Nyheter

Farleg mangel på helsesjukepleiarar

PSYKISK HELSE: Sårbare barn og unge har fått auka psykiske helseplager under pandemien. Samtidig er det underskot på kvalifisert hjelp i skulehelsetenesta. Norge manglar 2.000 helsesjukepleiarar.

Leder av ekspertgruppa for psykisk helse og rusbruk, Peder Kjøs, anbefaler regjeringen å styrke kravene til for bemanning i skolehelsetjenesten. Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) vil ikke love dette, men viser i stedet til at tjenesten alt er blitt styrket. Foto: Torstein Bøe / NTB

– Me snakkar om sjølvskading, depresjonar, etevegring, alvorlege psykiske problem som vil følgje mange inn i – og gjere dei uføre og setje dei på sida av livet. Hadde kommunane brukt midla dei får til skulehelseteneste på skulehelseteneste, hadde særleg sårbare barn og unge hatt ein langt betre kvardag, både under ein pandemi og når landet ikkje strevar med pandemi.

Ann Karin Swang er opprørt, på vegne av dei mange som møter stengde dører i skulehelsetenesta. Fordi kommunane har prioritert ned eller vekk stillingane som helsesjukepleiarar.

Swang er leiar for fagruppa helsesjukepleiarar i Norsk sjukepleiarforbund. Fram til 2018 heitte dei helsesøster. Sjølv har Swang 24 år i yrket på CV-en.

Ann Karin Swang

Pass på, pass på

Varskoropa lydde same dag som regjeringa stengde ned Norge 12. mars i fjor: Ver ekstra merksame på sårbare barn og unge.

Kommune-Norge svarte med å stengje skulehelsetenesta. Tre av fire kommunar omdisponerte helsesjukepleiarar til særleg smittesporing, fortel Statistisk sentralbyrå.

I april i år leverte det offentlege Kjøs-utvalet rapporten om nordmenns psykiske helse under pandemien. Ekspertgruppa, leia av psykolog Peder Kjøs, fekk også i oppdrag å fremme konkrete forslag om kvar innsatsen bør styrkast i helse- og omsorgstjenestene, samt fremme tiltak.

Utvalet peikar særleg på ei gruppe som har opplevd og opplever monaleg auka i psykiske helseplager: Barn og unge i sårbare omsorgssituasjoner.

Døra til helsesjukepelaiaren må difor vere open for barn og unge, poengterer utvalet, som skriv: «Styrke tilbud knyttet til livsmestring og psykisk helse i skolene og skolehelsetjenesten» slik at «alle får den nødvendige opplæringen og kunnskapen for å bli bedre rustet for å håndtere motgang».

Me snakkar om sjølvskading, depresjonar, etevegring, alvorlege psykiske problem som vil følgje mange inn i vaksenlivet.

—  Ann Karin Swang, leiar for helsesjukepleiarane i Sjukepleiarforbundet.

Får ikkje hjelp

Ein fersk rapport frå forskingsstiftinga SINTEF avdekkjer at mange barn og unge møter stengde dører i skulehelsetenesta:

Det manglar over 2.000 helsesjukepleiarar for barn og unge i Norge. Samstundes har helsesjukepleiarane som er i jobb fått andre og meir krevjande oppgåver.

Helsedirektoratet har definert behovet i Kommune-Norge: Det trengs 5.663 årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Det reelle talet i dag er 3.585 årsverk, fortel SINTEF-rapporten.

Skulehelse blir gjort til prosjekt

Underdekninga på vel 2.000 har fleire forklaringar, viser studien som er gjort på oppdrag for Norsk Sjukepleiarforbund:

Mange kommuner løyver berre midlar til eit minimumtal helsesjukepleiarstillingar.

Det er utstrakt bruk av deltidsstillingar.

Kvar femte stilling er finansiert med prosjektmidlar og ikkje faste budsjettløyvingar.

Til sist blir det utdanna alt for få helsesjukepleiarar årleg. Masterutdanningane er oversøkte, men det kjem ikkje fleire studieplassar – i dag 20. Gorskninga viser at «denne studieretningen blir lavt prioritert av utdanningsinstitusjonene», seier rapporten.

– Det som er opprørande i denne saka, er ikkje at det er mangel på midlar, for er det noko dagens regjering har prioritert, så er det å løyve pengar til skulehelsetenesta - over ein milliard berre i år. Nei, det som opprører er at kommunane brukar pengane på alt anna enn skulehelseteneste, seier Swang.

– Korleis då?

– Midla er ikkje øyremerka, men kjem som ein del av rammeoverføringane. Dermed kan 356 kommunar bruke pengane akkurat som dei vil. Og då er det altfor mange som prioriterer ned barn og unges psykiske helse. Med alvorlege konsekvensar.

– Men er ikkje førebygging billegare enn reparasjon?

– Jau, men det er andre budsjett, og andres økonomiske ansvar.

Helge Eide

Nektar øyremerking

I KS, kommunesektorens organisasjon, kjem områdedirektør Helge Eide helsesjukepleiarleiar Ann Karin Swang i møte i ei sak:

– Me skulle hatt fleire helsesjukepleiarar ute i kommunane.

Men, legg Eide raskt til:

– Me ønskjer ikkje øyremerking av løyvingane. Kommunane må sjølve finne ut kva som er mogleg å få til innafor rammene – og det er ikkje berre helsesjukepleiarar som arbeider med barn og unges psykiske helse.

Då helseminister Bent Høie (H) i april tok i mot rapporten frå Kjøs-utvalet ville han ikkje love bemanningsnorm for kor mange helsesjukepleiarar det må vere i kommunane.

---

Helsesykepleiere

  • Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten slår fast at «kommunen skal tilby helsestasjons- og skolehelsetjeneste til barn og ungdom 0–20 år.»
  • Men forskrifta krev ikkje helsestasjons- og skolehelseteneste i kvar kommune: «Driften av helsestasjons- og skolehelsetjenesten kan skje ved interkommunalt samarbeid».

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter