Nyheter

Raja: Homoterapi vil gje fengselsstraff

HOMOTERAPI: Den interne krangelen om lovforbod mot konverteringsterapi pågår framleis i regjeringa. Med kulturminister Abid Raja (V) er klar på ein ting: homoterapi skal kunne føre til fengsel.

— Akkurat som vi forbyr kjønnslemlesting, akkurat som vi forbyr tvangsekteskap, skal vi forby konverteringsterapi, seier kulturminister Abid Raja.

— Vi kjem til å gå inn for eit forbod. Og det kjem til å vere strafflagt. Med fengsel.

Då regjeringa la fram sin LHBTIQ-handlingsplan torsdag, var arbeidet med ny lov framleis ikkje ferdig. Statsminister Erna Solberg (H) var likevel heilt klar på at regjeringa vil forby konverteringsterapi, og høyringsnotatet til denne lova skal vere klart i løpet av sommaren.

Statsminister Erna Solberg, kultur- og likestillingsminister Abid Raja, utviklingsminister Dag Inge Ulstein og helse- og omsorgsminister Bent Høie presenterer regjeringens nye handlingsplan mot diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika.

Høyringsnotat kjem neste veke, meiner Raja

I fjor haust lova kulturminister Abid Raja å legge fram ei lov om forbod mot konverteringsterapi i løpet av våren. Under dagens pressekonferanse tok han stadig atterhald om at lovframlegget «forhåpentlegvis» skal komme før sommaren. Men på direkte spørsmål er han langt meir klar på når han ventar at lova skal vere ferdig.

– Statsministeren har sagt at den skal ut før sommaren. Og fellesferien startar måndag 5. juli. Statsministeren har sagt at dette skal ut i løpet av neste veke, og det er det eg held meg til.

Statsministeren sjølv er ikkje like tydeleg som kulturministeren sin, men signaliserer også at lova kan vere rett rundt hjørnet.

– Kor sikker er du på at lovframlegget om forbod mot konverteringsterapi faktisk blir lagt fram før valet?

– Alt tyder på vi skal klare å få ut eit høyringsnotat no i løpet av sommaren. Men vi må lande nokre vanskelege grensegangar. Det er vanskeleg, seier Solberg.

Høyringsnotat i skytteltrafikk

At dette har vore vanskeleg avslører også den offentlege postjournalen til regjeringa. Den viser at høyringsnotatet har gått i skytteltrafikk mellom Kulturdepartementet, der Venstre-nestleiar Raja sit, og Barne- og familiedepartementet, der KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad sit. Mykje tyder på at det framleis går føre seg ein politisk dragkamp mellom dei to partia.

Dersom lovframlegget blir lagt fram før partia går inn i valkampen, så er det ein viktig siger for Venstre. Blir framlegginga derimot skyven ut mot hausten, er det KrF som har mest å vere nøgde med i denne saka.

KrF-leiar og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad var ikkje til stades. I etterkant av pressemøte vil Ropstad sin statssekretær Julie Kordahl verken bekrefte eller avkrefte at fengselsstraff er noko som vil ligge inne i den nye lova. Ho understrekar at arbeidet med høyringsnotatet framleis ikkje er ferdig i departementa, og at Abid Raja sine uttaler om dette derfor må stå for hans eiga rekning.

Statsminister Erna Solberg, kultur- og likestillingsminister Abid Raja, utviklingsminister Dag Inge Ulstein og helse- og omsorgsminister Bent Høie presenterer regjeringens nye handlingsplan mot diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika.

Viktig valkampsak for Venstre

Allereie i desember 2019 lova dåverande kulturminister Trine Skei Grande at eit framlegg om forbod mot konverteringsterapi for homofile, skulle komme våren 2021. Både ho og hennar etterfølgjar Raja, har framheva dette som ei viktig sak for Venstre.

– Som nestleiar i Venstre kan eg seie at dette er ei veldig viktig verdisak. Landet skal vere fritt for alle. Også for dei skeive, og for dei religiøse. Ein skal ikkje presse si kristne tru eller si muslimske tru på ein behandlingsaktig måte på barna sine. Dei miljøa som driv med dette, må stoppe, seier Raja.

– Kor viktig er det for Venstre å ha med seg denne saka inn i valkampen?

– Dette er ei viktig sak for Noreg, svarar Abid Raja.



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter