Jublar for ny lov – men norske uigurar er usikre
ETIKK: Sju år med arbeid ligg bak ei ny lov som skal hindra slaveri. Norske uigurar er postitive, men etterlyser også upartiske observatørar i Kina.
FEST: Anja Bakken Riise (midten) i Framtiden i våre hender baud på kake for å feira den nye åpenheitslova då Stortinget vedtok lova torsdag.
Erlend Berge
Torsdag banka Stortinget gjennom ei ny åpenheitslov. Den har som mål å fremma respekt for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i næringslivet.
– Me er veldig glade i dag. Denne lova har me jobba for i sju år, seier Håvard Skjerdal, kommunikasjonsleiar i KFUK-KFUM.
– I dag har me feira med kake framfor Stortinget. Me blir kontakta av kollegaer i sivilsamfunn og fagrørsla over heile verda som gratulerer oss og som spør korleis dei skal få til det same, seier Anja Bakken Riise, leiar i Fremtiden i våre hender.
Bestill abonnement her
KJØP