Nyheter

Fritidskort i fare: KrFs «Willy Wonka»-eksperiment kan ryke etter valget

FRITIDSKORT: Arendal er blant 24 kommunar som deler tusenlappar ut til barn og unge som driv fritidsaktivitetar. Det er uklart om ordninga overlever stortingsvalet.

– Fritidskortet? Det har eg aldri høyrt om før.

16 år gamle Dior Rama balanserer basketballen på hofta og kikar på journalisten som har avbrote baskettreninga. Vårt Land har kome til Arendal for sjekka stoda for ei storstilt KrF-satsing: Fritidskortet.

Arendal var først ut og har sidan hausten 2019 sponsa barn og unge med opptil 2000 kroner i året til organiserte fritidsaktivitetar. Har nyheitene ikkje nådd ut til målgruppa?

Kompisen Mathieu Hetheli kjem oss til unnsetning:

– Eg trur ho snakkar om den gull-lappen.

For blant ungdommane i basketklubben Arendal Titans er fritidskortet kjent som «gull-lappen». Som ein del av marknadsføringa, har Arendal kommune delt ut Willy Wonka-inspirerte «tusenlappar» i gull.

– Eg hadde sikkert ikkje vore her om det ikkje var for den lappen. Eg speler ikkje så mykje basket, så gull-lappen gjorde at det var lettare i bli med av og til, seier Rama.

Hjartebarn til KrF

Fritidskortet skal gje barn mellom 6 og 18 år opptil 1.000 kroner i halvåret for å driva organiserte fritidsaktivitetar. Ordninga har vore hjartebarnet til KrF og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Til no har fritidskortet vore på prøvestadiet. Arendal og Vadsø var først ute, dei starta opp hausten 2019. Året etter kom ti nye kommunar til. Ordninga skal utvidast med 11 nye kommunar denne hausten. Regjeringa har sett av 120 millionar i statsbudsjettet for i år.

I Arendal har knappe 5.000 av over 7.200 barn og unge mellom 6 og 18 år, brukt dette fritidskortet. Snart kan pengesekken snurpast igjen.

For det er uklart om fritidskortet overlever stortingsvalet. Ap kuttar 60 millionar i ordninga i sitt alternative statsbudsjett. Sp og SV kjem heller ikkje med klare svar på om dei freder ordninga.

Det synest trenar Jesse Lee Krombel er synd. Han er trenar i Arendal Titans, og fortel at 25 av 153 medlemmer i aldersgruppa er komne til på grunn av fritidskortet.

– Ideen bak fritidskortet er fantastisk. Det er ei investering i ungdommen og i lokalsamfunnet.

Arendal Titans. Klubbleder Jesse Lee Krombel.

Bruker basket til integrering

Mykje av fritida er Jesse Lee Krombel her i sportshallen Sør Amfi i Arendal. Han kom til Noreg for over 10 år sidan frå USA og fann ei trygg hamn i idretten.

– Det var skummelt å koma til Noreg, eg kjente ingen. Basket vart min komfortsone. Eg kjente meg trygg, hadde det kjekt og vart integrert. Den kjensla vil eg gje fleire.

Mange av spelarane på Arendal Titans har røter frå ulike ikkje-vestlege land. Krombel peiker ut på bana, der spelarane varmar opp.

– Eg lærer dei ikkje berre basketball. Eg lærer dei eigenskapar dei treng i livet, å vara ansvarlege, til å bli vaksne.

Vil kosta milliardar på landsbasis

KrF går til val på å innføra fritidskortet på nasjonalt nivå. Kjell Ingolf Ropstad seier til Agderposten at det vil kosta rundt 1,8 milliardar kroner. I intervjuet peikar statsråden og KrF-leiaren på at fritidskortet spelar ei viktig rolle, spesielt for barn i fattige familiar.

Tal frå Frivillighetsbarometeret for 2019 viser at 27 prosent av barnefamiliar har late vera å delta i ein fritidsaktivitet, på grunn av kostnadane.

– Får fritidskortet dei ut av fattigdom? Nei. Men det er ei investering i barna. Det hjelper unge til å vera aktive og finne lidenskapen sin, seier Jesse Lee Krombel.

Trenaren i Arendal Titans brukar mykje tid på å sy saman opplegg for spelarar som kjem frå familiar med dårleg råd. For sjølv om fritidskortet dekker heile kontingenten i basketklubben, treng spelarane også pengar til utstyr, sko, klede og spelarlisens. Det ordnar Jesse Lee Krombel gjennom støtte frå ulike ordningar.

Nyleg tok han med 15 ungdommar til kjøpesenter og kjøpte sko og basketballar. Av dei tre spelarane Vårt Land møter på bana, har to blitt med i klubben gjennom fritidskortet.

– Ikkje alle har foreldre som vil støtta borna i idretten. For dei barna er eit slikt kort viktig, seier Dior Rama.

Arendal Titans. Klubbleder Jesse Lee Krombel.

Ein tusenlapp er ikkje nok

IL Sørfjell er det største idrettslaget i Arendal aust. Mange familiar i dette området har låg inntekt, fortel Henriette Carlsen, nestleiar i klubben.

– Fritidskortet verkar populært, og blir brukt av barn med ulik økonomisk bakgrunn. Men det er vanskeleg å få eit heilt tydeleg bilete, då korona kom rett etter kortet vart innført, seier ho.

Etter at fritidskortet blei innført, har ein større del av medlemmane betalt kontingent enn før. Carlsen er positiv til kortet, men peiker på ein del utfordringar med å rekruttera barn frå fattige familiar.

– Det er ikkje berre kontingenten som er ei utfordring. Idretten krev mykje tid og oppfølging frå foreldra, og det kan vera ei utfordring for dei som ikkje er så ressurssterke. Det er vanskeleg å rekruttera frivillige, og me kunne godt ønska oss meir hjelpemiddel framfor pengar gjennom fritidskortet.

Ho peiker på behovet for fleire trenarar og ressurspersonar, og fagfolk som tek ansvar for flyktningar i idretten.

Ap kaller fritidskortet ei symbolsak for KrF

Ap har signalisert at dei vil bruka pengar på andre ting enn fritidskortet, om dei kjem i regjering.

Kamzy Gunaratnam i Ap seier til NRK at det trengst meir universelle tiltak, som treff breiare. Ho trekk fram styrking av kommuneøkonomien, momskompensasjon, meir støtte til organisasjonar og gratis leige av fritidsutstyr.

– Dette er mykje viktigare enn at me skal få på plass ei fritidskortordning, fordi KrF treng ei symbolsak, seier ho til NRK.

f

Frå Aps potensielle regjeringspartnarar er tonen meir avventande. Verken SV eller Sp kutter i støtta til prøveprosjektet i sine alternative statsbudsjett.

– Eg har ikkje noko ønske om å rakka ned på fritidskortet. Eg set pris på at KrF har prioritert fritidstilbod til barn og unge. Så kan ein ikkje heller berre vraka alt og starta på nytt kvar gong det er val, seier Freddy André Øvstegård i SV.

Han seier at SV «i utgangspunktet» er positive til fritidskortet. Men partiet vil sjå på erfaringa frå prøveordninga. Ei SV-innvending mot prosjektet, er at det ikkje inkluderer ungdomsklubbar og fritidsklubbar.

Også Åslaug Sem-Jacobsen i Senterpartiet er avventande.

– Me må ta ein pust i bakken. Kjem Sp i regjering, vil me sjå på fritidskortet med positive auge. Me ser fram til evalueringa. Kostnaden er ei utfordring, derfor må me sjå om det har den effekten ein ønsker.

---

Fritidskortet

  • I 2019 sette regjeringa i gang prøveprosjekt med fritidskort i Arendal og Vadsø.
  • Fritidskortet skal dekka utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar. Kommunane får 800 til 1.000 kroner per barn i halvåret, i tillegg til støtte til administrasjon og utvikling.
  • Ordninga har blitt utvida i fleire rundar, no er 24 kommunar med i prøveordninga.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter