Nyheter

Forbyr å fornekte folkemord

STRAFF FOLKEMORD: Kring 8.000 muslimske gutar og menn blei massakrerte i Srebrenica. No blir det straffbart å fornekte folkemordet. I Tyskland blei «nazibestemor» fengsla.

På minnelunden vrimla det av menneske. Ved gravsteinar sat eldre kvinner og sørgde. Dei retta hendene som skåler mot himmelen.

Enkene frå Srebrenica minnest ektemenn, søner, brør.

Bosnia-Hercegovina markerte Id då eg vitja Srebrenica i 2018. På minnelunden for dei kring 8.000 som blei slakta ned nokre varme julidagar i 1995, hadde tusental kome saman for å heidre dei døde.

I ein serbisk nabolandsby hadde mange eit heilt anna syn på det som skjedde i fjellbyen heilt aust i landet.

Folkemord? Slett ikkje! 8.000 døde, massakrerte av serbiske styrkar; pøh! Minnelunden er full av tilfeldige beinrestar muslimane har samla saman og gravlagt berre for å plage oss serbarar, lydde eit omkved.

folkemord

Kan innføre nye lover

Diplomaten Valentin Inzko har høyrt dei serbiske fornektingane i årevis. Frå kvarmann og folkevalde. Austerrikaren fyller vervet som høgrepresentant; det internasjonale samfunnets øvste representant i Bosnia-Hercegovina.

Vervet er heimla i fredsavtalen frå 1995, og Inzko skal støtte gjenoppbygginga i landet der krigen for hardt fram. Han har også vide fullmakter til å vedta og oppheve lover og avsetje politikarar.

– Innbyggjarane i Bosnia-Hercegovina har i mange år venta på at deira valde representantar skulle lovfeste eit forbod. I løpet av desse åra har tilhøva blitt verre. Ved å fremme konspirasjonsteoriar, rosar politiske leiarar ope dømde krigsforbrytarar, og nektar for at Srebrenica-folkemordet nokon gong har funne stad.

---

Bosnia-Hercegovina

  • Den internasjonale Haag-domstolen og FNs krigsforbryterdomstol for det tidlegare Jugoslavia har slått fast at drapa på kring 8.000 muslimske gutar og menn i Srebrenica i juli 1995 er eit folkemord.
  • To tidlegare presidentar i den serbiske utbrytarrepublikken i Bosnia, Radovan Karadzic og Biljana Plavsic, er tildelt heidersdekorasjonar av parlamentet i Republika Srpska, den serbiske delen av dagens Bosnia-Hercegovina.
  • Karadzic er dømt til livsvarig fengsel for folkemord og brotsverk mot menneskeslekta. Plavsic har sona ein dom på 11 år for brotsverk mot menneskeslekta.

---

Kan få tre eller seks år i fengsel

No får straffeloven i Bosnia-Herzegovina eit tillegg. Det har Valentin Inzko avgjort:

Det blir straffbart å fornekte folkemordet i Srebrenica i 1995 – og heidre dømte krigsforbrytarar.

Dei som i skrift og tale nektar for folkemordet kan få inntil tre år i fengsel, dobbelt så lenge dersom det er ein offentleg tenestemann som bryt den nye lova. Tre år er også strafferamma for dei som offentleg heidrar eller gjev utmerkingar til dømde krigsforbrytarar.

massakrer

Serberleiar avviser lovendringa

Inzko seier i ei kunngjering at at han lenge «vona at sunn fornuft skulle vinne fram»:

– Men dessverre ser me ein auke i herleggjering av krigsforbrytarar. I tillegg til at dette hånar rettsstaten, er eg også overtydd om at det kan bli ein kime til nye konflikter. Difor meiner eg det er naudsynt med ei lovregulering.

Bosnia-Hercegovinas fremste folkemordfornektar avviser å etterleve lovskjerpinga:

– Republika Srpska avviser dette. Folkemordet fann ikkje stad. Serbarar må aldri godta påstanden, seier Milorad Dodik, president i Republika Srpska, ifølgje Euronews.com.

Fredsavtalen frå 1995 delte Bosnia-Hercegovina i to, ein bosnisk-kroatisk del og ein serbisk. Dodik er øvste politiske leiar i den serbiske.

Dei politiske leiarane i Republika Srpska svarar Inzkos lovavgjerd med å varsle full boikott av alle statlege institusjonar: Det roterande presidentskapet, parlamentet og ministerrådet.

I Bosnia-Hercegovina deler serbarane, kroatane og bosniarane på å ha presidenten – åtte månader kvar i ein periode på fire år.

Folkemordet fann ikkje stad

—  Milorad Dodik, president i Republika Srpska

Statsminister fornektar folkemordet

Srebrenica ligg i Republika Srpska. 11. juli blei 19 nye identifiserte ofte gravlagt i minnelunden. Totalt 6.700 har fått ei namnestøtte i det nasjonale minnesmerke.

Ein annan serbisk rikspolitikar som nektar for at det fann stad eit folkemord i Srebrenica, er Serbias statsminister Ana Brnabić.

– Nei, eg meiner ikkje at den grufulle massakren i Srebrenica var eit folkemord, sa ho i eit intervju med Deutsche Welle i 2018.

Holocaust

Holocaust er ei «løgn»

Fleire land i Europa har gjort fornekting av folkemord straffbart. I 16 land trugar fengsel om ein i skrift og tale nektar for folkemordet på seks millionar jødar. I Frankrike er det også straffbart å hevde at folkemordet på armenarane i åra 1915-1916 ikkje var eit folkemord.

I særleg Frankrike, Austerrike og Tyskland er ei rekkje personar blitt dømde for Holocaust-fornekting.

Ursula Haverbeck, som tyske medier har døypt «nazibestemora», er mellom dei ivrigaste. I fjor kom historierevisjonisten ut frå fengsel etter å ha sona ein dom på to år. 92-åringen omtalar Holocaust som «løgn» og avviser at Auschwith var ein konsetrasjonsleir. Ho er også bøtelagt ei rekkje gonger for å ha fornekta Holocaust offentleg.

Haverbeck leia tidlegare eit senter for høgreekstreme som spreidde nazipropaganda, og blei stengt av styresmaktene i 2008.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter