To og eit halvt år etter at dei borgarlege partia blei samde om ei eingongsløysing for eldre, ureturnerbare utlendingar, som har endelege avslag på asylsøknadane, strøymer det på med brev til Utlendingsnemnda (UNE).
Alle ber om å få avklart om dei oppfyller krava som vil gje opphald i Norge.
– Det er 53 personar som har bedt om ei vurdering etter forskrifta, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Kristine Søgaard Lomnes til Vårt Land.
Då Justisdepartementet presenterte ordninga i april, blei det opplyst at eingongsløysinga trer i kraft 1. juni, og siste frist for å søkje er 1. desember 2021.
For å få si sak vurdert, må utlendingen sjølv kontakte utlendingsforvaltninga og be om prøving. Fordi alle har endelege avslag frå UNE, er det UNE som no vurderer sakene.
[ Slik var dragkampen om dei ureturnerbare ]
Ber om utvida rammer
– Vel 50 er nok eit realistisk tal ut frå min oversikt, seier leiar i organisasjonen Mennesker i Limbo, Tor B. Jørgensen, til Vårt Land.
Han har ei utfordring til dagens regjering – og ho som går på etter valet, dersom det blir skifte:
– Rammene for eingongsløysinga må utvidast, fleire må få opphald av dei som har vore her lenge, seier Jørgensen.
Oppfylle fleire krav
Forskrifta UNE viser til er utlendingsforskrifta. Ho blei revidert og sendt ut frå Justisdepartementet i april, og har fleire krav som må innfriast om UNE skal innvilge personen opphaldsløyve:
- Må innan 1. oktober 2021 ha ein samla alder og opphaldstid i Norge på minst 65 år, der «oppholdstiden må være minst 16 år», og der «oppholdstiden beregnes fra det tidspunkt søknad om beskyttelse ble innlevert».
- «Senere oppholdstid utenfor Norge skal trekkes fra.»
- «Utlendingen må ha bodd i Norge pr. 1. januar 2019.»
- Må ikkje vere straffedømt.
[ Biskopene legger press på regjeringen ]
Frp og KrF krangla
Bakgrunnen for eingongsløysinga er eitt punkt i den politiske plattforma til Solberg-regjeringa. Då KrF gjekk inn i regjeringa i januar 2019, blei Høgre, Frp, Venstre og KrF samde om eit amnesti for ei gruppe:
«Regjeringen vil […] legge til rette for en engangsløsning for eldre ureturnerbare asylsøkere som har bodd lengre enn 16 år i Norge. Løsningen rammes inn slik at den ikke skaper presedens, og vil ikke gjelde straffedømte.»
Men så brukte særleg KrF og Frp lang tid på å utmeisle rammene for ordninga. Dåverende justisminister Jøran Kallmyr (Frp) ønskte at færrast mogleg skulle vere omfatta, medan KrF-leiar og statsråd Kjell Ingolf Ropstad ønskte ei raus løysning.
Etter at Frp gjekk ut av regjeringa, har justisminister Monica Mæland (H) brukt lang tid på å få ordninga konkretisert og rulla ut. Tidsbruken har departementet forklart med koronapandemien.
[ Ruller ut engangsløsningen ]
Ikkje høve til å klage på avslag
Då Justisdepartementet sende ut revidert forskrift i april, presiserte ein følgjande i rundskrivet som blei sendt ut:
«Å be om oppholdstillatelse etter engangsløsningen anses ikke som en ny sak/søknad. Avgjørelsen som treffes inngår i den eksisterende asylsaken. Det er dermed ingen klagemulighet, og det gis ikke fritt rettsråd.»
Departementet hadde også med eit punkt om avslag i rundskrivet:
«Dersom det viser seg utlendingen ikke omfattes av engangsløsningen, er dette ikke til hinder for at vedkommende gis oppholdstillatelse på annet grunnlag. En utlending som har behov for beskyttelse, skal gis tillatelse etter utlendingsloven § 28. Det kan også gis en ordinær tillatelse etter lovens § 38 første ledd dersom det foreligger sterke menneskelige hensyn, osv.»
Kjenner ikkje talet nøyaktig
Nøyaktig kor mange ureturnerbare utlendingar med endeleg avslag på asylsøknaden som oppheld seg i Norge, kjenner styresmaktene ikkje. Men under rettssakene mot leiaren av vikarbyrået Plog, Arne Viste, og tidlegare Oslo-biskop Gunnar Stålsett, som blei dømt for å ha gjeve arbeid til ei kvinne utan lovleg opphald, blei det opplyst at det kan vere snakk om opp mot 3.000 personar.
---
Eingongsløysing
- Presentert i Granavollen-erklæringa i januar 2019
- Rulla ut i april i år.
- Eldre, ureturnerbare utlendingar med lang butid i Norge og endeleg avslag på asylsøknaden er omfatta av ordninga.
---