Nyheter

KrF-topp blir helsetopp med toppløn

LØNER: Som stortingsrepresentant var han mellom dei fem prosent best løna i Norge. No blir KrFs Geir Bekkevold kommunikasjonsdirektør med endå betre løn. Regjeringa skal setje ned ein lønskommisjon.

– Det offentlege skal ikkje vere lønsdrivarar, det er det stor semje om, slik sett kan det vere fornuftig å setje ned ein lønskommisjon, nettopp for å sikre dette, seier Geir J. Bekkevold til Vårt Land.

Etter tre periodar på Stortinget, totalt 12 år, takkar han for seg og reiser heim til Skien. 1. november blir han kommunikasjonsdirektør ved Sykehuset Telemark.

Ein stortingsrepresentant tener snart ein million kroner, noko som plasserer norske folkevalde på topp i Norden, fortalde Vårt Land i september.

Faktisk manglar dei 169 utvalde berre 12.003 kroner på å få ein million kroner i årleg godtgjering, for det heiter ikkje løn på Stortinget.

Mellom dei fem prosent best løna

Fleire av dei som tek sete i nasjonalforsamling etter valet, går monaleg opp i årsinntekt, til 987.997 kroner. I 2021 ligg snittløna til norske arbeidstakarar på 587.600 kroner, opplyser SSB. I 1999 var skilnaden mellom stortingsgodtgjeringa og snittløna i samfunnet rundt 200.000 kroner.

Det er Stortinget sjølv som avgjer kva stortingsrepresentantar, statsrådar og statsministeren skal få inn på kontoen kvar månad.

Oslo  20180313.
Arbeiderpartiets nestleder Hadia Tajik og partileder Jonas Gahr Støre på Arbeiderpartiets landsstyremøte.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Kjem lønskommisjon

Før valet varsla Arbeidarpartiet «40 saker vi vil arbeide for at en ny regjering innen 100 dager skal legge fram forslag om». Ei av sakene er ein lønskommisjon.

Hadia Tajik, Ap-nestleiar og statsråd, seier til Stavanger Aftenbladet at dei vil ha eit samfunn med mindre økonomiske skilnadar:

«En utvikling der de som har de høyeste lønningene, bare fortsetter å dra ifra, og der offentlig sektor og politikerlønninger er en del av det bildet, er en utvikling som vi ikke ønsker.»

Varsla lønsfrys

Tajiks utspel følgjer opp partikollega Eva Kristin Hansen lovnad i Stortinget i vår. 6. mai drøfta Tinget innstillinga frå presidentskapet om framtidig godtgjering, som var tufta på ein rapport frå stortingsutvalet som hadde utgreidd «felles prinsipp for godtgjering til politikarar på alle forvaltningsnivå».

I ordskiftet lova Hansen, som er blitt stortingspresident, at Ap kommisjonen kjem «når det er blitt et nytt flertall i denne salen». Ho som no er nest etter kongen i rang, varsla lønsfrys for statsminister, ministrar og stortingsrepresentantar fram til kommisjonen leverer rapporten.

I dag tener statsministeren – og stortingspresidenten – 1.735.682, medan ein statsråd får 1.410.073.

Sp forsvarar godtgjeringa

Då innstillinga blei handsama i Stortinget, ønskte SV og Raudt kutt i stortingsgodtgjeringa, men blei stemt ned av Ap, Sp, Høgre og Frp. Sp var i vår lite villig til å røre dei folkevaldes løn. Nils Bjørke, Sps medlem i Stortingets presidentskap, forsvarte nesten-millionen:

«Vi har en god lønn på Stortinget. Det er det ikke tvil om. Men det er ikke et vanlig arbeid. Det er et tillitsverv som du har hele tiden, og man har ikke vanlig fritid som andre. Du er politiker året rundt og hele tida.»

No er Sp i regjering. I Hurdalsplattforma er Ap og Sp blitt samde om å setje ned ein «lavinntektskommisjon, med deltakelse fra partene i arbeidslivet og følge opp konklusjonene med politiske grep for å redusere inntektsforskjellene i Norge».

Tener betre enn helseministeren

Mange direktørar og leiarar i særleg dei fire helseforetaka tener meir enn både statsminister og helseminister.

Ei kartlegging frå Klassekampen avdekkjer at heile 198 helseleiarar tener meir enn helseministeren. 70 tener også meir enn statsministeren.

Fremst står Oslo universitetssykehus (OUS). Her tener 21 helsetoppar meir enn statsministeren, og 23 meir enn helseministeren. Styreleiar Gunnar Bovim i OUS erkjenner at lønsnivået «ser litt høyt ut».

Å kommentere løna eg fekk tilbod om – er ikkje forhandla fram – tykkjer eg er vanskeleg

—  Geir J. Bekkevold, påtroppande kommunikasjonsdirektør

Opp nesten 150.000

KrF-toppen Geir J. Bekkevold blir om få veker helsetopp. I siste periode på Stortinget leia han helsekomiteen i to år. No blir han direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Sykehuset Telemark.

Årsberetninga for 2020 viser at lønsspennet i leiargruppa til administrerande direktør Tom Helge Rønning går frå 1.281.931 kroner til 1.892.799 kroner. Toppsummen er Rønnings løn.

Vårt Land ba om innsyn i Geir J. Bekkevolds avtale, og fekk det. Avtalen viser at han får 1.140.000 kroner i årsløn for direktørjobben. Om lønnshoppet frå Stortinget til sjukehuset er Bekkevold ordknapp.

– Å kommentere løna eg fekk tilbod om – er ikkje forhandla fram – tykkjer eg er vanskeleg.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter