Nyheter

Ap-topp vil heva sperregrensa

GRENSESTRID: Etter valet er det duka for debatt om sperregrensa i Stortinget. Ap-topp vil heva den til fem prosent: – Eg synest ikkje det er frykteleg mykje å be om frå partia.

Skal døra gjerast høg og porten vid for mindre parti? Eller skal ein tvert om stilla strengare krav til oppslutninga til parti som stiller til val?

Det er duka for debatt om sperregrensa i komande stortingsperiode. Etter valet skal Stortinget ta stilling til fleire grunnlovsforslag om å endra sperregrensa. I tillegg kjem temaet til å hamna på bordet til regjeringa som blir danna etter valet.

Sperregrensa er i dag på fire prosent. Grensa bestemmer kva parti som får tilgang til potten med dei verdifulle utjamningsmandata. Desse mandata er ofte ekstra viktige for mindre parti.

Størst endring går Raudt-leiar Bjørnar Moxnes inn for. Han foreslår å senke sperregrensa til to prosent.

Ap-topp vil kjempa for å heva sperregrensa

Raudt møter motbør frå storebror på venstresida: Arbeidarpartiet.

– Eg er fullstendig ueinig med Raudt. Kjem eg inn på Stortinget, kjem eg til å kjempa for mitt syn. Eg håper me får heva sperregrensa til fem prosent.

Det seier Stein Erik Lauvås, kommunalpolitisk talsperson i Ap, til Vårt Land. Han står på tredje plass på lista til Østfold Ap, ein sikker plass ifølgje målingane.

– Fem prosent sperregrense kan vera fornuftig, bra og styrka demokratiet. Parti skal ha eit visst mandat med seg inn på Stortinget.

Eg tenker det er godt for alle parti om me får ei sperregrense på fem prosent.

—  Stein Erik Lauvås, kommunalpolitisk talsperson i Ap

Aps stortingsgruppe har ikkje votert over spørsmålet, seier Lauvås. Han har ikkje registrert at nokon i gruppa ønsker å senka sperregrensa.

– Alternativa me diskuterer, er å enten behalda sperregrensa på fire prosent eller heva den til fem.

– Er ikkje dette dårleg nytt for dei fire partia som i dag ligg rundt sperregrensa?

– Eg synest ikkje det er frykteleg mykje å be om fem prosents oppslutning frå partia. Såpass sterkt mandat bør ein ha. Eg tenker det er godt for alle parti om me får ei sperregrense på fem prosent.

Ikkje uroa over 300.000 «bortkasta stemmer»

Eit reknestykke Vårt Land tidlegare har gjort, viser at 300.000 stemmer står i fare for å gå tapt under stortingsvalet i haust.

Utrekninga baserer seg på eit scenario der både Raudt, KrF, Venstre og MDG får 3,9 prosent ved valet. Med eit slikt resultat vil dei fire partia hamna under sperregrensa og ikkje kunne få dei viktige utjamningsmandata.

---

Slik fungerer sperregrensa

  • I haust skal det veljast 169 representantar til Stortinget.
  • 150 av desse mandata er distriktsrepresentantar. Dei blir vald frå 19 valdistrikt som har eit fastsett tal på mandat.
  • Mange distrikt har så få mandat at det berre er dei største partia som har sjanse til å få desse. Det kan gje mindre parti mindre utteljing for stemmene dei får.
  • 19 utjamningsmandat skal bøte på dette. Dei blir fordelt etter kor mange stemmer partia får på landsbasis. Målet er meir samsvar mellom mandatfordeling og totalt talet på stemmer.
  • For å delta i fordelinga av utjamningsmandat, må parti koma over sperregrensa. Den er i dag på fire prosent.

---

Rundt 300.000 stemmer som elles kunne gått til utjamning, får då inga innverknad på valresultatet.

Stein Erik Lauvås likar ikkje omgrepet «bortkasta stemmer».

– Det er ikkje alle stemmer ein får utteljing for, men me bør ikkje kalla det bortkasta stemmer. Partia må klara å få nok stemmer, og det er ei utfordring som gjeld for alle parti. Ei sperregrense på fem prosent vil gjera at veljarane tek endå grundigare avgjersler om kva parti dei vil støtta.

Ap-toppen er ikkje uroa over at parti vil forsvinna, om sperregrensa blir heva. Han viser til at både Venstre og Raudts forgjengar Raud Valallianse har hatt fleire periodar utanfor Stortinget. Desse partia forsvann ikkje av den grunn.

Skal sperregrensa endrast til 2, 3 eller 5 prosent?

To stortingsrepresentantar leverte i fjor inn forslag om å endre sperregrensa. Desse forslaga krev ei endring av Grunnlova, og går i kvar sin retning:

I tillegg har ei tverrpolitisk gruppe på Stortinget lagt fram eit såkalla Dokument 12-forslag om å endra heile valordninga.

Dei åtte representantane frå Ap, Frp, Venstre og Høgre kjem med tre ulike forslag til sperregrense for utjamningsmandat: tre, fire eller fem prosent.

Forslaget bygger på Vallovutvalet si utgreiing «Frie og hemmelege val — Ny valglov». Her foreslår fleirtalet å senka sperregrensa til tre prosent.

Kan tre i kraft før neste val i 2025

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv på e-post til Vårt Land at dei ulike grunnlovsforslaga blir behandla av det stortinget som blir vald til hausten. Forslaga blir behandla tidlegast våren 2022.

Sperregrensa er omtala i Grunnlova. Derfor må ei eventuell endring av sperregrensa krevja eit fleirtal på to tredelar.

Nokon vil opp og nokon vil ned. Eg har landa på at fire prosent er eit godt kompromiss.

—  Nils T. Bjørke i Senterpartiet

I tillegg jobbar no departementet med å laga eit nytt forslag til vallov. Dei tek sikte på å fremma forslag innan utgangen av 2022. Dette arbeidet vil altså bli overteke av den nye regjeringa som blir danna til hausten.

Departementet skriv at eventuelle endringar i valordninga for stortingsval kan tre i kraft før neste stortingsval i 2025.

Raudt fekk over 70.000 stemmer — men berre ein på Tinget

Bjørnar Moxnes er Raudts einsame svale på Stortinget. I forslaget om å senka sperregrensa til to prosent, skriv han at sperregrensa favoriserer dei største partia.

På dagens storting er det rundt 16.000 veljarar bak kvar representant frå dei seks største partia, skriv Moxnes. Til samanlikning har Moxnes støtte frå 70.522 veljarar, medan Une Aina Bastholm frå MDG har fått 94.788 stemmer.

Denne favorisering av dei store partia, meiner Moxnes gjer det vanskeleg å presentera nye alternativ for veljarane og fører til at «urimeleg mange stemmer ikkje fører til representasjon».

MDG-leder Une Bastholm. Foto: Terje Pedersen / NTB

I forslaget kjem Moxnes kjem med ei klar åtvaring: Det kan svekka oppslutninga om demokratiet, når vegen blir lang frå ei stemme i valet til representasjon på Stortinget.

Han viser også til Danmark, som har ei sperregrense på to prosent. Det meiner Moxnes gjev betre samsvar mellom stemmer og mandat, utan at det gjev meir fragmentering.

KrF: Ikkje teke stilling til sperregrensa

Vårt Land har lodda stemninga for ei lågare sperregrense blant Sp og KrF.

– Nokon vil opp og nokon vil ned. Eg har landa på at fire prosent er eit godt kompromiss, seier Nils T. Bjørke i Senterpartiet.

– 300.000 stemmer står i fare for å vera bortkasta. Kan ikkje det truga tilliten til Stortinget?

– Det er eit dilemma, for det er pluss og minus ved dagens grense. Men det er ei utfordring om det blir så mange parti at ein ikkje får styringsdyktige fleirtal. Dagens sperregrense gjev stabilitet, seier Bjørke.

Stortinget 01.12.2020. Regjeringen med enighet om budsjettavtale med Frp tirsdag kveld. Tore Storehaug og Mudassar Kapur

Han peiker på at det er parti både til høgre og venstre som slest mot sperregrensa på målingane.

– Balansen mellom blokkene og ulike synspunkt blir kanskje ikkje så forrykka av dagens sperregrense.

KrF har vore under sperregrensa på snittmålingane dei siste 10 månadane, viser tal frå nettstaden Pollofpolls. Det gjer ikkje at partiet tek til orde for ei lågare sperregrense.

– Om sperregrensa skal vera på tre eller fire prosent, har ikkje KrF teke stilling til. Jobben vår er uansett å sikra at KrF gjer eit val godt over dagens sperregrense, skriv stortingsrepresentant Tore Storehaug i ein e-post til Vårt Land.

I 2017 karra KrF seg over sperregrensa og fekk 4, 2 prosent av stemmene. Det gjorde at KrF fekk plussa på fem utjamningsmandatar til sine tre distriktsmandat.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter