Diskrimineringa aukar: Hatprat, mishandling og forbod
PRIDE: I ein heil månad er Noreg pynta i regnbogens fargar frå nord til sør. Er det då framleis noko att for den skeive rørsla å kjempe for?
POLEN: I dei store byane kan LHBT-personar framleis feire Pride i Polen. Men rørsla er under stort press. Tre kvinner står no i ei rettssak for å ha laga plakaten med Maria og Jesus-barnet omslutta med regnbogeglorie. Dei risikerer to års fengsel.
WOJTEK RADWANSKI
– Fram til for få år sidan var det veldig positiv utvikling over heile Europa. No ser vi at det har stoppa opp i mange land, og i ein del land har det vore store tilbakeslag.
Det seier politisk rådgjevar Patricia Kaatee i Amnesty International.
Sjølv om Noreg er pynta med regnbogeflagg frå nord til sør, meiner ho at det er meir som står på spel for skeive rettar akkurat no, enn det har vore på lenge. Ein rapport frå den internasjonale paraplyorganisasjonen ILGA, som samlar organisasjonar som jobbar med rettar for LHBT-personar, peikar på ein negativ trend i Europa. Dei registrerer ei skarp auke i mishandling og hatprat retta mot skeive.
Bestill abonnement her
KJØP