Nyheter

Kuppkontinentet Afrika – heimvendt leigesoldat tok makta i råvarestat

BRUTALE MAKTSKIFTE: I Guinea har heimvendt leigesoldat kuppa makta frå landets første demokratisk valde president. Guinea har til liks med mange afrikanske land opplevd mange kupp.

Folk dansa i gatene i Conakry. Mange ville ære og feire oberst Mamady Doumbouya, ein heimvendt framandlegionær som sidan 2018 har vore sjef for hærens spesialstyrke i det lutfattige vestafrikanske landet Guinea.

Kuppet sende prisen på aluminium gjennom taket. Guinea har verdas nest største reserver av bauksitt, råstoffet for produksjon av aluminium. På Hydros metallverk i Høyanger i Vestland skapte kuppet i vestafrika feststemning. Eitt tonn aluminium kosta vel 2.800 dollar metallmarknaden i London, det høgaste nivået sidan august 2008

Tre gonger tidlegare har borgarane i eit av Afrikas minst utvikla land opplevd kupp og kuppforsøk – i 1984, 1985 og 2008.

Menneskerettsjurist blei eineveldig

Første sundag i september blei Doumbouya og dei kamuflasjekledde soldatane i Special Forces Group herrar i den gamle franske kolonien, som blei sjølvstendig i 1958. Kvar Alpha Conde, Guineas president, oppheld seg, er usikkert.

– Det er grunn til uro når landets første demokratiske president blei kuppa, seier Jesper Bjarnesen til Vårt Land.

Men, utdjupar forskaren ved Nordiska Afrikainstituttet, Conde endra grunnloven i fjor slik at han kunne bli attvalt for ein tredje periode, noko som skapte sterk politisk uro.

Fram til i fjor kunne Guineas president berre sitje to femårsperiodar. Bjarnesen minnar også om at Alpha Conde er jurist med menneskerettar som spesialfelt, men at han glei over i den tradisjonelle, afrikanske rolla mange statsleiarar vel: Conde blei ein afrikansk «big man», ein «stor-mann». Altså ein eineveldig president.

Det var Conde som ba Mamady Doumbouya avslutte karrieren som omreisande leigesoldat i den franske Framandlegionen for å bli sjef for landets spesialstyrke.

sudan

Halvparten vellukka

Kuppet i Guinea føyer seg inn i ein brutal, afrikansk tradisjon.

Etter andre verdskrig har det vore godt over 450 kupp og freistnader på kupp i verda – og aller flest på det afrikanske kontinentet, skriv Journal of Peace Research. Opp mot halvparten har funne stad her. Halvparten var vellukka, halvparten blei slått ned.

Etter at forskarane Jonathan Powell og Clayton Thyne leverte ein global kuppoversikt for åra 1950-2010, har Afrika opplevd ei rekkje kupp og kuppforsøk siste tiår:

Oberst kuppa kuppresident

  • Mali 2021: Oberst Assimi Goïta tok makta frå kupppresident Bah N’Daw.
  • Mali 2020: Oberst Assimi Goïta tok makta frå president Ibrahim Boubacar Keita, og innsette Bah N’Daw som president.
  • Sudan 2019: Hæren avsette president – og diktator gjennom 30 år – Omar al-Bashir.
  • Gabon 2019: Ei gruppe offiserar prøvde å ta makta, men mislukkast.
  • Zimbabwe 2017: Hæren og regjeringspartiet Zanu-PF jaga president Robert Mugabe ut av palasset, og innsette eks-visepresident Emmerson Mnangagwa som statssjef.
  • Burkina Faso 2015: Presidentgarden tok makta frå president Michel Kafando, men måtte gje tapt etter kort tid.
  • Egypt 2013: General Abdel Fattah al-Sisi knabba presidentmakta frå den folkevalde islamisten Mohamed Morsi.
  • Guinea Bissau 2011 og 2012: Grupper med offiserar og soldatar prøvde seg på kupp, men mislukkast.

---

Kupp

  • I tiåra frå 1950 til 2010 er det registrert over 450 kupp i verda:
  • Afrika: 169 (51,5 prosent vellukka).
  • Latin-Amerika: 145 (48,3 prosent vellukka).
  • Midtausten: 72 (45,8 prosent vellukka).
  • Asia: 59 (55,9 prosent vellukka).
  • Europa: 12 (33,3 prosent vellukka).

Kjelde: Journal of Peace Research

---

Tok makta på 70-talet

Sierra Leone hadde to kupperiodar, fortel Jonathan Powell og Clayton Thyne: Tre kupp i 1967 og 1968 og fem kuppfreistnader i åra 1992-1997.

Afrikas lengstsitjande statssjef, Teodoro Obiang Nguema Mbasogo, blei president i Ekvatorial-Guinea då han styrta onkelen i eit kupp. I 1979.

Verdas lengstsitjande kuppmakar er Qabus ibn Said al Said. I 1970 jaga han faren ut av sultanpalassset i Omans hovudstad Muskat.

eg

Store militære maktbasar

Jesper Bjarnesen ved Nordiska Afrikainstituttet har tre forklaringar på dei mange kuppa på det afrikanske kontinentet:

– Kupp smittar: Når kuppmakarar i eit land lukkast, blir andre – ofte militære leiarar – inspirerte til å gjere det same.

– Store og mektige hærar: Under den kalde krigen bygde USA og Sovjetunionen opp mektige partnarar i mange afrikanske land, dermed blei militæret uproposjonalt store – og mektige. Når så demokratisk valde leiarar feilar med statsbygginga, utnyttar offiserar maktbasen til å kuppe makta.

– Eineveldige presidentar: Mange afrikanske statssjefar samlar så mykje makt i embetet – og nullar nesten ut nasjonalforsamlingane – at dei blir eineveldige. Og dei samlar maktkrinsar rundt seg som nyt godt av rause materielle goder. Dermed blir dei lette bytte for dei militære som lovar meir demokrati, mindre korrupsjon.

Når kuppmakarar i eit land lukkast, blir andre – ofte militære leiarar – inspirerte til å gjere det same

—  Jesper Bjarnesen, forskar Nordiska Afrikainstituttet

Harde skuldingar

Frå hovudstaden Conacry i Guinea rettar kuppleiaren harde skuldingar mot det styrta regimet: Det stod for inngrodd korrupsjon og trakka på rettane til Guineas borgarar, vel 12 millionar i talet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter