Nyheter

Sårbare kvinner oppsøkte voldtektsmottaket oftest

VALDTEKT: Kvinner som allereie er i ein sårbar situasjon, oppsøker valdtektsmottak oftare enn andre. Likevel blir dei prioritere lågare av politiet.

– Dette problemet er også blitt omtala som «epidemien ingen snakkar om».

Det seier psykiater Bjarte Vik til forskingsnettstaden Gemini.no. Han har forska på 223 tilfelle der kvinner har oppsøkt overgrepsmottaket ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Funnet han peikar på er at fem prosent av kvinnene som oppsøkte overgrepsmottaket, hadde psykisk utviklingshemming. Dette er ti gongar høgare enn førekomsten av psykisk utviklingshemming i befolkninga.

Unikt forskingsarbeid

Psykisk utviklingshemming er ein av fire sårbarheiter som Vik såg etter i sitt forskingsarbeid.

---

Sårbarheit

For å bli rekna som sårbare, måtte kvinnene oppfylle minst eitt av desse kriteria:

  • Psykisk/fysisk utviklingshemming
  • Psykiske helseproblem
  • Alkohol-/rusmisbruk
  • Tidlegare opplevd seksuelt overgrep

---

– Vi fann at nesten 60 prosent av kvinnene som oppsøkte overgrepsmottaket i Trondheim, hadde minst ein av dei nemnde sårbarheitsfaktorane. 29 prosent hadde meir enn éin sårbarheitsfaktor, seier Vik til Gemini.no.

Forskinga er gjort i samband med ei doktorgradsavdeling Vik har gjort ved NTNU. Ifølgje Gemini er det unikt, også i internasjonal samanheng, at studien er basert på at politi- og sjukehusjournalar er blitt kopla i valdtektssaker.

Dårlegare etterforsking

Eitt av funna i forskinga er at når kvinnene som kjem til valdtektsmottaket tilhøyrer ei utsett gruppe, så blir etterforskinga politiet gjer i saka mindre grundig. Sannsynet for at politiet gjer ein mindre grundig jobb er faktisk dobbelt så høg i desse tilfella.

Vik fann også ut av det i mindre grad er alkohol involvert i sakene, når sårbare kvinner blir utsett for seksuelle overgrep. Medan alkohol er ein svært vanleg faktor i saker der kvinnene ikkje har nokon spesielle sårbarheiter, så har sårbare kvinner ofte ikkje drukke mykje i forkant av valdtekta.

– At ein part har ein openberr sårbarheit som ein annan part utnyttar, tilsynelatande systematisk, ser ut til å vere eit vanleg fenomen blant dei som oppsøker overgrepsmottak, seier Vik til gemini.no.



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter