Nyheter

– God vilje og kjærleik er ikkje nok. Eldre med omsorgsbehov treng profesjonelle helsetenester

LANDSMØTE: KrF vil gje kontanstøtte til pårørande som tek på seg omsorgsansvar for eigne familiemedlemmer. Dette vil gje dårlegare tenester til pasientane og meir press på dei pårørande, meiner Mina Gerhardsen.

I si tale under opninga av landsmøtet i KrF, lova partileiar Kjell Ingolf Ropstad ei kontantstøtte på 7500 kroner til pårørande som tek vare på pleietrengande familiemedlemmer. Mina Gerhardsen er generalsekretær i Nasjonalforeininga for folkehelsa og har vore ei kraftfull stemme i arbeidet for å sikre betre omsorg for pasientar med demens, og for avlasting av dei pårørande. Ho seier at ho er bekymra for ei slik løysing.

— KrF peikar på at dette skal sikre omsorg og kjærleik, men for eldre og hjelpetrengande er det etter kvart slik at omsorg og kjærleik ikkje er nok. Eldre menneske med omsorgsbehov, mange av dei med demens, treng profesjonelle helsetenester.

Gerhardsen er uroleg for at ei slik løysing kan føre til at ressursar overførast frå helsevesenet til dei pårørande, og det kan bety at mange ikkje får den helsehjelpa dei treng. Ho er i tillegg redd for at ei slik ordning kan auke presset på pårørande som allereie er slitne.

— Det ingen restkapasitet å hente her. Dei pårørande i Noreg gjer ein kjempejobb og dei slit seg ut.

— Lite målretta

Gerhardsen meiner også at ei slik ordning er lite målretta for å løyse dei store behova som finst i omsorgssektoren.

— På ønskelista vår har vi avlasting av pårørande, dagtilbod, fleire fagfolk på jobb i kommunale omsorgstenester og fleire sjukeheimsplassar. Då står det å bruke så mykje på ei slik ordning fram som lite målretta.

Gerhardsen understrekar at slik ordninga er presentert frå KrF så er det mykje som framleis er uklart, men ho legg til grunn at det ikkje er ei rein gåve til dei pårørande, men ei yting som vil krevje noko tilbake. Då kjem ein ikkje forbi at det betyr at privatpersonar skal erstatte offentleg omsorg, og det vil kunne få som konsekvens at pasientane ikkje får den profesjonelle hjelpa dei treng, meiner ho.

Ropstad sa i talen sin at KrFs visjon er å gjere Noreg til det beste landet i verda å bli gamal i. Dersom du skulle gje han råd om korleis han kunne oppnå dette, kva ville det vere?

— Kommunane må få høve til å førebu seg på dei aukande omsorgsbehova som kjem framover. No leggast det ned sjukeheimsplassar mange stadar, mens vi treng å bygge opp kapasitet.

Ikkje mange nok pårørande

Ho seier at det er satsing på helsearbeidarar og teknologi som vil vere løysinga, fordi utviklinga i demografien gjer at verken frivillige eller pårørande kan løyse dette. Ifølgje framskrivingar frå SSB vil meir enn kvar femte nordmann vere over 70 år i 2060.

Når ein ventar at det skal bli så mange fleire eldre i tiåra framover, er det då mogleg å gje alle omsorg utan å legge meir ansvar på dei pårørande?

— Slik som tala er, så er det ganske enkelt ikkje nok pårørande. Vi blir fleire eldre og færre yngre. Pårørande vil då ha ansvar for eigne barn, i tillegg til fleire sett med eldre. Vi har ikkje nok folk.

Fortener ikkje dei som allereie gjer ein jobb som pårørande å bli kompensert for det?

Pårørande gjer ein kjempeinnsats, men det dei treng mest er ikkje ei pengegåve, men meir støtte og hjelp til å stå i den situasjonen dei er i. Mange er utslitne og mange blir sjuke sjølv. Vi skulle mykje heller sett at KrF prioriterte å gjere situasjonen litt lettare å bere for pårørande, enn å auke presset for enda større innsats.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter