Nyheter

Fryktar abortpress mot sårbare kvinner

ABORTLOVA: Fem parti på Stortinget vil avskaffa abortnemndene. Erfarne gynekologar seier nemndene kan hindra kvinner i å bli pressa til abort.

Framtida til abortnemndene skaper stor politisk debatt. På landsmøta i vår har fem parti programfesta å heilt eller delvis skrota denne ordninga.

Ap, MDG og Venstre vil fjerna nemndene fram til veke 18. SV og Raudt fram til veke 22.

Vårt Land har snakka med to erfarne gynekologar. Dei ser positive sider ved å delvis avvikla nemndene.

Men, dei peikar også på at nemndene kan vera ein sikkerheitsventil for kvinner som vil behalda barnet, men som kjenner seg pressa til å ta abort.

«Enkelte kvinner treng nokon som kan seia nei for dei»

– Eg har sjølv møtt slike kvinner i jobben min som gynekolog. Dei har partnarar eller familie som er dominerande, og dei er i ein sårbar posisjon, seier Ole-Erik Iversen, professor emeritus ved Universitetet i Bergen og tidlegare overlege ved Kvinneklinikken i Bergen.

Dei trugar med å støyta henne ut av familien, eller i verste fall med å drepa henne.

—  Kirsten Hald, leiar i Norsk Gynekologisk Forening

Det same seier Kirsten Hald, leiar i Norsk Gynekologisk Forening. Ho sit sjølv i abortnemnd.

– Ofte er opningsspørsmålet me stiller kvinna: «Er det nokon som pressar deg til abort?». Det som er viktigast for oss, er at det er kvinna sitt val, og ikkje nokon andre sitt, seier ho.

Nemnda består av to legar, minst ein av dei skal vera kvinne. Kvinnene som ønsker abort, bestemmer sjølv om dei vil møta i nemnda. Desse møta tek som regel mellom 30 og 60 minutt.

Av rundt 50 saker Kirsten Hald har vore med på, har ho møtt eit par kvinner som eigentleg ønskjer å behalda barnet. Ho har høyrt om liknande saker frå kollegaer.

– I dei få sakene eg kjenner til, blir kvinna pressa av familien om å ta abort, fordi dei meiner at det er med feil mann eller til feil tidspunkt. Dei trugar med å støyta henne ut av familien, eller i verste fall med å drepa henne.

I nokre tilfelle har nemnda kopla på krisesenter, etter at dei har vore i kontakt med kvinner som opplever trugsmål eller vald.

Så ved å seia nei til abort, kan nemnda gje kvinner ei «unnskylding» til å behalde barnet?

– Ja, men dette skjer sjeldan. Enkelte kvinner treng nokon som kan seia nei for dei.

Vanskeleg å skjula graviditeten til veke 18

Kvinnene Ole-Erik Iversen har møtt som gynekolog, har blitt usett for meir subtilt press enn klare trugsmål om vald. Han seier at familiar kan truga med å kasta kvinna ut frå heimen, eller at partnaren trugar med å avslutta forholdet, om kvinna ikkje tek abort.

Dagens abortlov sikrar kvinna sjølvbestemt abort fram til veke 12. Etter dette er det abortnemnda som avgjer om kvinna kan ta abort. Nemnda skal ta avgjersla i samråd med kvinna.

No heldt det å skjula graviditeten til veke 12. Det er vanskelegare å få til fram til veke 18, då synest det meir på utsida.

—  Ole-Erik Iversen, professor emeritus

NRK har fortald historia om «Ingvild», som vart utsett frå trugsmål frå barnefaren då ho vart gravid. Han skal ha lova henne store pengesummar om ho tok abort. Ho fortel at barnefaren slutta plaga henne etter veke 12 i svangerskapen.

Ole-Erik Iversen peiker på at om nemndene forsvinn, vil dei kvinnene som føler seg pressa til å ta abort, måtte halde graviditeten skjult lenger.

– No heldt det å skjula graviditeten til veke 12. Det er vanskelegare å få til fram til veke 18, då synest det meir på utsida.

– Me manglar harde data

Det er vanskeleg å få faktabasert kunnskap om slike saker, seier professor emeritus Ole-Erik Iversen.

– Me manglar harde data. Forsøk på å forska på dette, har blitt avvist av etisk komite. Ein vil skjerma kvinner som har gått gjennom dette, frå å bli kontakta av forskarar som rippar opp i noko som er vanskeleg, seier Iversen.

d

Alle saker som blir avslått i abortnemnd, blir automatisk anka inn til sentral abortklagenemnd. Men i nokre saker trekker kvinnene tilbake denne klagen.

I 2020 fekk 40 kvinner avslag i nemnd. Berre 35 av sakene vart behandla vidare i abortklagenemnda. Det viser tal frå Abortregisteret. Også i tidlegare år er det eit avvik mellom tal på avslag og tal på saker som kjem opp i klagenemnda.

– Nokre av desse tala kan vera ein indikasjon på tvang, seier Iversen.

Han sit i den sentrale abortklagenemnda. Han understrekar at han uttaler seg som gynekolog og professor, og ikkje på vegner av denne nemnda.

Han er oppteken av at desse kvinnene blir møtt av eit godt tilbod, om abortnemndene blir avvika.

Det er viktig at desse kvinnene får god rådgjeving av helsepersonell. Dei må kunna gje eit signal som kan fangast opp, om dei blir utsette for press til å ta abort. Men det er utfordrande, me veit at kontrollerande og valdelege menn ikkje gjev seg så lett.

Meiner nemnd kan vera nedverdigande og kvinnefiendtleg

Norske gynekologar er delte i synet på om det er ein god ide å legga ned abortnemndene.

– Me har ikkje ein felles tanke om dette. Våre 1200 medlemmer har ulike syn, seier Kirsten Hald, leiar i Norsk Gynekologisk Forening.

Personleg er ho delt i synet på om desse bør avviklast.

– Det er eit kjempevanskeleg dilemma. Kvinner kan oppleva det som nedverdigande og som ei ekstra belastning å måtta møta i nemnd. Det kan verka kvinnefiendtleg, seier ho.

Norsk Gynekologisk Forening har sett ned eit utval som skal greia ut alternativ til dagens abortnemnd.

– Eit forslag er eit rådgjevande organ der kvinna sjølv kan bestemma kven ho skal møta. Det kan til dømes vera ein prest, ein imam, lege eller ein psykolog som kvinna kan ha samtale med, seier Hald.

Ho understrekar at ein seinabort er eit vanskeleg val å ta åleine.

– Kvinner som vurderer seinabort står som regel i ein krisesituasjon. Det er ikkje eit val ein tek med lett hjarte. Det er viktig å ha nokon å snakka med i den situasjonen.

Kritisk til å avvikla nemndene etter veke 18

Ole-Erik Iversen er med i utvalet til Norsk Gynekologisk Forening som ser på alternativ til dagens nemnd. Utvalet skal legga fram rapport i forkant av årsmøtet i haust.

Han er open for å endra nemndene til å bli eit rådgjevande organ fram til veke 18.

– Me har nesten fri abort til veke 18. Så det vil ikkje utgjera så stor skilnad. Men etter veke 18 må lova forsvara fosterets progressive rettsvern.

I dagens abortlov står det at nemnda skal legga vesentleg vekt på korleis kvinna sjølv bedømmer sin situasjon fram til veke 18. Etter dette, må det særleg tungtvegande grunner til for å kunne ta abort.

Ole-Erik Iversen meiner abortnemndene har fått ufortent mykje kritikk.

– Me har hatt ei velfungerande abortlov i 40 år. Sjølv om folk har kasta skitt og stein på nemndene i denne perioden, skulle eg likt og sett eit anna land som har ei betre ordning enn i Noreg. Kvinnas eigen vurdering veg tungt og er nesten avgjerande også etter veke 12.

Han er kritisk til å utvida abortgrensa til etter veke 18, og viser til USA.

– I USA har dei i lang tid i mange statar hatt fri abort fram til veke 24. Dei abortane blir gjort kirurgisk, det er ein tøff affære. I naborommet til der desse abortane blir gjort, jobbar helsepersonell med å redda foster som er fødd ei veke seinare. Det er så schizofrent som det går an.

Trur ikkje fleire vil reservera seg

I fjor utførte Norsk Gynekologisk Forening ei enkel undersøking blant medlemmane, på oppdrag frå Legeforeningen. Den viste at mange var kritiske til å utvida abortgrensa til veke 18.

– Eg vart forbausa over kor mange som var kritiske. Men eg er usikker på kor gode desse tala er, då det berre var eit lite utval som blei spurt.

Leiar i Jordmorforbundet, Kristin Holanger skriv i ein kronikk i Vårt Land at om abortgrensa blir utvida til veke 22, vil det føra til meir bruk av reservasjonsretten blant jordmødrer.

Kirsten Hald trur ikkje det same vil gjelda norske gynekologar.

– Det er få som er mot abort som blir gynekologar. Men mange gynekologar vil ikkje lika ei utviding av abortgrensa. Eg trur det viktige er kva alternativ som kjem til abortnemndene.

Aborttala i Noreg er historisk låge, viser tal frå Folkehelseinstituttet. I 2020 vart det utført 11.081 svangerskapsavbrot, dei aller fleste innanfor grensa på sjølvbestemt abort. Berre 508 av abortane var behandla i nemnd.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter