Nyheter

Katastrofen i Meron: – Ein folkefest som enda som ei utruleg tragedie

ISRAEL: Feiringa ved Meron-fjellet samlar kvart år fleire hundre tusen jødar til ein folkefest. I år enda det med ein av dei verste katastrofene i staten Israels historie.

– Det er ei utruleg tragedie. Ei av dei største katastrofene for Israel i fredstid, seier overrabbinar i Noreg Michael Melchior på telefon frå Jerusalem, der han til dagleg er busett.

Ulukka hende då rundt 100.000 menneske samla seg ved fjellet Meron for å feire den populære jødiske høgtida Lag Ba’omer, som starta torsdag kveld. Det vart først meldt at det var snakk om tribunar som hadde kollapsa, men seinare vart det klart at katastrofen skuldast at det vart for stort press i folkemassane, og at mange deltakarar mista fotfestet og ramla. Fleire blei trakka ned i kaoset som følgde.

Så langt er det meldt om minst 45 døde og over 150 med skader.

Israels ambassadør til Noreg uttrykkjer stor sorg over den tragiske hendinga.

– I dag er ein trist dag for Israel når vi gravlegg mange borgarar som har mist livet i den tragiske hendinga. Det varmar samstundes hjartet å sjå korleis folk frå mange delar av det israelske samfunnet viser solidaritet og vil hjelpe. Vi ber for dei som mista sine liv. Samstundes ønskjer vi å takke alle våre vener i Noreg for deira støttemeldingar på denne triste dagen, seier ambassadør Alon Roth til Vårt Land.

Også Erna Solberg har uttrykt kondolanse. På Twitter seier statsministeren at det var med stor sorg at ho tok imot nyheita om tragedien, og ho uttrykkjer medkjensle med dei som er ramma.

Ikkje ultraortodoks

Hendinga ramma eit arrangement der det deltok ultraortodokse jødar, og enkelte har meldt at også høgtida som vart feira er ei ultraortodoks høgtid. Men dette stemmer ikkje, ifølgje Michael Melchior.

Rabbiner Michael Melchior

– Det er ikkje korrekt. Feiringa i Meron omfattar eit breitt utsnitt av den jødiske befolkninga i Israel. Det er ein folkefest der det tennast bål, barn får vere opp til seint på kvelden, og ein syng og et i lag rundt båla, seier han.

Melchior forklarer at grunnen til at det var ultraortodokse som vart ramma er at denne ulukka hende på eit eige arrangement med berre ultraortodokse deltakarar. Til vanleg kjem så mykje som 350.000 menneske til Meron under høgtida, men på grunn av koronarestriksjonar var talet lågare i år. Likevel er trykket på området stort under høgtida, og det har lenge vore varsla at tryggleiken ikkje er god nok under den årlege feiringa.

– Folk er i sjokk. Det kviler eit tungt ansvar på politiet etter ei slik hending. Det må komme ei gransking i etterkant for å finne ut korleis dette kunne skje. Men i dag er ikkje dagen for å peike på skuldige, understrekar Melchior.

Folk er i sjokk. Det kvilar eit tungt ansvar på politiet etter ei slik hending.

—  

To høgtider

Eigentleg er det to høgtider som blir feira i Meron. Lag Ba’omer er opphavleg ei mindre jødisk høgtid som markerer at det er gått 33 dagar sidan den jødiske påska (pesach). Etter påske er religiøse jødar underlagt ei rekke ulike restriksjonar, som forbod mot bryllaup og mot å klippe seg. Lag Ba’Omer markerer avslutninga på desse restriksjonane. Bakgrunnen for høgtida er noko usikker, men er truleg knytt til Bar Kokhva-opprøret, eit jødisk opprør mot romarane på 100-talet e.Kr.

Samstundes feirast også Yom Hillula, som markerer dødsdagen til den viktige rabbinaren Shimon bar Jochai. Etter tradisjonen er han forfattar av Zohar, den viktigaste boka innanfor den mystiske retninga kabbala innan jødedomen. Shimon bar Jochai skal vere gravlagd ved fjellet Meron, og det er bakgrunnen for at mange samlar seg der.

44 mennesker omkom og 150 ble skadd da det oppsto panikk og trengsel under en jødisk festival nord i israel torsdag. Foto: AP / NTB

Sionistisk kopling

Opphavleg var det ikkje noko sterk kopling mellom dei to høgtidene, og for femti år sidan var det få som samla seg i Meron under Lag Ba’omer. Det er delvis politiske grunnar til at dette har endra seg, meiner Melchior, fordi begge høgtidene er knytt til Bar Kokhva-opprøret.

– Opphavleg blei opprøret sett på som ei katastrofe for det jødiske folket. Mange hundre tusen blei drepne og nasjonen Israel vart så å seie utsletta. Men med sionismen vart denne hendinga henta opp att i eit positivt lys, forklarer han.

Historiene om heltemot i kampen mot romarane fekk ein ny relevans i kampen for å gjenopprette Israel som stat, også blant sekulære jødar.

For jødar flest er Lag Ba’omer no ein dag for glede og fest, og innleiinga på ei lysare tid. I år kom dagen med eit mørke som vil ligge over landet lenge.

Meron ligg i Galilea, lengst nord i Israel.

---

Tragedien i Meron

  • Minst 45 er døde og over 150 skada.
  • Hendiga skjedde i samband med feiringa av den jødiske høgtida Lag Ba’omer.
  • Til vanleg kjem så mykje som 350.000 menneske til Meron under høgtida, men på grunn av koronarestriksjonar var talet lågare i år.
  • Katastrofen skuldast at det vart for stort press i folkemassane. Det var gitt tillatelse til at 10.000 kunne samlast ved Meron-fjellet. Ifølge israelske medier møtte minst 90.000 opp.

---




Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter