Nyheter

Skuffa over at Senterpartiet ikkje sette foten ned i abortspørsmålet

ABORT: Den nye regjeringa vil utgreie alternativ til abortnemnd, og fristille representantane i Stortinget. KrF er skuffa over at Senterpartiet ikkje har gjort meir for å hindre endring i abortlova.

– Vi er skuffa over at Senterpartiet ikkje klarte å sette foten heilt ned, seier fungerande KrF-leiar Olaug Bollestad.

Den nye Støre-regjeringa vil sette ned eit utval som blant anna skal greie ut alternativ til dagens abortnemnder. Samstundes vil regjeringspartia stå fritt til å søke fleirtal i Stortinget for sine standpunkt om abortlova. Det går fram av den nye regjeringsplattforma som vart forhandla fram mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Hurdal.

Arbeidarpartiet har programfesta å fjerne abortnemndene og utvide retten til sjølvbestemt abort til veke 18, medan Senterpartiet gjekk til val på å bevare den noverande abortlova. Bollestad seier at ho hadde håpa Senterpartiet skulle sette foten ned for å fjerne nemndene og utvide abortgrensa, men ho er likevel ikkje avvisande til at eit utgreiingsarbeid kan vere nyttig.

– Vi er opptekne av at dersom det no kjem ei utgreiing som faktisk går inn i dei problemstillingane som ligg i dette, og svarar ut viktige spørsmål, så er vi positive til det, seier Bollestad.

Ho åtvarar likevel mot at ei slik utgreiing må gå inn i problemstillingane på ein open og konstruktiv måte for at ho skal ha nokon verdi.

– Blir det ei utgreiing der det er lagt føringar for kva resultatet skal bli, så er det eit problem i seg sjølv.

SV-leder Audun Lysbakken kommenterte regjeringsplattformen i vandrehallen i Stortinget onsdag. Foto: Terje Pedersen / NTB

SV meiner utgreiing er fornuftig

SV er det partiet på Stortinget som har gått lengst i sitt program når det gjeld å utvide abortlova. I vår vedtok partiet at kvinna skal ha siste ordet ved ein abort heilt fram til veke 22. Likevel er ikkje partileiar Audun Lysbakken avvisande til at abortspørsmålet no først skal utgreiast før det kjem til Stortinget.

Eg trur vi alle er einig om at ei utgreiing er ein fornuftig måte å gjere dette på.

—  Audun Lysbakken, Leiar i SV

– Vi må sjå kva regjeringa meiner med dette punktet. Eg trur vi alle er einig om at ei utgreiing er ein fornuftig måte å gjere dette på. Så dersom den utgreiinga som regjeringa set i gong faktisk vil føre fram til konkrete lovframlegg med dei ulike alternativa på bordet, så er det klokt, seier Lysbakken.

Han understrekar at det ikkje er heilt klart i plattforma korleis ei slik utgreiing skal gå føre seg, verken når det gjeld omfang, kva den skal munne ut i eller kva tidsløpet vil vere.

– Vi er opptekne av at dette skal komme til Stortinget i løpet av perioden, men at det skjer på rett tidspunkt, og gjerne med ei utgreiing først. Det er litt uklart i plattforma, men viss det er det det blir lagt opp til, så er det eit ryddig løp, seier SV-leiaren.

Avtroppende kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) mener regjeringsplattformen til Ap og Sp ser mer bakover enn framover. Foto: Terje Pedersen / NTB

Venstre vil ikkje hoppe på abortforslag

– Eg synest det er riktig at slike spørsmål blir overlatne til stortingsrepresentantane. Der støttar eg det som står i plattforma. For mange er dette eit spørsmål om samvit, og då er det riktig at kvar enkelt for stemme etter si overtyding, seier leiar i Venstre Guri Melby.

For mange er dette eit spørsmål om samvit, og då er det riktig at kvar enkelt for stemme etter si overtyding

—  Guri Melby, leiar i Venstre

– Støttar du då også punktet om at det skal gjerast ei utgreiing før ein går til Stortinget?

– Vi har gått til val på ei utviding av abortgrensa til veke 18. Men det er klart, ei slik utviding må utgreiast. Skal Stortinget handsame dette, så er det klokt at det utgreiast først.

– Dersom det kjem eit konkret framlegg frå andre parti om til dømes å utvide til veke 18 før ei slik utgreiing er gjort, vil Venstre då stemme i mot det?

– Det må vi i alle fall ha ein diskusjon om i gruppa, og vi ønskjer også å involvere partiorganisasjonen litt i ei slik avgjersle. Vi er ikkje klar til å hoppe på eit forslag no.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter