– Det kan bli det beste valet Etiopia nokon gong har hatt

VAL: Etnisk vald, svolt og ramsalt internasjonal kritikk dannar bakteppe for mandagens val i Etiopia. Kirkens Nødhjelps landdirektør er likevel forsiktig optimist.

BØNN FØR VALET: Ortodokse kristne i Etiopia samlast i helga for festivalen Senay Mikael, eller Sankt Mikael, i utkanten av hovudstaden Addis Abeba. Under festivalen bad prestane om fred for landet og for det komande valet.(Foto: Ben Curtis/AP)
Publisert Sist oppdatert

Mandag går etiopiarane til stemmeurnene. Dei skal velja inn 547 medlemmer til parlamentet, der leiaren for det vinnande partiet også blir statsminister.

Sitjande statsminister Abiy Ahmed vart tildelt Nobels fredspris i 2019. Han møter mykje kritikk både internasjonalt og internt i landet:

  • Konflikten i provinsen Tigray vart teke til eit nytt nivå denne veka. Finlands utanriksminister og EUs spesialutsending Pekka Haavisto skulda etiopiske leiarar for å ha uttalt at dei ønsker å utsletta tigrayene. – For oss ser dette ut som etnisk reinsing, sa Haavisto.
  • Veka før brukte FNs naudhjelpskoordinator ordet hungersnaud for å skildra situasjonen i Tigray.
  • Fleire parti boikottar valet på mandag. Mellom dei er The Oromo Liberation Front (OLF), eit av dei eldste partia I landet. Dei mobiliserer veljarar som tilhøyrer den etniske gruppa oromo, som statsminister Abiy Ahmed tilhøyrer.
  • Uro og vald i fleire provinsar gjer at det ikkje bli halde val i 102 av landets 547 valkretsar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP