil til sjuande og sist minske lidinga i samfunnet, meiner Mesøy.

Sporval

Analytikar Siv Sørensen i PST delar Mesøy si oppfatninga av at psykisk sjukdom ofte er ein faktor i soloterrorisme, men meiner det er vanskeleg å gjere eit kategorisk skilje mellom terrorisme og psykiatri.

Siv Sørensen

– Det handlar eigentleg om eit sporval, for dersom det ikkje er snakk om psykisk sjukdom, så har PST heimlar til å etterforske og å føre saka for retten. Men der det er psykisk sjukdom som fører til at nokon gjer ei valdeleg handling, så fell det utanfor mandatet vårt.

Ho understrekar at politiet står i ein krevjande situasjon når slike hendingar oppstår. Det er mange bitar i puslespelet som må leggast på rett på plass før ein har eit fullstendig bilde av gjerningsmannen. Og ofte kan det ta tid å finne alle bitane.

Kongsberg 20211015. 
Politiet fortsetter arbeidet i Kongsberg etter at en mann drepte fem personer onsdag.
Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det vil blant anna vere avhengig av innformasjonsgrunnlaget på førehand. I tilfellet med drapa i Kongsberg så visste vi jo at dette var ein person som var så sjuk at han var kjend av polititet. Vi ser også dømer på at det har veksla fram og tilbake i saker, mellom å handle om terror og psykiatri, seier ho.

At det har noko vidare samfunnseffekt korleis sakene blir framstilt, er PST-analytikaren mindre sikker på. Ho viser til at saker som handlar om psykiatri, slik som drapa i Kongsberg og trikkedrapa i Oslo, også skapar stor utryggleik og frykt i samfunnet. Terror kan framstå som planlagt og uvanleg, medan psykiatri kan framstå meir brutal og uforutsigbart. Men korleis det blir oppfatta er individuelt, meiner Sørensen.

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Mer fra: Nyheter