Gamle vil fjerne kontantstøtta – unge er heilt ueinige

KONTANTSTØTTE: Folk flest over 45 ser helst at kontantstøtta blir kasta på den historiske skarphaugen. Dei som tilhøyrer aldersgruppa som faktisk brukar ordninga, er av ei heilt anna meining.

BreastfeedingVELFERDSGODE: Blant dei eldre aldersgruppene er kontantstøtta ei politisk symbolsak, men slik er det ikkje i dei yngre aldersgruppene som faktisk brukar ordninga, meiner Kristin Clemet.(Foto: P3472 Frank May/NTB)
Publisert Sist oppdatert

– Intuitivt skulle ein tru det var motsett, seier Kristin Clemet.

Ho leiar tankesmia Civita, som har bestilt undersøkinga om kontantstøtte frå Respons Analyse.

– Det vanlege er jo å tenke at det er progressivt å vere mot kontantstøtta. Det har vore knytt til verdiar som likestilling og feminisme, og det har blitt argumentert med at kontantstøtta er å sende kvinnene tilbake til kjøkkenbenken. Men dette viser vel at dei som faktisk erfarer på kroppen korleis det er å vere yrkesaktiv og småbarnsforeldre samtidig, opplever tid med barn og fleksibilitet som eit viktig og avgrensa gode.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP