Haitis plager tek ikkje slutt
HAITI: Jordskjelv, orkanar, kupp, politiske drap, knugande kriminalitet, kronisk fattigdom. Haiti kjem seg ikkje opp frå kneståande.
JORDSKJELV: 14. august blir Haiti råka av eit kraftig jordskjelv – her frå byen Fleurant. Mannen sit i ruinane av sjukehuset.
Fernando Llano
– Medan andre fattige land har opplevd vekst og utvikling, har Haitis spiral berre gått nedover i over 100 år.
Leiv Marsteintredet, Haiti-kjennar og professor ved Universitetet i Bergen, ser få, om nokon lyspunkt i det fattigaste landet på den vestlege halvkula. Han fortel at Haiti er eit døme på at «alle gode intensjonar gjev ikkje gode resultat».
Når haitianarane har mislukkast med å utvikle landet sjølve, har viljen frå verdssamfunnet til å hjelpe, vore stor dei seinare åra – berre sidan det øydeleggjande jordskjelvet i 2010, har verdssamfunnet pumpa svimlande 13 milliardar dollar inn i Haiti.
Bestill abonnement her
KJØP